Les dette før du melder deg på turen

Viktig reiseinformasjon

Påmelding og betaling: Kort tid etter påmelding er registrert sender TRAVELNET Fjordane Reisebyrå ut stadfesting av tinging og informasjon om pris. Samstundes sender vi ut faktura på depositum. Storleik på depositum kan variere etter storleik på turpris. På ein del kortare turar vert det ikkje krevd inn depositum.
Faktura for sluttinnbetaling vert sendt ut ca. 6 veker før avreise.

Kva som er irekna i turprisen:
Dette står spesifisert under kvar tur i turprogrammet.

Tilslutning: Opplysningar om avreisestad finn du i «Reisefakta-rubrikken» under kvar tur.
NB! Turtilskiparen dekkjer ikkje kostnader som vedkjem reise til og frå oppgjeven avreisestad.

Reiseforsikring:
Alle må ha reiseforsikring og avbodsforsikring. Ta kontakt med eige forsikringselskap.
Europeisk helsekort:  Du kan tinge Europeisk helsetrygdkort  på helsenorge.no, eller ved å ringe 800HELSE (800 43 573). Kortet er eit prov på at du er medlem i norsk folketrygd og at du dermed har same rettane til medisinsk hjelp i eit EØS-land som innbyggjarane i landet du reiser til. Personar som reiser åleine, og ikkje har nokon å dele rom med, må   betale tillegg for enkeltrom/lugar. Dersom personar som reiser åleine ynskjer å dele dobbeltrom/lugar med ein annan person, må ein gje melding om dette ved påmelding. Tilskiparen har då ikkje ansvar for eventuelle problem som måtte oppstå undervegs. Det er heller ikkje turtilskiparen si plikt å finne nokon å dele rom/lugar med.

Pass:
Sjekk i god tid før avreise om passet er gyldig (10 år frå utstedingsdato. For barn under 16 år, 5 år frå utstedingsdato.)
NB! Barn må ha eige pass. Til enkelte land må passet vere gyldig minimum 6 månadar etter utreise frå landet.
Dette vil det evt. bli informert om i god tid.

Alkohol og tobakkskvote
For å gjere det enkelt når du skal handle: last ned KvoteAppen.
Frå 1. juli 2014 vart det ei endring i toll- og avgiftsfrie kvoter:
• Viss du ikkje benyttar tobakkskvota kan du ha med deg 1,5 liter øl, rusbrus eller vin ekstra.
• Det er kun anledning til å bytte heile tobakkskvota med alkohol.
• Alkoholkvota kan ikkje bytast i tobakk.

Båtreise med nattferje:
Vi rår deg til  å pakke ein liten sekk med toalettsaker og anna du treng i ein ekstra bag. Dermed slepp du å dra på ein tung koffert ombord på båten. Det kan også verte trangt på lugarane.

Turar med andre turoperatørar: På nokre av turane i programmet samarbeider vi med andre turoperatørar.
Dette vil bli opplyst på dei turane det gjeld.

Annan informasjon, t.d. vedkomande valuta, endeleg program, avreisetider, o.l. vert utsendt etter påmelding.

Utdrag av vilkår for pakkereiser:

Reisevilkår for dei ulike turane varierar noko, men dette er eit utdrag av dei allminnelega vilkåra i samsvar med Pakkereiselova :

Reglar for avbod: Den reisande kan avbestille reisa etter følgjande reglar :
Ved avbod meir enn 42 dagar før avreise mot å betale eit administrasjonsgebyr på kr.200,- pr. pers.
Ved avbod f.o.m. 42 t.o.m. 15 dagar før avreise, vert ikkje depositum refundert.
Ved avbod f.o.m. 14 t.o.m. 4 dagar før avreise må 50% av totalprisen på reisa betalast.
Ved avbod f.o.m. 3 dagar før avreise, eller om den reisande ikkje møter ved avreise, eller manglar naudsynte papir (t.d. pass), må totalprisen for reisa betalast. Når ein eller fleire i same reisefølgje melder avbod og prisen på reisa er basert på at to eller fleire deler rom eller lugar, kan turtilskiparen krevje inn tillegg for enkeltrom/-lugar.

NB! På enkelte turar er det andre vilkår for avbod  Vilkår for den enkelte tur vert sendt ut saman med stadfesting. Det er viktig at den reisande les gjennom desse vilkåra!

– Den reisande er sjølv ansvarleg for å teikne reiseforsikring og avbodsforsikring som gjeld ved sjukdom. Sjekk før du melder deg på om du har gyldig reiseforsikring.
– Tilskiparen tek atterhald om prisendring som skuldast nye eller auka skattar og avgifter, endring i valutakursar, eller tilsvarande omstende som skiparen ikkje rår over. Likeeins naudsynte endringar i program (t.d. utflukter, hotell, reiseleiar) som må endrast av grunnar vi ikkje rår med. Det vert også teke atterhald om trykkfeil i programmet.
– Tilskiparen kan annullere turen dersom det er for få påmelde. Melding om dette skal den reisande ha seinast 20 dagar før avreise.
– Dersom den reisande ikkje kan ta hand om seg sjølv, eller er til sjenanse for dei medreisande, kan vedkomande måtte avbryte reisa undervegs og betale dei ekstrakostnader dette medfører. Turdeltakarar som er avhengig av hjelp, må ha med reisefølgje.

Fullstendige påmelding- og gjeldande reisevilkår om kva rettar og plikter som gjeld mellom den reisande og reisetilskiparen for kvar enkelt tur vert sendt ut saman med stadfesting av påmelding.