YOGA reise til Umbria i Italia, 18.-24.mai 2018

— ei sanseleg veke på klosteret Ilconvento–

  • Dato

    18.05.2018

  • Lokasjon

    Umbria

  • Avreise frå

    Oslo

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 12.900,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 1900,-

Distriktet Umbria går over i Toscana, midt i hjartet av Italia.
Eit vakkert stykke Italia med historiske landsbyar, god lokal mat
og med den rolege italienske stemninga.
Kvar einaste dag får vi nyte det lokale kjøkenet på klosteret. Dei nyttar kortreiste råvarer og er lidenskapeleg opptekne av kva som blir servert. Dette er ei veke for alle sansar.

På reisa er det 2 yoga økter kvar dag.
Yoga er ei god form for fysisk trening, men det er og ei øving i å vere til stades og å vere konsentrert.
Som ein eldgamal disiplin og filosofi, fremmer yoga tradisjonen helse, harmoni og ro,
balanse, styrke og fleksibilitet for kropp og sinn.  Pust, merksemd og avspenning er vevd ilag med fysiske øvingar.
Yoga er ei skånsam treningsform, med stor effekt på musklar, skjelett og ledd.
Yoga er ein holistisk retning, som tek med heile mennesket.
Det er ikkje fokus på enkelte muskelgrupper, men ein gjer øvingar som er bra for heile kroppen, som indre organ, fordøyelse, nervesystem, pust og sinn.
Yoga er personlig. Kva ein legg vekt på, eller har nytte av – er opp til kvar enkelt.
Menneske i alle aldrar, med ulik bakgrunn og evner vil ha glede av Yoga.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 12900,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 12.900,-
Tillegg for enkeltromKr. 1900,-

Inkludert i prisen:

  •  Flyreise Oslo  – Roma t/r*
  •  Busstransfer frå Roma til Trevi
  • 6 netter i delt dobbeltrom på Il Convento
  • Vin til enkelte måltid
  •  6 frukost, 5 lunsj og 5 middag
  •  Gunhild som yoga instruktør
  • 2 varierte yoga økter kvar dag
  • Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

NB Vi tek atterhald om eventuelle endringar i programmet.

Reisemålet Ilconvento
Vi flyr til direkte frå Oslo til Roma. Frå Roma reiser vi med buss nordover til Umbria og Ilconvento: „Italias sitt grøne hjarte“
Umbria ligger midt i Italia og er ein oase. Eit mjukt bølgjande landskap med elvar som svingar seg gjennom det grøne.

Her lever dei „det gode liv“ i små og mellomstore byar med stolte tradisjonar. Regionen andar av fred og tolmod. Kanskje ikkje tilfeldig at den heilage Frans av Assisi kom nettopp herifrå?
Vi skal bu i det gamle klosteret Abbazia di San Pietro: Ilconvento: http://www.ilconvento.org/no
Hotellet ligg ca 2,5 timar med buss frå Roma.

Gunhild Giil Desilets
«Etter bare en time med Hatha yoga i USA i 2002 blei eg ‘hekta’ på yoga. En time på matta hadde gitt meg ein så sterk lykkefølelse at eg visste på slutten av den første timen at dette var eg nødt til undervise til andre.
I 2007 utdanna eg meg til yogalærer med bakgrunn Ashtanga yoga frå Red Lotus School of Yoga i Michigan, USA.

Eg har hatt gleda av å undervise yogis i alder 0-97 år i Norge, USA og Australia. I timane mine delar eg dei mentale, emosjonelle, fysiske og spirituelle godene frå yoga og meditasjon. Yoga er alt dette for meg. Yoga er hele pakken!»

Mellom yoga samlingane nyt du eiga tid på området rundt klosteret mellom vinrankar og oliventre.

Frukost, lunsj og middag serverast kvar dag i hagen til klosterert – på langbord.
Ilconvento er valt med omhug – for at du skal få et godt opphald for kropp, sjel, sinn og sansar.
Veka i mai vil forlenge sommaren, og gje deg ny energi.
Nye erfaringar, gode samtaler, påfyll, kvile og velvære.
Frø som blir sådd og som vil spire, blomstre og bære frukter lenge etter du kjem heim.

 

 

Denne veka vil gje deg:
2 daglige yoga økter, morgon og ettermiddag, med variert trening tilpassa ulike nivå.
Det blir varierte timar med ulike former for Yoga. Gunhild  har stor kunnskap og lærdom.