Yoga på øya Korcula med Anette Røsandhaug 16.-23. september 2017

– Korcula,ei av dei vakraste øyane i Kroatia-

  • Dato

    16.09.2017

  • Lokasjon

    Korcula, Kroatia

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 11.990,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr. 1900,-

  • Tilgjengelege billettar:

    Vi fører venteliste, ta kontakt om du vil registrere deg

Vi gjentek suksessen og arrangerer ny yoga reise med Anette Røsandhaug
Ei unik reise i indre og ytre landskap
Yoga er ei god form for fysisk trening, men det er og ei øving i å vere til stades og å vere konsentrert.
Som ein eldgamal disiplin og filosofi fremmer Yoga tradisjonen helse, ro og å vere tilfreds.
Balanse, styrke og fleksibilitet for kropp og sinn. Pust, merksemd og avspenning er vevd inn ilag med fysiske øvingane.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 11.990,-

Depositum kr 2000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Tomt

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 11.990,-
Tillegg for enkeltromKr. 1900,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen- Dubrovnik t/ret
  • Skatt og avgift
  • Buss og båt transfer frå/til flyplass i Dubrovnik
  • 2 kolli innsjekka bagasje à max 20 kg.  pr prs
  • 7 netter i delt dobbeltrom på Hotel Liburna
  • 7 frukost , 7 middag
  • utflukt
  • Yoga lærar, to varierte treningsøkter kvar dag
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

NB Med atterhald om endringar i program

16.-23. september 2017

På reisa er det 2 yoga samlingar kvar dag.
Yoga er ei god form for fysisk trening, men det er og ei øving i å vere til stades og å vere konsentrert.
Som ein eldgamal disiplin og filosofi fremmer Yoga tradisjonen helse, ro og å vere tilfreds.
Balanse, styrke og fleksibilitet for kropp og sinn. Pust, merksemd og avspenning er vevd inn ilag med fysiske øvingane.
Yoga er ei skånsam treningsform, med stor effekt på musklar, skjelett og ledd.
Yoga er ei holistisk retning, som tek med heile mennesket.
Det er ikkje fokus på enkelte muskelgruppe, men ein gjer øvingar som er bra for heile kroppen. Som indre organ, fordøyelse, nervesystem, pust og sinn.
Yoga er personlig. Kva ein legg vekt på, eller har nytte av – er opp til kvar enkelt.
Menneske i alle aldrar, med ulik bakgrunn og evner vil ha glede av Yoga.
Denne veka vil gje deg:
2 daglige yoga økter, morgon og ettermiddag, med variert trening tilpassa ulike nivå.
Det blir varierte timar med ulike former for Yoga. Anette har stor kunnskap og lærdom.

Reisemålet Korcula:

Vi flyg direkte frå Bergen til Dubrovnik. Frå Dubrovnik reiser vi med buss og båt til øya Korcula.
Øya blir omtala som ei av dei ukjende perlene i verda, som mange turistar har oppdaga dei seinare åra.
Korcula blir også kalla «den grøne øya» og er den frodigaste av alle øyane i Kroatia. Her finner ein skogar av dei vakre pinjetrea, palmar, vinmarker, oliven og frukttre.
Som naboøya Hvar, er Korcula perfekt for alle som likar å ta livet med ro, nyte gode dagar på ei lita strand. Her kan ein ete god mat på ein koselig restaurant, drikke rimelig og god lokal vin, ta sykkelturar gjennom vinmarkene og olivenlundane, eller spasere langs brulagde trange gater med idylliske steinhus frå middelalderen.
Vi skal på bu på Hotel Liburna: www.korcula-hotels.com/en/hotels/hotel-liburna/overview
Hotellet ligg 1 km frå Korcula by med vakker utsikt over gamlebyen.

Anette Eide Røsandhaug

..er yoga lærar på reisa. Ho har praktisert yoga i mange år og tok si først Yogalærer sertifisering i 2012, i Hatha yoga. I 2014 tok ho nok ei lærar utdanning og blei sertifisert i Ashtanga yoga. I dag har Anette eige yoga-studio i Naustdal og i Førde.
For Anette er yoga blitt mykje meir enn trening. Det er ein livsstil som fargar tankar, haldningar og handlingar. Ho ønsker å dele sin lidenskap med fleire – og at DU og skal få finne velvære, aksept, styrke og ro ilag med ho – på yogamatta på den vakre øya Lopud.

Turen:

Mellom yoga samlingane nyt du eiga tid på vakre Korcula. Strender og klart blått hav. Eit stykke paradis!
Frukost og middag er inkludert i reisa kvar dag.
Både hotellet og øya er valt med omhug – for at du skal få et godt opphald for kropp, sjel, sinn og sansar.
Veka i september vil forlenge sommaren samt korte ned vinteren.
Nye erfaringar, gode samtaler, påfyll, kvile og velvære.
Frø som blir sådd og som vil spire, blomstre og bære frukter lenge etter du kjem heim.