Vårtur med hurtigruten MS Finnmarken, 27.april-8.mai 2018

-Den vakraste sjøreisa-

  • Dato

    27.04.2018

  • Lokasjon

    Norge

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    12 dagar

  • Pris

    Kr. 14.990.-

    Tillegg for utvendig lugar

    Tillegg for single lugar

Vi er glade for å ha fått plass til den årlege og populære vårturen med Hurtigruta også i 2018.
Vi seglar frå Bergen 27. april og får med oss våren langs kysten. Vi går mot den lyse årstida, landskapet skifter frå sør til nord, nokre stader er våren komen, og lenger nord er det gjerne litt att av vinteren.
Uansett, dette er ein tur som må opplevast, lyset, stemninga om bord, det kan ikkje skildrast godt nok. Turleiar møter i Bergen, og er med på heile reisa.
Saman med landskapet vi passerer, er det dei mange variasjonane av alt du ser og høyrer som gjer dette til ei reise utanom det vanlege. Rundturen dekkjer 2500 nautiske mil der vi får oppleve den flotte og varierte naturen langs norskekysten.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 14990.-

Depositum kr 2000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

12 er på lager

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 14 990.-
Tillegg for utvendig uspesifisert lugar, per person kr 3200.-

Inkludert i prisen:

M/S Finnmarken

  • Full rundreise Bergen- Kirkenes- Bergen
  • Del i innvendig dobbel uspesifisert lugar
  • Full pensjon om bord
  • Reiseleiar med på heile turen

Tillegg:

  • Utflukter undervegs

Dag 1, fredag 27. april

Avreise frå Bergen kl. 22.30. Vi kan gå om bord tidlegast kl. 16.00, innsjekk på lugar tidlegast kl. 18.00 Middag ombord medan vi ventar på at skipet legg frå kai. Ferda går først til Florø så over Stadthavet, og når skipet seglar forbi Vestkapp er vi på ope hav for første gong undervegs.

Fotograf: Paul Kristian Olaussen

Dag 2, laurdag 28. april

I jugendbyen Ålesund ligg skipet til kai i tre timar, og det er høve til å gå i land for dei som ynskjer det. Langs leia er vi innom Molde og Kristiansund før vi kjem til Trondheim. Her kan du vere med på ein guida tur i Nidarosdomen, (tillegg i pris)  eller utforske byen på eiga hand.

Dag 3, søndag 29. april

Turen går frå Trondheim vidare mot Rørvik. Vi passerer Kjeungskjær fyr der over 6000 holmar og skjær omkransar leia. Etter å ha segla gjennom det tronge Stokksundet, kjem vi til Rørvik, her møter vi også sørgande hurtigrute.

Dag 4, måndag 30.april

Vi kryssar  Polarsirkelen. Polarsirkelen ligg på 66gr 33min N og markere grensa til Arktis. Kanskje får du vere med på «Polarsirkeldåp» på dekk? Utpå  kvelden, etter å ha vore innom Bodø, passerer vi Vestfjorden, og den over 1000 m høge Lofotveggen kjem til syne i det fjerne. Eit mektig syn! I Stamsund kan vi bli med på utflukt til Lofotr Vikingmuseum, der Høvdingen ynskjer oss velkomen til  eit fantastisk høvdinghus, rekonstruert i full storleik. Vi seglar vidare gjennom Raftsundet og inn i Trollfjorden.

Dag 5, tysdag 1.mai

..seglar vi mot Senja, som også vert kalla «Norge i Miniatyr» før vi kjem til Tromsø. Her ligg skipet til kai i 4 timar, god til til å utforske Ishavsbyen Tromsø  og landemerke her, Ishavskatedralen, inspirert av arktisk natur og med ein flott glassmosaikk.

Dag 6, onsdag 2.mai

Vi passerer Nordkapp, 71gr.N  Europa sitt nordlegaste punkt på fastlandet. Nordkapp platået stig 307 meter opp frå  havet, og det er eit storlagent syn å sjå.
I Kjøllefjord i Finnmark, kan  vi få med oss «En smak av Lappland». Dette er ei utflukt der vi vitjar reindriftsfamilien Utsi sin sameleir oppe på fjellet. Vi får sjå reinsdyr, og kanskje prøve på lassokasting?

Dag 7, torsdag 3.mai

Vi kjem  til vendepunktet på reisa, Kirkenes, hovudstaden i Barentsregionen. Landskapet vert meir dramatisk dess nærare vi kjem byen, som berre ligg nokre få km frå den russiske grensa og dei samiske samfunna i Nord Finland.

Dag 8, fredag 4.mai

Reisa sørover byd også på mange spennande opplevingar. Vi seglar inn Lyngenfjorden på veg mot Tromsø. Her kan vi få med Midnattskonsert i Ishavskatedralen, og ei av dei klassiske utfluktene er «Ein smak av Vesterålen». Her får vi oppleve historie, vakker natur og flott sjåverde.

Dag 9, laurdag 5. mai

Dagsegling mellom Vesterålen og Lofoten er eit høgdepunkt på turen. I Lofoten kan vi gå i land og bli med på ei reise mellom Svolvær og Stamsund, ei reise gjennom kanskje i den vakraste naturen vi har i Norge.

Dag 10, søndag 6. mai

Helgelandskysten og «Himmelblåland».Denne dagen står vi tidleg opp og får med  Helgelandskysten, strekninga har utallige holmar og bratte fjell. Mytene og sagna er mange,  og kvar tind har eit lokalt sagn knytt til seg.

Dag 11, måndag 7.mai

Etter avreise frå Trondheim, seglar vi forbi  Munkholmen, Hitra og tusenvis av småøyar før vi ser Kristiansund. Herifrå er det opne havet til Molde.

Dag 12, tysdag 8.mai

I gjennom natta har vi passert Ålesund, Torvik og Måløy, og til slutt endar reisa i Bergen. Fulle av inntrykk og flotte opplevingar, og med nye reisevener takkar vi for laget, og kanskje møtast vi på andre turar. NB seinast utsjekk av lugar kl. 10.00.