Vandring på Mallorca, 19.-24. september 2017

  • Dato

    19.09.2017

  • Lokasjon

    Mallorca

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    6 dagar

  • Pris

    Kr. 14.150,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr. 1950,-

  • Tilgjengelege billettar:

    Enkeltrom på forespørsel

    Få plassar att, ta kontakt for påmelding

Mallorca kan by på meir enn strender og feriemoro for ein naturelskar med vandrelyst.
På Mallorca kan en vandre i fjella og ta ein symjetur i Middelhavet på ein og same dag.
Middelhavsøya har variert natur, fasinerande historie, pittoreske småbyar og Palma med sin rike historie. Middelhavsøya har og eit mangfaldig kulturliv.
Vi har 4 dagar med vandring. Kvar dag med nye opplevingar i eit flott landskap. Vi har overnatting på 2 forskjellige hotell ,ved ankomst og avreise på hotell i Palma, og 3 overnattingar på hotell i Soller.
Bagasjen vert frakta med bil. Vi ber med oss det vi treng for dagens tur på stiar langt unna den vanlege turistløypa. Vandringa går på fjellstiar med fantastisk utsyn mot kysten Vi går langs deler av GR-221 kalla «Dry Stone Route». Stien er vakker og godt merka. Store delar er mura opp av stein som følgjer kulturlandskapet under dei mektige Tramuntana-fjella.
Fjellkjeda Tramuntana dekker mesteparten av Mallorcas nordvestlege kyst, og fekk i 2011 Verdsarv-status av UNESCO. Her er et litt svalare klima enn på resten av øya, og det er ikkje uvanleg med snø på toppane vinterstid.
Vår og haust er den beste tida for vandring på Mallorca. Temperaturen er på 18 – 30 grader, men det kan bli kaldt om natta. Som alltid i fjellet kan det bli vind og regn. Mallorca har eit namn for kvar av dei fire vindane som bles på øya. «Tramontana» er namnet på vinden frå nord, og fjella har også fått dette namnet. Fjellkjeda beskyttar resten av øya mot dei kalde vindane frå Nord-Europa. Stiane vi går på er ofte gamle ferdslevegar . Der det er litt bratt er dei gjerne steinsette.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 14150,-

Depositum kr 2000,- per person vert fakturert kort tid etter bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel tal reisande før du trykkjer kjøp. Kjøpet vert er ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 14150,-
Tillegg for enkeltromKr. 1950,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise  Bergen- Mallorca t/ret
  • Transfer frå flyplass til start for vandringa/og retur
  • 5 netter i delt dobbeltrom på hotel eller kloster
  • Transport av bagasje alle vandredagar
  • 5 frukost
  • 5 middag
  • 4 lunsj (lunsjpakkar til kvar utfluktsdag)
  • Turleiar med på heile turen
  • Skandinavisk talande guide på vandredagane

Dag 1, tysdag 19. september

Flyreise Bergen- Palma by Mallorca.
Vi møter på Flesland i god tid, seinast 2 timar før flyavgang.
Norwegian har avreise kl. 17.00 , går via Oslo med ankomst Palma de Mallorca kl. 23.30
Etter bagasjeutlevering vert vi henta av turbuss som køyrer oss til hotell Tryp Palma Bellver der vi skal overnatte til neste dag. Det vert felles middag på hotellet.

Dag 2, onsdag 20. september

Orient – Alaro .
Turtid ca. 2,5 timar + pausar. Lengd 8 km
Etter ein god frukost på hotellet i Palma vert vi køyrde til Port de Soller. Her skal vi bu i tre netter på Apart Hotel Soller Beach (4* hotell) og det er ut frå denne byen vi starter vandringane.
Soller var ein av Mallorca sine tidlegare driftige handelsbyar. I dag lever dei hovudsakleg av eksklusiv turisme. Byen er fin og velhalden med mange galleri, museum, kafear, småbutikkar og restaurantar
Alaro-toppen reiser seg bratt opp frå slettelandet vest for Inca, sett sørfrå verkar det neste ikkje mogeleg å komme seg opp til toppen som er omgitt av bratte klippeveggar. På toppen ligg ruinane av ei gamal festning bygd på 900 talet. Seinare vart det bygd eit lite klosteranlegg , og nokre av bygningane frå den tid er framleis i bruk. Her finn ein mellom anna ein liten kafè. Mat og drikke kan ein nyte ute på terrassen, der ein har ei fantastisk utsikt sørover mot Alaro, slettelandet og Palma. Turen går på gode stiar og kjerrevegar forbi olivenlundar og gjennom furuskog. Siste delen til toppen går langs ein gamal steinsett sti.

Dag 3,torsdag 21. september

Cap de Ses Salinas – Calo des Moro
Turtid 4 timar + pausar. Totalt 11 km på sti.
Denne turen starter frå fyret på Cap de Ses Salines som er det sør-austlege punktet på Mallorca. Fyret (automatisert) er i dag forskingssenter for kyst meteorologi , flora og fauna. Fyret har flott utsikt til naturreservatet «Cabrera» – ein unik stad, som også er kjend for å vere den beste staden å dykke på Mallorca. Herifrå starter vi vår tur langs kysten med destinasjon Cala S’Almunia. Vi går for det meste flatt bortsett frå eit par stadar der vi må gå ned for å krysse ei strand eller ei tørr elv og deretter opp igjen til kyststien. Denne turen gir turgåarar høve til å vitje jomfruelege «strandperler» som Cala Marmols.
På slutten av turen går vi Cala Figuereta (steinete bukt), Cala S’Almunia og Calo des Moro. Havet og dei ulike steinete kystformasjonane er heile tida til stades i dette vakre området. På vandringa ser vi også mange kysthòler. Turen ender på den vesle staden Cala S’Almunia.

Dag 4, fredag 22.september

Cami de Sa Costera
Turtid 4 timar + pauser . Totalt 12 km
Mellom Port de Soller og Cala Sant Vicenc er kystlinja svært utilgjengeleg, og kun ved Sa Calobra og Cala Tuent går det vegar ut til kysten. I Cala Tuent er ei fin lita strand, nokre få hus og feriehus og ein restaurant. Turen føl ein gamal smuglarsti høgt over sjøen i eit vilt og aude landskap. Endepunktet er eit nedlagt småbruk på eit lite platå, der vi har ei fantastisk utsikt tilbake austover langs kysten. Ruta går på gode stiar.

Dag 5, laurdag 23. september

Cuber – Soller .
Turtid ca. 3,5 timar + pauser . Totalt 13 km Nivå -høgdeforskjell : moderat oppstigning 200 m ,nedstigning 900 m.
Vi blir henta med buss og køyrde til Cuber der vi startar vandringa.
Dette er ei klassisk vandring som først går i eit aude og majestetisk fjellandskap vestover frå Cuber-reservoaret høgt oppe i fjella. Puig Major, som er den høgaste toppen på Mallorca, ragar opp over nordsida av innsjøen. Frå L`Ofre skaret med fantastisk utsikt ned mot Soller går det bratt nedover Es Barranc kløfta på den gamle steinsette pilegrimsvegen frå Soller til Lluc. Kløfta er i seg sjølv eit imponerande skue, i tillegg har ein frå den øvre delen flott utsikt mot Soller og havet. Turen avsluttar vi i Soller. Lett gange på smal grusveg til å begynne med, deretter på gode stiar.
Cuber reserovarane er hovudvasskjelda til Mallorca. Her går vi i eit ope fjellandskap som på mange måtar kan minne om ein norsk stølsdal
På ettermiddagen blir vi henta i Soller og køyrde tilbake til Palma, der vi overnattar på hotel Tryp
Palma

Dag 6,søndag 24. september

Palma- Bergen.
Etter ein god frukost på hotellet må vi seie «farvel» til Mallorca for denne gongen, og vender heim mot Norge etter nokon opplevingsrike dagar. Vi blir henta på hotellet i god tid før avreise.
Norwegian har avgang frå Palma kl. 11.20 via Oslo og med ankomst Bergen kl. 17.15.