Vandring i Bad Gastein, med utflukt til Salzburg, 18.-25.juni 2018

  • Dato

    18.06.2018

  • Lokasjon

    Bad Gastein

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 15.100,-

Midt i Salzburgerland i Østerrike ligg Bad Gastein. Allereie i middelalderen var byen kjent for sine kurbad og varme kjelder, men framstår i dag meir som ein stad med utgangspunkt for vandring i den vakre naturen, både i høgfjellet og for kortare turar.
Etter dei gode tilbakemeldingane for turen i 2017, set vi den igjen på programmet.
I Gasteinerdalen er det ei mengde ulike vandreturar å velje mellom, frå lett vandring der turen går i nærområdet til byen, til dei lengre turane i alpeterreng.
Vi skal ha ei veke med 3 -4 dagar lett vandring som dei fleste med «friske føter» kan klare.
Vi har utflukt til Salzburg, og om veret er lageleg, dagstur med buss til fjellpasset «Grossglockner Hochalpenstrasse» og Heiligenblut.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15100,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

15 er på lager

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 15.100,-
Tillegg for enkeltromKr. 770,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Munchen  t/ret
  • Transfer Munchen- Bad Gastein t/ret
  • Flyskatt og avgift
  • 7 netter i delt dobbeltrom på Hotel Elisabethpark
  • 7 frokost, 7 middag, 4 lunsj
  • Utflukter som i program
  • 1 kolli innsjekka bagasje pr  prs  t/ret
  • Lokal guide som i program
  • Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, måndag 18.juni

Vi møter turleiar  i god tid før avreise på Flesland. Avreise med KLM kl. 06.30 via Amsterdam til Munchen, med ankomst kl. 11.00. Etter at vi har henta ut bagasje, står turbussen klar til å ta oss med til Bad Gastein. På denne turen som tek ca 3 timar, er det berre å slappe av og nyte det vakre landskapet. Undervegs vert det informasjon om opphaldet desse dagane i Bad Gastein.
Vel framme sjekkar vi inn på Hotel Elisabethpark. Det vert lunsjstogg på transferetappa.
Felles middag på hotellet.

Dag 2, tysdag 19. juni

Vi treng å tilpasse oss høgda i Bad Gastein, og starter med ein roleg vandring i nærområdet, Kaiserinn Elisabeth Promenade.
Dette er ein fin tur i flatt terreng. Frå hotellet vårt og tilbake er dette ca 10 km. Lunsj på eiga hand, og ettermiddagen til eigen disposisjon, felles middag på hotellet.

Dag 3, onsdag 20.juni

I dag skal vi våge oss ut på ein litt lengre vandretur,  men framleis i ganske lett terreng, Martin Lodinger Höhenweg.  Det er litt høgdeforskjell, men i roleg tempo går dette bra. Turstiane er fine og vi går i dalsida frå Bad Gastein til Bad Hofgastein. Vi skal nyte ein god lunsj på ein kafe i dalsida, her får vi ei storslagen utsikt over Gasteinerdalen.
Vi tek oss ned til Bad Hofgastein, her kan kvar enkelt velje om ein vil rett tilbake til hotellet, eller sjå seg rundt i  byen. Det vert rutebuss tilbake til Bad Gastein, dette tek ca 15-20 min.
Felles middag på hotellet om kvelden.

 

Dag 4,torsdag 21.juni

Salzburg står på programmet. I dag skal vi vitje Mozart sin fødeby. Vi vert henta på hotellet, turen med buss tek ca 1,5 timar. I Salzburg vert vi møtt av lokalguide som tek oss rundt i byen.
Her  finn vi den største verna borga i mellom-Europa, Hohensalzburg. Den er frå 11. århundre og  ligg  på høgda Festungsberg over byen.
Vi reknar med å bruke eit par timar på denne vandringa. Etter omvisninga vert det tid for lunsj og for å sjå seg om i Salzburg før bussen tek oss tilbake til Bad Gastein. Felles middag på hotellet

 

Dag 5, fredag 22. juni

I dag tek vi ein fridag. Her er det mange alternativ for aktivitetar på eiga hand. For dei som er glad i bad, er det eit flott badeanlegg midt i byen. Felsentherme  har  basseng inne og ute, solsenger,  treningstudio, spa-avdeling, restaurant m.m. Nokre timar med velvære her er å anbefale. For dei som vil opp i høgda, er det to alternativ med  gondolbane, desse går på kvar si side av byen med ca 10-15 min å gå til stasjonen. Dette er ein flott sjanse til å få panoramautsikt i alpelandskapet, og for vidare vandring  (NB på eiga hand).Kanskje passer det å prøve den 140m lange hengebrua som går rett frå fjellrestauranten til utsiktspunktet mot Stubnerkogel, (Stübnerkogel bahn). Vi samlast til felles middag om kvelden.

Dag 6, laurdag 23. juni

Etter frukost pakkar vi sekken og set oss i turbussen rom tek oss til Nassfeldalm eller Sportgastein som staden også er kalla. Bussturen tek ein liten time. Dalen er vid og fin der dyra går på beite, noko som vi sjølvsagt må ta hensyn til.  Vi vandrar inn i dalen og tek oss god tid til å nyte fjell lufta og den flotte naturen her. Før vi tek fatt på heimvegen  får vi servert ein nydeleg lunsj laga av lokale råvarer på kafe Valerie Haus. Middag på hotellet.

 

Dag 7, søndag 24. juni

I dag går utflukta med buss over «Grossglockner Hochalpenstrasse», dette høgfjellspartiet på 48 km som er rekna som ein av dei vakraste panoramavegane i verda.
Vi tek oss god tid og stoggar for å nyte det vakre  og storslagne alpelandskapet. Det vert tid til å kjøpe seg lunsj her. Vi kan ikkje garantere veret, men håper på strålande sol og flott utsikt! NB turen er veravhengig!
Vidare går turen til Heiligenblut. Dette er ein pittoresk liten by i med ei av dei flottaste utsiktene til Grossglockner og alpane.
Felles avslutningsmiddag på hotellet.

 

Dag 8, måndag 25. juni

Tidleg opp for å reise tilbake til Munchen. Bussavgang frå Bad Gastein kl. 05.40
Vi er framme i god til før avreise til Bergen.
Flyavgang kl. 11.50, via Amsterdam med ankomst Bergen Flesland kl. 16.50