Vandring i Andalucia - Sør Spania 15.-22. september 2018

– med vandring på El Caminito Del Rey –

  • Dato

    15.09.2018

  • Lokasjon

    Andalucia

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 15.500,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 2460,-

Sør i Spania ligg Andalucia og det er nettopp her tyrefekting og flamenco kjem frå. Ute ved kysten ligg feriebyane på rad og rekke, med shopping og strandliv. Lenger inne i landet ligg fjellkjeda på rad og rekke saman med dei kvite landsbyane. Vi skal til Antequera og Ronda som ligg vest oppe i fjella, og så avslutte med ein dag ved kysten. 4 av dei 7 dagane skal vi gå tur. Alle turane er overkommelege om du er vant til å gå tur i Noreg. Kongestien «El Caminito Del Rey» er ikkje for dei som har ekstrem høgdeskrekk, men det er ein fantastisk flott tur. Turane krever gode tur/fjellsko.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15.500,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 15.500,-
Tillegg for enkeltromKr. 2460,-

Inkludert i prisen:

  •  Fly Bergen – Malaga t/r
  • Transfer frå flyplass til hotel t/ret
  • 2 kolli innsjekka bagasje, à max 23kg
  • 7 netter i delt dobbeltrom
  • 7 frukost
  • 3 lunsj
  •  7 middag
  •  Buss og lokal turguide
  •  Utflukter som i program
  •  Turleiar frå Travelnet Fjordane

Dag 1, laurdag 15. september

Malaga – Antequera

Ankomst Malaga. Vi køyrer til Antequera, noko som tek omlag ein time. Vi sjekkar inn på Hotel Antequera før vi møtast for omvisning i byen, som har heile 32 kyrkjer. Etter omvisninga har du litt tid på eigahand før vi samlast for middag på hotellet.
 
Hotel Antequera ligg i utkanten av sentrum, men likevel med kort vei til butikkar og restaurantar. Her får vi gode rom, spa, svømmebasseng både ute og inne, og golfbane med 18 hol. Hotellet har sin eigen restaurant, Ghiottone, som har spesialisert seg på pizza og pasta. Dei serverar ein utsøkt buffet og nyttar seg av lokale produkter.

Dag 2, søndag 16. september

Vandring El Caminito Del Rey – El Chorro

Tidleg frukost på hotellet, avreise til Ardales. Ein times køyring. El Caminito Del Rey (The Kings path) er høgdepunktet på turen. Stien vart bygd tidleg på 1900-talet og etter at Spanskekongen besøkte anlegget i 1921 vart den kalla Kongens vei. Frå parkeringa går vi 30 minutt fram til der El Caminito Del Rey startar. Det er ein flott sti med flott natur. Stien er 2,7 km lang og ein startar øvst og går nedover. Alle går same vei, slik at det aldri blir trongt med møtande folk i mot. I midten av turen går stien på landjorda og du går gjennom vakker natur. På slutten av turen må ein over ei hengebru som kan ta pusten frå dei fleste. Når ein kjem ned til El Chorro ventar bussen. Hugs drikke og niste/lunsj.

Tilbake på hotellet rekk du å ta ein symjetur i bassenget før vi møtast for middag på hotellet.

Dag 3, måndag 17. september

Vandring i El Torcal, Antequera

I dag skal vi på vandring i El Torcal, som er eit fasinerande fjellområde, nesten som eit månelandskap bygd av store legoklossar. Dette er ein fin fjelltur på eit par timar. Det er fleire løyper å gå, uansett er det ikkje noko lang tur. Der er litt ulendt men ikkje mange høgdemeter. Det er mogeleg å kjøpe seg ein kopp kaffe og noko å ete i informasjonsbygget om ein treng det. Fjellet ligg ved Antequera, transporten denne dagen blir ikkje særleg lang.

Etter vandringa blir det tid på eigahand i Antequera, og vi avsluttar dagen med felles middag på hotellet.

Dag 4, tysdag 18. september

Antequera –  Ronda

Vi et frukost og sjekkar ut før vi køyrer til Ronda. Vi køyrer via Ardales og El Burgo og det vert fleire korte stopp på turen for å nyte utsikta. Her er det høge fjell og tronge dalar. Innsjekk på hotell Polo.

I Ronda har vi felles lunsj på den tradisjonelle restauranten Pedro Romero.  Ronda er kjend for kløfta «El Tajo»,  som deler byen i to der brua Puente Nueve bind dei to bydelane saman. På den eine sida finn du gamlebyen og på andre sida er det shopping og restaurantar som står i fokus. Her finn du også Spania sin eldste tyrefekterarena som vart bygd i 1785.

Hotel Polo ligg i det nye sentrum av Ronda, like ved torget «Plaza de Toros de Ronda». Hotellet har enkle rom med balkong. Hotellet har òg ein kafe, bibliotek og ein liten hage.

Her blir det tid på eigahand før vi møtast på kvelden til felles middag på hotellet.

Dag 5, onsdag 19. september

Vandring i Grazalema Nasjonalpark

Etter frukost køyrer vi til Grazalema der vi tek ein stopp. Byen ligg på 830 moh og er ein av dei vakraste av dei kvite byane i Andalucia. Ein liten sightseeing før vi et felles lunsj.

Etter lunsj tek vi turen opp i Nasjonalparken der det blir ei vandring på 4-5 timar. Her er det høge fjell og tronge dalar og ei makalaus utsikt i alle retningar. Hugs å ta med nok drikke og noko å bite i. Vi er tilbake i Ronda sein ettermiddag.

Dag 6, torsdag 20. september

Vandring i Istan

Etter frukost og utsjekk køyrer bussen til Istan. Istan ligg 15 km frå kysten og høgt til fjells, ca 500 meter over havet. Her er det utgangspunkt for mange flotte fjellturar. Ta med niste og nok drikke.

Vi køyrer deretter til Torremolinos der vi skal bu dei to siste nettene. Torremolinos vart allereie på 50-talet kjend som populær feriestad.  Her ligg hotella på rad og rekke langs den flotte stranda, og her kryr det av restaurantar og butikkar. Hotel Melia Costa del Sol ligg rett på stranda, og har i tillegg eit godt bassengområde. Her blir det godt å kvile etter nokre dagar med vandring. Vi avsluttar dagen med felles middag på hotellet.

Dag 7, fredag 21. september

 Torremolinos

Vi avsluttar veka med ein dag på stranda, eller på shopping. Her kan ein vandre gatelangs i mange timar, eller berre sette seg på ein fortauskafe og sjå på folka som går forbi. Lunsj på eigahand.

Felles avslutningsmiddag og om du ynskjer det kan du gå på flamencoshow.

Dag 8, laurdag 22. september

Heimreise

Tidleg avreise frå hotellet. Flyet  har avgang frå Malaga kl. 10.50 og landar i Bergen kl. 14.40