Treningsreise til Palma de Mallorca med Yngvar Andersen, 23.-30. september 2018

  • Dato

    23.09.2018

  • Lokasjon

    Palma de Mallorca

  • Avreise frå

    Oslo

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 15.990,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 2550,-

Hovedfokus for turen er trening!
Yngvar Andersen har trening som passar like godt for mann som for kvinne.
Ein konkurrerar til ei kvar tid berre mot seg sjølv. Målet er å bli ei sterkare, raskare, og ei betre utgåve av seg sjølv.
I tillegg får vi med nyttig reiskap til vidare trening heime. Gode råd, tilpassa kvar enkelt.
Det er også tid til å utforske Mallorca.
Vi skal ete lokal mat, smake på lokal drikke, og reise på felles tur.

Fleire og fleire ynskjer ein aktiv ferie der ein kombinerer reise, opplevingar og sosialt samvær med aktivitet.
På vår reise har vi trening kvar dag. Mellom øktene er det tid til soling og bading, og utforske nærområdet på eigahand.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15990,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 15.990,-
Tillegg for enkeltromKr. 2550,-

Inkludert i prisen:

  •  Flyreise Oslo – Palma t/r
  •  7 netter i delt dobbeltrom på  Maritim Galatzo Hotel
  •  Buss transfer flyplass – hotell t/r.
  •  Utflukt
  •  7 frukostar, 6 middagar
  •  Trening med Yngvar Andersen
  • NB  Vi tek atterhald om eventuelle endringar i programmet
  •  NB Vi rår til at du ventar med å kjøpe flybillettar frå heimstaden til Oslo.
    For meir informasjon/påmelding ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå på
    mail: fjordane@travelnet.no, telefon 57 72 50 70.

Palma de Mallorca
Den spanske øya lokkar med vakre strender, deilig tapas og solrike dagar. Legg til trening med Yngvar Andersen – og du har den ultimate ferien!
Vi bur på fantastiske Maritim Galatzo Hotel, ved Costa de la Calma. Frå hotellet er det flott utsikt over Middelhavet. Området i og rundt hotellet er perfekt for trening. På hotellet er det eit flott spa område og eige treningsrom. Romma er moderne og delikate. Hotellet ligg ca. 30 minutt frå flyplassen, 15 km frå Palma sentrum og berre 5 km frå Magaluf og Palma nova. Frå hotellet til stranda i Paguera er det 2 km – ca. 20 minutt gåavstand. Fine stiar å gå og springe på. Mellom treningsøktene nyt du eiga tid på denne vakre øya. Strender og blått hav, fjell og sjarmerande landsbyar.

Maritim Galatzo Hotel: http://www.galatzohotel.com

Vi bur på fantastiske Maritim Galatzo Hotel, ved Costa de la Calma. Frå hotellet er det flott utsikt over Middelhavet. Området i og rundt hotellet er perfekt for trening. På hotellet er det eit flott spa område og eige treningsrom.
Frukost og middag er inkludert kvar dag.

Treningsmål
I løpet av ei veke med intensiv trening skal du kjenne deg sterkare og i betre form  enn då du reiste. Og ikkje minst – hente ny energi.
Yngvar viser oss smarte måtar å trene på. Han finn gode treningsalternativ som ein kan bruke i nærmiljøet og for trening utandørs.
Ein treng ikkje eit treningssenter for å kunne trene godt. Det vi har rundt oss av natur er ofte vel så gode treningsarena.

Målet for veka
Trening står i fokus både morgon og ettermiddag. Det er ei treningsøkt før frukost og igjen på ettermiddagen. I all hovudsak er alle treningane utandørs.
Mellom treningsøktene kan ein bruke dagen til fri disposisjon. Til dømes ved bassenget i hagen eller ved havet. Det er sosialt samvær med nye og gamle treningsvener. Både frukost og middag har vi i fellesskap. Lunsj blir på eigahand. Kanskje på stranda?
Utflukter på eigahand er det både tid og rom for. I løpet av veka har vi ei felles utflukt.