Treningsreise med Spenst til Dubrovnik, 5.-12. mai 2018

  • Dato

    05.05.2018

  • Lokasjon

    Dubrovnik

  • Avreise frå

    Oslo

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 11950,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr. 3300,-

Perfekt start på våren!
Få ny energi, kom i form til sommaren – eller ta vare på den forma du alt har. På treningsreise med Spenst til Dubrovnik møter du andre treningsglade folk, du får gode treningsråd frå dyktige instruktørar og ei veke med variert trening i godt klima. Ein kick start på sommaren 2018!

Tema for treningsturen er målretta, morosam og variert trening med instruktørar frå Spenst. Det blir felles trening to gangar om dagen, felles måltid og sosialt samvær med nye treningsvener. Hotellet ligg like utanfor Dubrovnik med utsikt over Adriaterhavet. Her ser vi sola stå opp og gå ned i havet. Hotell Lacroma er den ideell basen for ein sporty ferie. På hotellet har du tilgang til Dubrovnik sitt kanskje beste Spa anlegg. Ein kan velje mellom eit stort utval behandlingar. Massasje er godt for såre musklar etter treningsøktene.
Gled deg til fellesskap, aktivitet og ny motivasjon denne veka og få ein forsmak på vår og sommar.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 11950,-

Depositum kr 2000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 11.950,-
Tillegg for enkeltromKr. 3300,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise t/r Oslo-Dubrovnik, inkl. alle skattar og avg.
  •  7 netter i delt dobbelt rom på Hotel Lacroma
  •  Frukost og middag alle dagar
  •  Transfer til og frå flyplassen
  •  Treningsinstruktør og reiseleiar

Reisefakta:

  • Avreise frå Oslo laurdag 5. mai kl. 06.00 med Norwegian framkomst Dubrovnik kl. 08.55
  • Retur frå Dubrovnik laurdag 12. mai kl. 09.35 med Norwegian framkomst Oslo kl. 12.35

Trening
Utdanna instruktørar frå Spenst er treningsansvarleg på turen.
Det blir to økter kvar dag med variert trening. Det blir både kondisjon- og styrke-trening. I tillegg får ein prøve yoga som uttøying.
Så sant været tillèt det blir alle treningsøktene utandørs.
I tillegg skal vi bruke området rundt til fjelltur til Srd og padling til øya Locrum – for dei som ønsker. Dette er turen for deg som er gald i å trene og ønskjer å prøve ulike treningsalternativ ilag med andre treningsentusiastar. Ein aktiv ferie kombinert med sol og bad.

Spa

Hotel Lacroma har eit vakkert Spa anlegg der du kan få det du måtte ønskje av  behandlingar,  tilpassa dine ønskjer og behov – alt til hyggelege prisar.

Hotellet har felles Spa-området med innan- og utandørs-basseng kan vi som gjester av hotellet nytte fritt. I tillegg til trening har vi god tid til å slappe av og nyte livet.

Dubrovnik er eit vakkert reisemål

Dubrovnik er Kroatia sin mest kjende by og sjarmerer gjestene sine med den flotte bymuren frå middelalderen, krystallklart hav, tronge smug og vakre torg med kafear og restaurantar.

Dubrovnik,  også kalla Adriaterhavets perle, står oppført på UNESCO si verdsarvliste. Byen blir rekna som ein av dei vakraste og best ivaretekne byane i Middelhavs-området.

Gamlebyen er fantastisk vakker – omslutta av bymuren, med marmorgater og lave steinhus i matchande fargar og storslagne palass.