Tokt med Galeasen Loyal til Fair Isle og Shetland 25.juli 2017

  • Dato

    25.07.2017

  • Lokasjon

    Shetland

  • Avreise frå

    Hjellestad/Bergen

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 10.450,-

  • Tillegg per person i lugar

    1200,-

  • Tilgjengelege billettar:

    Fullteikna

    Tek imot venteliste

Saksa frå www.loyal.no:

Historien Galeasen Loyal AS
LOYAL ble bygd som galeas i Rosendal i Hardanger i 1877 av Knut Johannessen Nes eller ”Gjøra-Knuten” som han ble kalt på folkemunne. Dette er samme mann som gjorde Hardangerjakten verdenskjent fordi han også bygde GJØA som Roald Amundsen tok gjennom nordvest passasjen.
Loyal ble bygget for å frakte inntil 900 tønner sild og var beregnet for å kunne seile på de store hav. I dag vet vi en god del om hennes ramsalte historie. En del er kommet frem gjennom muntlige kilder og en del er dokumentert i diverse bøker og skipsjournaler. Det mest verdifulle (unike) har vi i loggbøker fra 1887 – 1922.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 10.450,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Tomt

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 10450,-
Tillegg for lugar, per personKr. 1200,-

Inkludert i prisen:

  • Hjellestad- Fair Isle-Lerwick- Hjellestad
  • 6 netter i banja (8 køyers rom)
  • Kost og losji ombord på Loyal
  • Transfer( traktor) på Fair Isle
  • Transferbuss som skissert i program på Shetland
  • Ferjebillettar som skissert i program på Shetland
  • Inngangsbillettar i samsvar med program
  • Kjentmannog turleiar  Dag Lindebjerg, som skisseret i program

Dag 1, tysdag 25. juli

Hjellestad/Bergen – Fair Isle
Avreise frå Hjellestad/Bergen kl. 10.00. Turen går vestover og vi vil bruke ca. eit døgn på turen over til Fair Isle. Lunsj og felles middag ombord på Loyal.

Foto: Dag Lindebjerg

Dag 2, onsdag 26. juli

Fair Isle
Ved ankomst Fair Isle starta vi utforsking av øya. Dette vil skje til fots og med traktor. Fair Isle er ca. 5,6 km2 og har ca. 60 fastbuande. Øya er 4,8 km lang og 2,4 km brei på det breiaste og ligg langt ute i havet mellom Shetland og Orknøyane. Vi skal bruke to dagar til å bli godt kjent med øya og få eit innblikk i kvardagen til nokre av dei som bur her. Tradisjonelt har landbruk og fisking vore det flest lever av, men kvardagen til folk er meir samansett enn dette. I løpet av året er det eksempelvis mange som vitjar øya. Særskilt grunna det rike fuglelivet, men også grunna det verdskjende «Fair Isle knitting», eit verdas mest kjende strikkemønster. Både handverk og turisme er derfor for mange ein del av dagen. Det seiast at som arbeidsfør på Fair Isle er det vanleg med tre-fire jobbar. Lunsj og felles middag ombord på Loyal.

Foto: Dag Lindebjerg

Dag 3, torsdag 27. juli

Fair Isle
Vi skal også i dag bruke dagen på å bli kjent med øya. Lunsj og om kvelden avsluttar vi med grillfest på stranda.

Dag 4, fredag 28. juli

Fair Isle – Shetland
I dag tek vi farvel med Fair Isle og seglar over til Shetland og Lerwick. Ankomst Lerwick ca. kl. 12.00 – 14.00. Ettermiddagen brukar vi i Lerwick, vi vil vitje Fort Charlotte og rådhuset.
Lunsj og felles middag ombord på Loyal.

Foto: lånt av Dag Lindebjerg

Dag 5, laurdag 29.juli

Rundtur nordover på Shetland
Denne dagen reiser vi nordover til øya Unst og byen Haraldsvik, avreise frå hamna kl. 08.15. Harald Hårfagre kom seglande inn hit år 875 og Haraldsvik vart den fyrste staden i Storbritania som vart erobra av ein norsk konge. Vi skal vitje Vikingsenteret og museet i Haraldsvik, i tillegg til Vallhall Bryggeri, eit bryggeri som driv etter dei gamle viking-tradisjonane når det gjelder ølbrygging. Vi skal også ein tur «til fjells» dersom veret tillet det. Det vil bli felles lunsj undervegs og på veg heim får vi servert verdas beste «Fish’n Chips». Det vert også ein stogg på Lunna House, som var basen til Shetlandsgjengen med Leif Larsen i spissen.
Felles middag ombord på Loyal.

Foto: Dag Lindebjerg

Dag 6, søndag 30.juli

Formiddagsutflukt før heimreise
Etter frukost reiser vi på ein liten tur over til Scalloway – kyststaden som etter kvart vart ny base for Shetlandsgjengen. Tilbake i Lerwick tek Dag Lindebjerg farvel med gruppa og turen går heimover. Lunsj og felles middag ombord på Loyal.

Foto Marianne Ryssdal Sæter

Dag 7, måndag 31. juli

Ankomst Hjellestad
Med på turen heim er mannskapet på Loyal.