På tokt med Galeasen Loyal til Fair Isle og Shetland, 17.-23.juni 2018

– Med Dag Lindebjerg-

  • Dato

    17.06.2018

  • Lokasjon

    Fair Isle

  • Avreise frå

    Bergen/Hjellestad

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 11.450,-

  • Tillegg pr person i lugar

    Kr 1200,-

På nytt vil vi invitere dykk med på ei tokt med Galeasen Loyal.
LOYAL vart i hovudsak bygd med tanke på fiskehandel ved Island og Nordland, der veret kunne setje store krav til skutene. Det var mange av jektene som havarerte, og galeasane tok meir over då dei var større og meir sjødyktige
LOYAL vart bygd då folk frå Haugesundarane starta med fraktfart på dei store hav. Etter at den store depresjonen i skipsfarten kom, vart det for mange slutt på skipsfart, men LOYAL «overlevde», og har sidan 1881 vore innom ei rekkje hamner i Europa. Ho vart mellom anna  brukt til å frakte sild frå Island, klippfisk til Chile, og har vore i New York  med kopar til Frihetsgudinna.
Første motor vart sett inn i 1932, men hadde segl til 1950åra.
I 1974 vart skuta kjøpt av John Hausberg, som saman med sonen restaurerte den tilbake til seglskute.
Loyal går no i komersiell fart, og intensjonen er å ivareta og vidareformidle sjøfartstradisjonane på ein levande måte
Det er no Stein Arve Olsen som eig Loyal er i dag , heimehøyrande i Florø.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 11450,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 11.450,-
Tillegg per person i lugarKr. 1200,-

Inkludert i prisen:

Irekna i turpris:

  • Hjellestad – Fair Isle – Lerwick – Hjellestad
  • 6 netter i Banja
  • kost og losji om bord på Loyal
  • Transfer (traktor) på Fair Isle
  • Transfer buss som skissert i programmet på Shetland
  • Ferjebillettar som skissert i program på Shetland
  • Inngangsbillettar i samsvar med program
  • Kjentmann Dag Lindebjerg, som skissert i programmet

Dag 1,søndag 17.juni

Hjellestad/Bergen – Fair Isle
Avreise frå Hjellestad/Bergen kl. 10.00. Turen går vestover og vi vil bruke ca. eit døgn på turen over til Fair Isle. Lunsj og felles middag ombord på Loyal.

Dag 2, måndag 18.juni

Fair Isle

Ved ankomst Fair Isle startar vi utforsking av øya. Dette vil skje til fots og med traktor. Fair Isle er ca. 5,6 km2 og har ca. 60 fastbuande. Øya er 4,8 km lang og 2,4 km brei på det breiaste, og ligg langt ute i havet mellom Shetland og Orknøyane. Vi skal bruke to dagar til å bli godt kjent med øya, og få eit innblikk i kvardagen til nokre av dei som bur her. Tradisjonelt har landbruk og fisking vore det flest lever av, men kvardagen til folk er meir samansett enn dette. I løpet av året er det til dømes mange som vitjar øya. Særskilt grunna det rike fuglelivet, men også grunna det verdskjende «Fair Isle knitting», eit av verdas mest kjende strikkemønster. Både handverk og turisme er derfor for mange ein del av arbeidsdagen. Det seiast at som arbeidsfør på Fair Isle er det vanleg med tre-fire jobbar. Lunsj og felles middag ombord på Loyal.

Dag 3, tysdag 19.juni

Fair Isle

Vi skal også i dag bruke dagen på å bli kjent med øya. Felles lunsj, og om kvelden avsluttar vi med grillfest på stranda.

Dag 4, onsdag 20.juni

Fair Isle – Shetland            

I dag tek vi farvel med Fair Isle og seglar over til Shetland og Lerwick. Ankomst Lerwick ca. kl. 12.00 – 14.00. Ettermiddagen brukar vi i Lerwick, vi vil vitje Fort Charlotte og rådhuset.
Lunsj og felles middag ombord på Loyal.

Dag 5, torsdag 21.juni

Rundtur nordover på Shetland

Denne dagen reiser vi nordover til øya Unst og byen Haraldsvik, avreise frå hamna kl. 08.15. Harald Hårfagre kom seglande inn hit år 875 og Haraldsvik vart den fyrste staden i Storbritania som vart erobra av ein norsk konge. Vi skal vitje Vikingsenteret og museet i Haraldsvik.
Vi skal også ein tur «til fjells» dersom veret tillet det. Det vil bli felles lunsj undervegs, og på veg heim får vi servert verdas beste «Fish’n Chips».  Det vert også ein stogg på Lunna House, som var basen til Shetlandsgjengen med Leif Larsen i spissen.
Felles middag ombord på Loyal.

Dag 6, fredag 22.juni

Formiddagsutflukt før heimreise

Etter frukost reiser vi på ein liten tur over til Scalloway – kyststaden som etter kvart vart ny base for Shetlandsgjengen. Lunsj ombord på Loyal.

Dag 7, laurdag 23.juni

Heimkomst til Bergen og Hjellestad kai.