Sør-Afrika 13.-26. oktober 2018 med turleiar Leon Haugsbø

  • Dato

    13.10.2018

  • Lokasjon

    Sør Afrika

  • Avreise frå

    Oslo/ Bergen

  • Lengd

    14 dagar

  • Pris

    Ca 30.000,- med atterhald til vi får avklara flyprisen.

    Ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå for meir informasjon.

Både kulturelt og naturmessig er Sør-Afrika eit av dei mest varierte og vakraste landa i verda, vert det sagt. No har du sjansen til å kunne avgjere sjølv om det er sant. Bli med på ei opplevingsreise til Sør-Afrika!  Første turen i 2018 med utreise 1. oktober er allereide fullteikna.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris ca. 30.000,- med atterhald til vi får avklara flyprisen.

Depositum kr 3000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

Turpris med atterhald, til vi får avklara flyprisen.ca kr 30.000,-

Inkludert i prisen:

  • Alle billettar og reiser er inkludert
  • Alle måltid er inkludert. Nokre av middagane vil vere på hotellet så vi slepp ut att etter ein lang dag i aktivitet.
  • Tips til guide og sjåfør er inkludert. Tips for stell av romma, må kvar ta ansvar for.
  • Vi treng ingen ekstra vaksinasjon for Sør-Afrika sidan vi ikkje skal innom malariaområde.

Johannesburg og Pretoria

Vi reiser med fly frå Bergen/Oslo til Johannesburg der vi kjem om morgonen neste dag.

Johannesburg, ein av dei største og mest kulturopne byane i Afrika, ein kulturmiks av dei sjeldne. Her er ei mengd med museum, historiske plassar, ultramoderne skyskraparar og andre sjåverdige stader. Vilakazi Street i Soweto, einaste gata der to Nobelprisvinnarar har budd, er den største turistattraksjonen. Lunsjen vår denne dagen blir i dette området,. Det blir ikkje vanskeleg å fylle dagen med store og gode opplevingar i denne byen saman med ein rundtur i nabobyen Pretoria.

1 overnatting i Johannesburg på hotell Courtyard Sandton

Kruger-Nasjonalpark

Vi køyrer med buss frå Johannesburg til Krugerparken. Denne turen går gjennom eit flott naturområde som gjer at bussturen blir meir enn ein transportetappe.

Opplevinga mellom ville dyr i Krugerparken er vanskeleg å skildre. Den må opplevast. Målet er å kunne sjå dei fem store (The Big Five): elefant, løve, leopard, nasehorn og bøffel. 2 overnattingar på Protea Hotel by Marriott Kruger Gate  

Mossel Bay

Vi tek fly frå Johannesburg til Mossel Bay som ligg midt mellom Port Elizabeth og Cape Town. Ein by på om lag 60.000 innbyggarar. Mossel Bay har ei kulturhistorie som strekkjer seg fleire titusen år tilbake i tid. Denne byen blir utgangspunktet for dagsturar i området.

Her i Mossel Bay finn vi verdas eldste kjende busetnad, The Point of Human Origin. Her budde menneske for 164.000 år sidan. Dei hadde kunnskap om å lage våpen og reiskapar og dei kontrollerte elden.

Seinare, i 1488, kom den første europearen hit. Det var nettopp her portugisaren Bartolomeus Diaz som den første kvite mannen, sette sine bein på Sør-Afrikansk jord på då han søkte etter sjøvegen til India.

I førre århundre låg det ein norsk kvalstasjon her, så området har ei rik historie.

Vi har 2 overnattingar på  Diaz Beach Hotel.

Cape Town

Turen vestover frå Mossel Bay går med buss langs The Garden Route til Cape Town. Her skal vi vere i 5 netter på hotell Protea Hotel by Marriott Cape Town Sea Point. Det ligg sentralt og fint til for daglege utflukter i byen og området.

  • Fjellet over byen, Table Mountain 1085 m oh, er ein attraksjon. Vi tek heis opp. Er det godt ver, kan ein del av oss gå ned att til byen.
  • Dagstur til Robben Island der Nelson Mandela sat fange i 27 år, er obligatorisk. Vi må i båt for å komme til fangeleiren.
  • Afrikansk kyrkje der vi deltek i ei verkeleg afrikansk gudsteneste
  • Waterfront, eit stort hamneområde som er gjort om til restaurantar, handelssenter og spaserområde. Som Aker Brygge, berre mykje større.
  • Kapp det gode håp
  • + mange andre opplevingar i byen og nærområdet