Sommartur med hurtigruta MS Midnatsol 29.juni-5.juli 2018

– i midnattsola sitt rike-

  • Dato

    29.06.2018

  • Lokasjon

    Norge

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 21.500.-

    Tillegg for utvendig lugar

    Tillegg for single lugar

Sommar og midnattsol! Dette er noko alle drøymer om.
Varme dagar på soldekk, og sola som skin heile natta! Det er mest uråd å krype til køys.
Maten om bord er kortreist, og levert av lokale leverandører langs kysten, ein seglas gjennom eit fantastisk matfat!
På 1250 nautiske mil er naturopplevelsane mange og varierte, 34 hamner, nokre byar og nokre kun små bygder. Undervegs er det ei mengde utflukter å velge mellom.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 21500,-

Depositum kr 2000.-  per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

16 er på lager

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 21.500,-
Tillegg for utvendig lugar øvre dekk, per personKr. 9100,-
Tillegg for utvendig lugar midtre dekk, per personKr. 3600,-

Inkludert i prisen:

  • Reise med MS Midnatsol Bergen Kirkenes
  • 7 netter delt innvendig uspesifisert dobbel lugar
  • Full pensjon om bord, frå middag dag 1 til frukost dag 7
  • Transport Kirkenes kai til flyplass Kirkenes
  • Flyreise Kirkenes- Oslo – Bergen med SAS
  • Skatt og avgift
  • 1 kolli innsjekka bagasje på flyreise
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1,fredag 29. juni

Avreise frå Bergen kl. 20.00. Medan vi et middag seglar skipet ut leia, og vi kan nyte skjergarden langs kysten nordover. Vi passerer Florø og Måløy om natta og er tidleg neste dag i Ålesund

Dag 2, laurdag 30.juni

Frokosten er dekka, og i ro og mak kan den nytast medan skipet seglar vidare til Geiranger.
Det er også muleg å ta dagen i Ålesund, og gå om bord når MS Midatsol kjem tilbake til Ålesund.
Ny avgang nordover frå Ålesund er kl.19.00. I Molde helsar vi på  sørgåande skip.

Dag 3, søndag 1.juli

I dag  er vi komne til Trondheim, og vi legg til kai kl. 08.30. Her kan ein bli med på organisert utflukt i Trondheim, Nidarosdomen, eller kanskje Ringve Museum? Nokre vil berre nyte timane om bord. Ferda går vidare kl. 12.00.  Vi passerer mellom anna Kjeungskjær fyr der over 6000 holmar og skjær omkransar leia

Dag 4, måndag 2.juli

I den lyse sommarnatta seglar vi den vakre Helgelandskysten. Vi passerer mellom anna «de syv søstre» fjellkjeda som ligg på øya Alsten i Alstadhaug. Det seiast at det var diktarpresten Petter Dass om gav namnet til denne fjellkjeda. Litt lenger nord passerer vi Polarsirkelen, kanskje i midnattsol?Vi kjem til Bodø ved lunsjtid, kl. 12.30, kanskje kan ein ribtur til Saltstrumen freiste? Dette er ei populær utflukt! Vi fortset reisa vidare over Vestfjorden, og medan vi seglar mot Stamsund ser vi den mektige Lofotveggen. Kort stogg i Stamsund før neste anløp som er Svolvær. Her legg vi til kai kl. 21.00, og opphaldet er på ein time, avgang igjen kl. 22.00. Så er det ny nattsegling vidare nordovergjennom Vesterålen.

Dag 5, tysdag 3. juli

I dag kan dei som er tidleg  oppe  nyte frokosten ved kai i Harstad. Vi seglar herifrå kl. 07.45, vidare til Tromsø, «Nordens Paris». Det vert god tid til å utforske byen, då skipet ligg her i vel 3 timar. Kanskje kan det freiste med kajakkpadling, her har du sjansen til å kome tett på dyrelivet i havet.

Dag 6, onsdag 4.juli

Natta går medan vi passerer Øksfjord og Hammerfest, og vi legg til kai i Honningsvåg ved lunsjtid. For dei som ynskjer å oppleve Nordkapp platået, er dette dagen, dette er ei av utfluktene ein kan vere med på herifrå.

Dag 7, torsdag 5.juli

Etter ei veke med naturopplevingar der landskapet blir meir dramatisk etter som vi nærmar oss Kirkenes, kan vi nyte utsikta frå dekk eller panoramasalongen medan vi seglar inn mot den siste hamna på denne seglasen.
Skipet legg til kai kl. 09.00. Utsjekk frå lugar seinast kl. 08.00
På kaia vert vi henta av transferbuss som tek oss til flyplassen. Flyavreise kl. 11.50 via Oslo med ankomst Bergen kl. 15.35.