Seinsommardagar på Bornholm 15.- 21. august 2017

7 dagars tur med reiseleiar Anne Henden

  • Dato

    15.aug.2017

  • Lokasjon

    Bornholm

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 13.500,-

  • Tilgjengelege billettar:

    Vil du bli med til Bornholm,

    ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå.

    Plasser forespørsel/venteliste

Bli med til Bornholm, denne idylliske øya i Østersjøen, midt mellom Sverige og Polen

Takka vere denne plasseringa har Bornholm mange solskinstimar, og det spesielle lyset har lokka mange kunstnarar til øya.

Ofte blir det sagt at Bornholm er heile Danmark i eit nøtteskal. Naturen her er mangfoldig. Her er det grønt og frodig, her finn vi klipper ut mot havet og store områder med skog, og på sydkysten ligg den flotte sandstranda, Dueodde.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 13.500,- per person

Depositum kr 1500,- per person vert fakturert kort tid etter bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Tomt

Vel tal reisande før du trykkjer «Legg i korga». Bestillinga vert ikkje gjennomført før du vel «Gå til kassa» på neste sida. 

Prisar

TurprisKr. 13.500,-
Tillegg for enkeltromKr. 1700,-
Tillegg for single lugarKr. 350,-
Utvendig lugar på forespørsel

Eventuelle tilleggsbestillingar legg du til når du har lagt til turen i handlekorga.

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Firda Billag
  • Ferjebillettar
  • 6 netter i delt dobbeltrom/innvendig dobbel lugar
  • 3 lunsj
  • 6 middag
  • Utflukter iflg. program
  • Lokalguide iflg. program
  • Reiseleiar

Dag 1,måndag 15.august 2017

Vi startar tidleg på dag, bussturen i dag går over Hemsedal mot Hønefoss, Asker, Sandvika, Oslo og vidare til Sarpsborg.

Her vert det overnatting på Quality Hotel og Resort til neste dag. Undervegs har vi ein god lunsj stogg, og ein kortare stogg for å strekkje på beina og kanskje ta ein kaffi?

Etter innsjekk vert det felles  middag på hotellet.

Lorem Ipsum er rett og slett dummytekst fra og for trykkeindustrien. Lorem Ipsum har vært bransjens standard for dummytekst helt siden 1500-tallet, da en ukjent boktrykker stokket en mengde bokstaver for å lage et prøveeksemplar av en bok.

Dag 2, onsdag 16. august

Etter frukost tek vi fatt på neste etappe. På gode vegar køyrer vi vidare til  Ystad, der Bornholmerfergen tek oss med til Rønne. Fergeturen tek 1time 20min.

Vel framme i Rønne finn vi hotellet vårt, Griffen Spa Hotel som ligg i utkanten av byen.

Vi får sjekka inn på romma før felles middag på hotellet.

I dag ca 530km.

Dag 3, torsdag 17. august

Med lokal guide, skal vi i dag skal vi utforske Bornholm. På denne heildagsutflukta starter vi med Nord Bornholm. Turen går frå Rønne via Hasle til middelalderfestninga Hammershus. Guiden tek oss med inn i ei spennande historie om denne festninga. Turen går vidare til dei einaste klippene i Danmark, Helligdomsklippene, og kanskje vert det tid til ein kort stogg her for å ta i augesyn den spesielle naturen. Vi skal vidare til Gudhjem. Her vert det besøk på Gudhjem Røgeri der vi har dagens lunsj, fiskebuffè.

Gudhjem er kjent som «Gud`s hjem», og vi kan ikkje reise utanom denne byen når ein er på Bornholm. I dag er Gudhjem eit populært reisemål for turistar som er fascinert over dei bratte, måleriske gatene, det vide utsynet og den venlege atmosfæra.

Vi gjev oss litt tid her til å nyte dei trange gatene og bindingsverkhusa i byen.

Tilbake på hotellet vert det felles middag om kvelden.

Dag 4, fredag 18. august

Vi skal sjå meir av denne flotte øya. Lokalguide blir med oss til nye stader med nye opplevingar, og i dag går turen på den sørlegare og austlege delen av øya. Vi startar med å køyre til Svaneke, byen som er kåra til Danmark sin finaste handlestad. Bygningskultur i Danmark stod for denne konkuransen, med fokus på dei historiske kvalitetane i bykjerna. Tidlegare har også byen fått Europeisk Gullmedalje for god verning av opprinnelig bymiljø.

Vi skal vidare til Nexø. Som vi vil sjå, er dei fleste husa i denne byen frå nyare tid. Dette er avdi byen vart bomba av russerane   7.-og 8. mai 1945, og kun eit av ti hus var uskada etter raidet.

Og når vi er i Nexø, må vi  vitje Sommerfuglparken. Dette er ei  oppleving av tropisk varme  med alle dei fargar, fuglar og ikkje minst dei store fargestrålende sommerfuglane. Dei store plantane, dei kunstige dammane og  små fossefall gje eit inntrykk av å vere midt i naturen.

Turen går så til Aakirkeby, og til Vingård Lille Gadegård. Her vert det omvisning, vinsmaking og lunsj.

Etter ei god pause tek vi turen attende til Rønne. Litt tid på eiga hand før felles middag på hotellet.

Dag 5, laurdag 19. august

Etter frukost takkar vi for oss, og opphaldet på Bornholm er over. Ferga tek oss tilbake til Ystad. Herifrå går turen mot Malmø, vi køyrer forbi København mot Roskilde og Sjællands Odde. Her går Øresundsbroen , brua som kryssar Øresund og bind saman Sverige og Danmark. Sambandet er sett saman av ei lang høgbru og ein undervasstunnel. Total lengde er 7845 m, brua er også kjend gjennom TV serien «Broen».

Vel framme i Århus sjekkar vi inn på hotellet vår for natta, Hotel Comwell Århus.

Felles middag på hotellet.

I dag ca 273 km

Dag 6, søndag 20. august

Vi et ein god frukost før vi tek oss tid til å sjå oss rundt i Århus. Det vert god tid til å ta ei handlerunde for dei som er interssert i det, eller kanskje berre rusle rundt i byen

Avreise frå Århus blir litt utpå dag, vi skal til Hirtshals der Fjord Line tek oss over til Bergen.

Fjord Line har avgang frå Hirtshals kl. 20.00 og er i Bergen kl. 12.30 neste dag

I dag ca 185km

Dag 7, måndag 21. august

Vi nyt frokosten om bord medan skipet seglar inn mot Bergen.

Vi legg til kai kl.12.30 og vel i hamn tek vi fatt på siste etappe på turen. Vi er heime tidleg kveld