Savalen, 18.-21. august 2017

I samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane,
med utflukt til Alvdal og Røros

  • Dato

    18.08.2017

  • Lokasjon

    Savalen

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    4 dagar

  • Pris

    Kr. 6690.-

    Vi fører venteliste, ta kontakt!

Sidan 1963 har familien Hektoen drive turistverksemd ved Savalen-sjøen i den nord-østerdalske fjellheimen. Omkransa av sjø, skog og fjell ligg hotellet idyllisk til og byd oss med på mange vakre naturopplevingar.
“Hende alt som hende vil, her inne er verda den same” skreiv Arne Garborg om si tid på Savalen.
Mange av dei som tidlegare har reist til Savalen vil nok skrive under på at eit opphald her gjev fred i sjela og ro i sinnet.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 6690,-

Depositum kr 1000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Tomt

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 6690,-
Tillegg for enkeltromKr. 750,-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Firda Billag
  • 3 overnattingar i dobbeltrom på Savalen Fjellhotell
  • Fullpensjon (3 frukostar, 4 lunsjar, 3 middagar)
  • Utflukter som er omtala i program
  • Aktivitetar som Savalen Fjellhotell skipar til
  • Reiseleiarar frå banken

Dag 1, fredag 18.august

Førde – Savalen via Sognefjellet
Turbussen har avgang frå Førde kl. 10.00. Bussforbindelse frå Sandane kl. 09.30 til Skei
Forbindelse med buss frå Askvoll kl. 08.10, Holmedal kl. 08.30, frå Florø kl. 08.45, Eikefjord kl. 09.10 og frå Naustdal kl. 09.30. Buss/ferje frå Kalvåg 07.40.
Første etappe går over Skei, til Sogndal og over Sognefjellet til lunsj på Elveseter Kunst- og Kulturhotell.
Vidare forbi Otta, Ringebu, Atna og Alvdal til Savalen.
Innsjekk og velkomst før det vert fellesmiddag kl. 20.00 og sosialt samvære.
Ein svingom gjere godt for kroppen etter ein lang busstur.

Dag 2, laurdag 19.august

Heildagsutflukt til Røros m/lunsj

Vi reiser frå Savalen etter frukost på heildagsutflukt til Røros. Undervegs passerer vi Tolga, heimstaden til  Egil Storbekken og Os med Hummelfjell før vi kjem til gruvebyen Røros. Her er gruvedrifta nedlagd og andre næringar har teke over, men det meste av byen er som den var, og minna er mange. Vi vitjar den gamle smeltehytta for kopar som no er eit av dei flottaste musea i landet. Sjølvsagt er vi også innom Røroskjerka, ei av dei største kyrkjene i landet, før det er tid for felleslunsj på Kaffistuggu. Litt tid på eigahand før vi set kursen «heimover» og  er attende på Savalen i 17.00-tida. Til middag er det dekka eit stort «Østerdalsbord» med stort utval av varme og kalde rettar. Etterpå er det tid for trimming av dansefoten

Dag 3, søndag 20. august

Aukrustsenteret
Etter god frukost går turen til Aukrustsenteret.
Her får vi ein rundtur i Kjell Aukrust si fantasifulle verd. Med
forteljingane om Steijela, Sandeggbakken og knokkelkampane
mellom Tynset og Alvdal har Kjell Aukrust for alvor sett bygda på kartet. Blant teikningar, maleri, fortellingar og oppfinningar møter vi
det frodige persongalleriet frå Flåklypa.
Vi reiser tilbake til hotellet for ein god lunsj.
Etterpå er tida til fri disposisjon. Ta gjerne del i aktivitetstilbodet som er på hotellet.
Fellesmiddag og sosialt samvær søndag kveld på hotellet.

Dag 4,måndag 21. august

Savalen – Førde over Strynefjellet            420 km.
Reiseruta går over Hjerkinn til Otta og vidare til Bismo, med lunsj på Skeid Kro. Vi held fram over Strynefjellet til Stryn. Vidare over Utvikfjellet til Byrkjelo, der det vert samband med rutebuss til Sandane.
Turbussen held fram til Førde. Forbindelse med buss til Askvoll og Naustdal, Eikefjord og Florø.