Øyhopping i Florø 11. juli 2018

-med Rognaldsvåg, Kinn og Svanøy-

  • Dato

    11.07.2018

  • Lokasjon

    Florø

  • Avreise frå

    Florø

  • Lengd

    Dagstur

  • Pris

    Kr 2500,-

På denne turen får du med deg tre av øyane i Florabassenget. Vi har eigen båt som er med på heile turen. Vi møtast på kaia i Florø kl. 09.00. Avgangen er tilpassa ankomst Florø med buss frå indre Sunnfjord, eller med båt frå Nordfjord. Båten går først til Rognaldsvåg der vi får ein guida tur før vi får servert lunsj i den gamle sjøbua Tjenna.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 2500,-

Depositum kr 500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 2500,-
Dersom fleire enn 40 betalande, turpris kr 1800.-

Inkludert i prisen:

  • Båtreise, avgang frå Florø
  • Lunsj i Rognaldsvåg
  • Middag på Svanøy
  • Omvisning i følge program
  • Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Tillegg til pris:

  • Reise til og frå Florø
  • Drikke til maten

Onsdag 11.juli 2018

Etter lunsj tek vi turen over til Kinn. Der går vi roleg bort til kyrkja, der det vert omvisning og tidebønn. Kinn Kyrkje vart bygd tidleg på 1100-talet og er ei av dei eldste og flottaste i sitt slag i Noreg. Utafor kyrkja er det god utsikt til Kinnaklova. Ein magisk stad.

Frå Kinn går så båten vidare til Svanøy der vi går i land på sørsida. Vi skal først besøke Norsk Hjortesenter der vi kan sjå hjortane på nært hald og kan klappe dei.

Deretter går båten rundt øya til nordsida der vi går opp til Svanøy Hovedgård for omvisning og middag.

Vi er tilbake i Florø i tide til å rekke buss til Indre Sunnfjord og båt til Nordfjord.