Oktoberfest i St Johann, Tyrol, 17.-26. september 2018

–med verdas største komlebord–

  • Dato

    17.09.2018

  • Lokasjon

    St Johann

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    10 dagar

  • Pris

    Kr. 14450,-

I år kan vi invitere deg på tur til  den populære oktoberfesten  i St.Johann. Turen går med buss frå Førde. Eit av høgdepunkta her er «Knødelfesten» som går av stabelen i hovudgata laurdag 22. september. Det vert sang, musikk og god stemning heile dagen til ende. Her kan du sitje ved verdas lengste komlebord og oppleve ei herleg atmosfære ved det 300 meter lange bordet.

Under opphaldet i Tyrol skal vi bu på hotel Q! Hotel Maria Theresia i Kitzbühel, 20 minutt  køyring fra St.Johann. Det går og tog imellom dei to byane som tek berre 7 minutt. Det vert ei overnatting i Helmstedt på turen gjennom Tyskland på utreisa, og ei natt i Magdeburg på returen.

Føstesidefoto: © Knödelfest St. Johann in Tirol

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 14450,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 14450,-
Tillegg for enkeltrom/single lugarKr. 1670,-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Firda Billag
  • 2 netter i delt innvendig lugar ombord på Stena Line/Color Line
  • 7 netter i delt dobbeltrom
  • 9 frukost
  • 3 lunsj
  • 9 middag
  • Ferje og båtbillettar
  • Utflukter som i program
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, måndag 17. september

Avreise tidleg morgon frå Førde via Sogn til Oslo med lunsj på Gol. I Oslo går vi om bord i Stena Saga som legg frå kai kl. 19.30 med kurs for Fredrikshavn på Nord-Jylland. Middag og hyggeleg samvær om bord før vi går til ro i gode lugarar.

Bilde th.: frå Flensburg

Dag 2, tysdag 18. september

Med Danmark i sikte nyt vi ein god frukost før båten legg til kai i Fredrikshavn. Ferda går vidare gjennom Danmark. Ved koselege Flensburg tek vi lunsj. Vidare køyrer vi gjennom Schleswig Holstein, forbi Hamburg og gjennom Hannover før vi kjem til dagens reisemål Helmstedt. Der skal vi bu på hotellet Best Western Hotel Helmstedt. Felles middag.

Foto tv: © Knödelfest St. Johann in Tirol

Dag 3, onsdag 19.september

Etter ein god frukost på hotellet køyrer vi vidare på raske motorvegar og vi passerer kjende byar som Gøttingen, Kassel, Wurzburg og Munchen før vi køyrer inn i Austerrike og til Kitzbühel. Vi sjekkar inn på Q! Hotel Maria Theresia der vi skal bu i fem netter.

Dag 4, torsdag 20. september til dag 7, søndag 23. september

Under opphaldet i St.Johann/Kitzbühel vert det fire opplevingsrike dagar med mykje aktivitet. I samband med den populære oktoberfesten vert det ekstra mykje liv og røre i byen. Det vert tyrolermusikk, song og dans, og laurdag er det den store «Knødelfesten» som varer heile dagen. Om ettermiddagen kjem meir enn 20.000 komler i over 20 variantar på det 300 m lange bordet i hovudgata. Festen held fram utover kvelden og det er mykje å sjå og oppleve. Ei oppleving som vi trur du vil minnast.

Under opphaldet vil det også verte utflukter. Programmet er ver-avhengig, men vi kan nemne at vi prøver å få til ei fantastisk heildagsutflukt der vi køyrer opp i 2500 moh til Franz Josefshöhe med fritt utsyn til Grossglockner, det høgste fjellet i Austerrike (3798 moh). Det vert også utflukt til Mozart sin fødeby, festspelbyen Salzburg og tur til Hitler sitt «Ørneredet».

Turleiaren vil informere om utfluktene, men som nemnt, veret er med og bestemmer programmet. Det kan også bli høve til tur med gondalbane til ein av dei høge fjelltoppane for å nyte den vakre naturen. Likeins turar til fots på eigahand.

Foto: © Knödelfest St. Johann in Tirol

Dag 8, måndag 24. september

Etter frukost tek vi farvel med Kitzbühel og Tyrol og setter kursen mot den tyske grensa. Ei dryg etappe gjennom Tyskland før vi er framme ved Hotel Ratswaage i Magdeburg. Etter ein lang dag er det godt med ein god middag og ei god seng.

Dag 9, tysdag 25. september

Tidleg avreise frå hotellet. Color Line sin båt går frå Kiel kl. 14.00. Avskjedsmiddag og hyggeleg samvær om bord.

Foto: Promenadedekk Color Fantasy

Dag 10, onsdag 26. september

Etter ankomst Oslo kl. 09.00, ber det strake vegen vestover. På Gol stoppar vi for lunsj og deretter er ikkje turen lang før vi passerar grensa mot vårt eige fylke.