Provence 13.-18.september 2017

– herlege dagar på Middelhavskysten-
Turleiar Kjell Arnestad

  • Dato

    13.09.2017

  • Lokasjon

    Nice

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    6 dagar

  • Pris

    Kr 14550.-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 3725.-

  • Tilgjengelege billettar:

    Få plassar att!

    Ta kontakt for påmelding.

Den Franske Riviera freistar oss, middelhavskysten med det blå havet og dei kvite strendene, maten og vinen. Med Nice som base, skal vi på denne turen utforske meir av Provence
VI skal til Antibes og Cannes. Vi reiser austover mot grensa til Italia til Beaulieu og Monaco. Vi skal innover i landet og opp i fjella til St Paul de Vence og til parfymebyen Grass. Vi skal sjå vakker natur, idylliske byar og landsbyar, ete god mat, smake god vin – alt i ro og mak, heilt utan stress.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 14.550,-

Depositum kr 2000,- per person vert fakturert kort tid  bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel tal reisande før du trykkjer «Legg i korga». Bestillinga vert ikkje gjennomført før du vel «Gå til kassa» på neste sida. 

Prisar

TurprisKr.14550.-
Tillegg for enkeltromKr. 3725.-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen- Nice t/ret
  • Transfer Nice flyplass- hotel t/ret
  • 6 netter i delt dobbeltrom
  • 6 frokost
  • 2 lunsj
  • 2 middag
  • utflukter iflg program
  • lokal guide iflg program
  • Turleiar Kjell Arnestad

Dag 1, 13. onsdag 13. september

Avreise frå Bergen Flesland kl. 09.15. Vi landar i Nice i eitt-tida. Transferbussen tek oss til byen og etter innsjekk vil turleiar samle gruppa og gje litt informasjon om opphaldet. Vi tek det roleg første dagen, og går ilag til Promenade des Anglais for lunsj på ein strandrestaurant. Ettermiddag til eigen disposisjon for dei som ynskjer det, men reiseleiar vil vere tilgjengeleg og kome med råd og tips. Vi møtast til avtala tid i resepsjonen for felles middag på restaurant le Safari.

Dag 2,torsdag 14. september

Vi nyt ein god fransk frokost før vi møtest i resepsjonen på hotellet. Turleiar viser veg, og det vert spasertur til la Colline du Chateau (Slottshøgda) og gamlebyen. Byrundtur tek vi med hop on/hop off buss, turleiar ordnar med billett. Vi skal mellom anna besøkje Chagall-museet. Marc Chagall var ein russisk-fransk maler av jødisk ætt. Han var djupt engasjert i jødane si sak og hendingane i 1930 åra. Måleria frå den tid viser dette tydeleg. Chagall sin fantasifulle og fargeglade kunst har nådd stor popularitet. Han er representert i ei rekkje museum og er kjent gjennom store utstillingar. Lunsjen tek vi til høveleg tid på ein restaurant i byen. Kvelden til eigen disposisjon, men turleiar vil kome med forslag på stader ein kan ete middag for dei som ynskjer dette.

Dag 3,fredag 15. september

I dag skal vi besøkje tre kjende byar på Azurkysten vestover frå Nice
Antibes har den største lystbåthamna på Den franske rivieraen. Ho vart bygd i 1960-åra på same stad som ei tidlegare romersk hamn. Det er framleis ein lokal fiskeindustri i byen, men han er langt mindre enn for hundre år sidan. Vi skal mellom anna innom Picasso-museet. Picasso var ein spansk kunstnar, kjend som en av de største på 1900-talet. Ein reknar med at han har ein produksjon på over 20 000 verk. Så dreg vi vidare til Cannes kjend mellom anna for den årlege filmfestivalen. Vi spaserer på promenadegata Croisetten og ser på det gedigne festivalpalasset. Lunsj på L’Auberge Provencale. Kvelden er til eigen diposisjon, kanskje berre vandre i gatene og sjå i dei fasjonable butikkane. Turleiar er tilgjengeleg og vil gje og råd om plassar å ete og å sjå.

Dag 4, laurdag 16. september

I dag går turen inn i landet og opp i åsane ovanfor Azurkysten. Første stopp er landsbyen St.Paul de Vence, ein av dei vakraste landsbyane i Provence. Byen ligg på ei klippe med festningsverk rundt og vart anlagt av Frans I på 15-hundretalet. Mange kjende malarar, forfattarar og poetar har funne inspirasjon ved å opphalde seg ein periode i denne sjarmerande landsbyen. Vi skal rusle i dei smale gatene, kikke på dei mange små kunstgalleria og kafeane. Kanskje finn ein eit lite stykke kunst ein vil kjøpe? Så går ferda vidare gjennom byen Vence og opp til utsiktspunktet Col de Vence 970 m oh. Vi fortset rundturen i åsane og ned Ulvegapet (Gorges du Loup) til lunsjrestauranten vår la Jarrerie i Bar sur Loup. På tilbaketuren til Nice køyrer vi gjennom parfymebyen Grasse og kan stanse der om nokon ønskjer å skaffe seg vellukt.

Dag 5, søndag 17. september

I dag går turen langs kysten gjennom Villefranche-sur-mer, Beaulieu og til fyrstedømme Monaco.. Monaco er det nest minste landet i verda etter Vatikanstaten. Her er det luksus  og glamour! Landet ligg ved Middelhavet, nær den italienske grensa og er omringa av Frankrike på tre sider. Monaco ville er den gamle delen av Monaco og ligg på le Rocher, Klippa. Dette er kanskje vakraste staden i Monaco. Vi skal til fyrsteslottet med utsyn over Monaco, og kanskje er vi heldige å få med oss vaktskifte . Vi må også til luksusbåthamna og til Casino-høgda.
På tilbaketuren køyrer vi til Eze,høgt oppe i åssida. Vi parkerer ved inngangen til gamlebyren der dei smale og svingete gatene er prega av dei gamle steinhusa, som alle har blitt vakkert restaurert. Torget og dei pynta gatene gjer til at Eze er ein av dei finaste middelanderbyane i på rivieraen. Frå Eze village har vi ei fantastisk utsikt, og her er mange gode restaurantar.  Om kvelden er det avskjedsmiddag på restaurant La Maison de Marie.

Dag 6, måndag 18. september

Det er avreisedag , og etter frukost takkar vi for oss. Med kofferten full av minner frå turen, tek transferbussen oss til Nice flyplass, der SAS har avgang kl. 12.55, via København med ankomst Bergen Flesland 17.40