Nattopera i Verona, 7.-12. august 2018, med Venezia og Gardasjøen

Photo: Ennevi, Pictures Courtesy of Fondazione Arena di Verona

  • Dato

    07.08.2018

  • Lokasjon

    Verona

  • Avreise frå

    Oslo Gardermoen

  • Lengd

    6 dagar

  • Pris

    Kr. 16.750,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 2000,-

Nattopera i Verona vil gje deg ei kulturoppleving utanom det vanlege. Sjølv for mange som aldri har vore på opera før,  vil stemninga, forestillinga, arenaen og heile opplevinga gje eit minne for livet. På denne turen er det Carmen som står på programmet.

Gardasjøen, og området rundt, er eit populært reisemål for så vel Italienarar som turistar frå andre delar av verda. Sjølve sjøen er 50km lang og strekkjer seg i nord-sør retninga heilt oppunder Alpane. Kvite strender og landsbyar omkransar sjøen. Vi skal bu i ein liten by som heiter Padenghe Sul Garda. På denne turen skal vi sjå meir av dette vakre området. Vi skal til Valpoicella  på vinsmaking, vi skal til Venezia og vi skal sjølvsagt på båttur på Gardasjøen.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 16750,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 16.750,-
Tillegg for enkeltromKr. 2000,-

Inkludert i prisen:

    • Flyreise Oslo – Venezia/Verona –Oslo
    • Skatt og avgift
    • 2 kolli innsjekka bagasje, à max 20kg
    • Setereservasjon på fly
    • Transfer flyplass til hotel og retur
    • Utflukter som i program
    • Lokale guider som i program
    • Billett til nattopera Verona, Carmen, unummerert
    • 5 frukost
    • 3 middag, dag 1, 3 og 5
    • 2 lunsj, dag 2 og 5
    • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, tysdag 7. august

Avreise frå  Oslo Gardermoen, Norwegian har avreise kl. 10.40 med ankomst Venezia kl. 13.20

Turen frå Venezia til hotellet vårt i Pedenghe Sul Garda, The West Garda Hotel,  tek bortimot to timar, alt etter trafikk. Dette er eit godt 4* hotel, ca 500 m frå stranda. Vi tek ein roleg ettermiddag før felles middag på hotellet om kvelden.

Dag 2, onsdag 8. august

Like ved Gardasjøen, ligg det vakre vinområdet Valpolicella – eit av dei meste kjende vindistrikta i Italia. Vingardane ligg på rekke og rad her i denne flotte dalen, og utflukta i dag går til ein av desse gardane. Her blir det omvisning med vinsmaking og lunsj. Tilbake på hotellet er ettermiddagen til disposisjon, kanskje ein dukkert i Gardasjøen?

Middag på eiga hand denne kvelden.

 

Dag 3, torsdag 9. august

Nattopera står på programmet. Vi reiser til Verona utpå ettermiddagen, og får ein guida bytur der før vi et middag på ein god restaurant i byen. Carmen står på programmet, forestillinga startar kl. 20.45, og varer bortimot 4 timar, dette er nattopera!

Historia utspelar seg i Sevilla i Spania i rundt  år 1820, og handlar om den vakre og lidenskapelege sigøynarjenta Carmen og  korporalen Don José – og om kva farlig begjær og sjalusi kan føre til. Operaen av Georges Bizet er bygd på ei novelle av den franske forfattaren Prosper Mérimée. Carmen er ein av operalitterturen sine mest spelte verk. Arena De Verona er frå år 30, og eit fantastisk byggverk. Etter forestilling tek bussen oss attende til hotellet vårt.

Dag 4, fredag 10. august

I dag tek vi ein roleg tur på Gardasjøen, første stogg er Sirmione, ein populær feriestad.

Med lokal guide tek vi ein tur i denne vakre småbyen som ligg på ei smal landtunge som stikk ut i Gardasjøen. Båt turen etterpå, går langs den romantiske kysten, der små idylliske landsbyar ligg  som perler på ei snor. Vi gjev oss god tid, og finn ein fin stad der vi får kjøpe forfriskningar og lunsj. Tilbake ved hotellet er tida til eigen disposisjon

Dag 5, laurdag 11.august

Vi skal på utflukt til Venezia. Turen går til kanalbyen, der vi startar med ein båt tur inn til sentrum av byen, som er bygd på 120 småøyar. Lokalguide møter oss og tek oss med på ein interessant tur til fots. Vi er innom Markusplasssen med den kjende Maria Kyrkja, Sukkenes Bro der fangane for siste gong kunne sjå utover den vakre byen, vi skal mellom anna sjå St Mark Basilica og Palazzo dei Dogi. Lunsj i Venezia før vi reiser attende til hotellet der vi har felles avslutnings middag.

Dag 6, søndag 12. august

Heimreisedag, etter frukost er det avreise til Verona flyplass der Norwegian har avgang kl. 11.10. Vi er tilbake i  Oslo kl. 13.45