Lesartur med Firda Tidend til Lofoten 7.-11. august 2017

  • Dato

    07.08.2017

  • Avreise frå

    Sandane

  • Lokasjon

    Lofoten

  • Lengd

    5 dagar

  • Pris

    Kr. 15.980,-

  • Tillegg enkeltrom

    Kr 1395,-

  • Tilgjengelege billettar:

    Fullteikna, vi fører venteliste

Lofoten, øygruppa som er vide kjent for sine majestetiske fjell og nærleiken til havet, djupe fjordar og kvite langstrakte strender. Lesarturen med Firda Tidend går i 2017 til denne vakre delen av landet vårt, der vi skal vere med på ein tur heilt utanom det vanlege.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15980,-

Depositum kr 3000.- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Tomt

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 15.980,-
Tillegg for enkeltromKr. 1395,-

Inkludert i prisen:

  • Buss Sandane- Flesland t/ret
  • Flyreise Bergen- Evenes t/ret
  • Flyskatt og avgift pr des.-16
  • Ferjebillettar
  • 4 netter i delt dobbeltrom iflg. program
  • 4 frukost, 4 lunsj, 4 middag
  • Båtreise iflg. program
  • Inngangspengar og utflukter iflg program
  • Turleiar Ole Holmestrand frå Enjoy Travel
  • Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå
  • Journalist frå Firda Tidend

Dag 1, måndag 7. august

Med turbuss frå Sandane, reiser vi mot Bergen og Flesland for å vere der i god tid før avreise. Det vert tid til å kjøpe seg mat før vi går om bord i flyet som har avgang kl. 14.25
Vi skal fly direkte til Harstad/Evenes lufthamn, der vi etter rutetid skal lande kl. 16.15.
På veg til Lofoten køyrer vi via den flotte Tjeldsundbrua over Hinnøya, den største øya i Norge.. Nokre timar seinare passerer vi rett under Svolværgeita, og fortset vidare til Hennigsvær. Dei tre neste netene skal vi bu på bryggekanten, på Skata-holmen, velkomen til Lofoten og Henningsvær.
Lofoten Arctic Hotel, Skata,- fiskemottaket som vart bygd om til hotel og restaurant, ligg idyllisk til rett på kaia. For å ta i vare den ekte Lofotstilen, er den utvendige byggestilen som opprinneleg. Her kan du vakne opp og sjå havet, fjellet, rorbuene og fiskehjellane. Kvar morgon blir frokosten servert i restauranten på hotellet. Den første kvelden vert også middagen servert her.

Dag 2, tysdag 8. august

Skrova

Lofoten har mykje å by på, og ei av perlene er fiskeværet øya Skrova. I uminnelige tider har det budd fiskarar på øygruppa. Med nærleiken til havet og fiskefelta var Skrova eit naturleg val for fiskarane og eigaren av været forvalta store rikdomar. I dag er det kun 174 fastbuande att i Skrova. Framleis er det fiske som er inntektskjelda. Lakse- og ørret oppdrett samt kvalkjøtforedling står sterkt. Naturen i Skrova er svært vakker. Vi vil bli imponert av dei kvitaste strendene og det blågrøne havet, og kanskje vil skjelstranda lokke deg med eit bad?
Vi skal i dag vitje kunst tunellen og innom den kjende oljetanken, ein gammal oljetank som no er ominnreia til bustad med tre etasjer.
Lunsjen skal vi ha på Skrovabrygga, på kaikanten, i eit gamalt fiskemottak.
For å kome oss til Skrova, nyttar vi oss av hurtigbåt og ferje, der innseglinga er av utallige holmar og skjer. Vel tilbake i Svolvær skal vi vitje Krigsminnemuseet. Her har eigaren samla krigsmateriell gjennom heile sitt vaksne liv, og resultatet er fantastisk.
Rett ved museet ligg isgalleriet «Magic Ice». Her har kunstnarar frå mange land skapt eit galleri som speglar livet langs kysten. Vi spaserer langs bryggene i Svolvær og kjenner på stemninga av Lofoten medan vi ventar på middagen.

Dag 3, onsdag 9. august

Vestover, Lofotr og Galleribesøk
Etter frukost tek vi beina fatt og spaserer dei sekshundre meterane til Galleri Lofotens Hus. Her finn vi den største samlinga av nordnorske maleri, ofte kalla Nord-Norge sitt svar på Nasjonalgalleriet.
Ei lang rekkje av kunstnarar har verka sine utstillt her, mellom anna Karl Erik Harr. Vi skal også sjå ein stemningsfullt og vakker panoramafilm, der handlinga og bilda representerer kystkulturen.
På 80-talet vart det heilt tilfeldig funne spor frå vikingtida, og utgravinagne viste seg å avdekkje det lengste vikinghuset i Norge og Europa. Vi skal vitje dette levande vikingmuseet på Borg, der vi med eigne auge og øyrer får sjå og høyre historie frå ei svunnen tid.
Også på Lofotr skal vi sjå ein film og vi får servert ein tradisjonell lunsj.
Vidare vestover lags E10 stoggar vi på Vikten, som med sin storslagne natur ligg ytst mot storhavet.
Her skal vi innom Glasshytta, der glasblåsarkunsten vert halde ved like.
Frå kysten på nordsida tek vi oss til kysten på sørsida- til Stamsund, mest kjent som ein stad der Hurtigruta går innom, men som også har vore ein svært viktig handelstad. I eit gamalt tørrfisklager der takbjelkane prøver å fortelje oss ei historie, set vi oss til bords. Etter middagen køyrer vi riksvegen langs havet, via Valberg til Henningsvær

Foto: Kjell Ove Storvik

Dag 4, torsdag 10. august

Raftsundet, Trollfjorden og Ørnesafari
Etter frukost går første etappe til Svolvær. MS Orca ligg klar for avgang, vi skal segle inn Raftsundet. Naturen og omgivnadane er som henta frå eit postkort. Dei spisse og trolske fjellpartia og dei kvite strendene gjev oss fantastiske fotomotiv. Om bord finn vi fiskeutstyr, no skal fiskelukka testast!
Noko av fiske som vi dreg opp går rett i gryta, det blir servert fiskesuppe i sjølvaste Trollfjorden.
Trollfjorden er vide kjent, og har ei rik historie, mellom anna Slaget om Trollfjorden. Dette er skildra både i bøker og på måleri. Vi seglar heilt inn fjorden, og kjenner nærleiken til fjellet, mektig.
Mektig vert det også når havørna, som her finst i stort antal, kjem heilt inntil skipet. Småfisken som nettopp er dregen i båten, er yndlingsretten til desse havørnene.
Vi set kursen ytterlegare nordover i Raftsundet, og ved Raften takkar vi for turen, vi skal fortsetje reisa med buss. Lunsjen i dag tek vi på veg til Harstad.
Opplevingane står i kø denne dagen. På Trondenes Fort får vi høyre hisotriane og sjå Hitler sitt kraftige kanonbatteri frå krigen, Adolf – kanona. I same området finn vi steinkyrkja, Trondenes Kyrkje. Dette området har også spor tilbake til vikingtida. Vi passerer Harstad by, og tek ein kort stogg før vi fortset vidare til Evenes Hotell.
Her på hotellet ved Ofotfjorden vert det avslutningsmiddag.

Dag 5, fredag 11. august

Heimreise
Etter frukost reiser vil til flyplassen og sjekkar inn, avgang frå Evenes kl. 09.15 .Når flyet er vel på vingane, er kursen sett rett mot Bergen Lufthavn Flesland der vi etter ruta skal lande 11.05. Her ventar turbussen frå Firda Billag som tek oss attende til Nordfjord.