Kultur, mat og vin i Bordeaux og San Sebastian , 6.-12.juni 2018

..To land og tre byar..
-Med besøk i Guggenheim museet i Bilbao-

  • Dato

    06.06.2018

  • Lokasjon

    Bordeaux og San Sebastian

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 15.975,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr.  3945,-

Bordeaux er verdas vinhovudstad. Det er i dette området dei beste raude vinar er blitt  produsert sidan 700-tallet. Bordeaux er også ein slags mathovedstad for det sørvestfranske kjøkken med delikatesser innafor spekemat, and, gås og havets frukter.

Bordeaux er dessutan ein svært flott by. Spesielt er gamlebyen St Pierre kjend for dei vakkert restaurerte 1700-tals bygningane. Over 300 bygningar er verna, og hamnekvarteret La Lune (månen) er på Unesco si verdsarvliste. Her skal vi rusle rundt og berre nyte inntrykka.

San Sebastian er fremste turistbyen i Baskerland og blant favorittane som feriestad for spanjolane. Byen vart kåra til Europeisk kulturhovudstad i 2016 først og fremst på grunn av den pittoreske gamlebyen. Bukta, La Concha (skjelet) med finkorna kvit sand, er innbydande for badarar. Å rusle på strandpromenaden ein fin kveld, sjå på folkelivet og solnedgangen er berre herleg.

San Sebastian er også ein kjend gourmetby, også kalla tapasen sin heimby, så her kan ein pirre smaksløkane på dei mange utsøkte tapasbarane.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15975,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 15975.-
Tillegg for enkeltromKr. 3945,-

Inkludert i prisen:

  • Reise Bergen – Bordeaux/Bilbao –Bergen
  • Skatt og avgift
  • Transport under opphaldet
  • 1 kolli innsjekka bagasje
  • 6 netter i delt dobbeltrom på hotel

  • 6 frokost
  • 2 middag
  • 2 lunsj
  • Utflukter som omtala i program
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, onsdag 6.juni

Avreise frå Bergen kl. 06.30, via Amsterdam, til Bordeaux. Vi reknar med å vere på hotellet ca kl 13. Etter innsjekk ruslar vi i retning gamlebyen. Vi rekk å sjå Place de la Comedie og operaen før vi finn oss lunsjplass i gågata Sainte Catherine. Vi fortset med sightseeing etter lunsj. Vi må sjå Børsplassen med det 3450 m2 store vasspeilet og nokre andre landemerke. Så slappar vi av på hotellet før vi samlast for felles middag i byen om kvelden.

Dag 2, torsdag 7.juni

I dag skal vi besøkje Cité du Vin, Bordeauxs imponerande vinsenter/museum. Bygget krokar seg åtte etasjar til vers med form som ein vinranke. Det vart opna i 2016. Det er ikkje berre eit museum for Bordeaux og vindistrikta omkring. Det har til hensikt å gje eit innblikk i vinen si histore, på tvers av landegrenser, tidsepokar og sivilisasjonar, og vidarebringe den kulturelle vinarven til eit breiast muleg publikum. Frå 8.etasje nyt vi ein fantastisk utsikt over elva og byen. Vi tek oss god tid. På vegen tilbake til hotellet stoppar vi på Place des Quinconces og ser det storslegne minnesmerket over Girondinane som vart avretta under revolusjonen. Ettermiddagen er til eigen disposisjon, turleiar vil kome med forslag og tips .

Dag 3, fredag 8.juni

I dag skal vi til Atlanterhavskysten og byen Arcachon. Etter ein times busstur frå Bordeaux, gjennom skogar og deltaet la Leyre kjem vi til ei havbukt med mange østersfarmar. Vi skal besøkje ein av desse for å få vite litt meir om denne viktige næringa. Vi rullar vidare til Arcachon og finn ein lunsjplass. Etter lunsj besøkjer vi bydelen la Ville d`Hiver (vinterbyen). Her finn vi fleire hundre hus i «Holiday Homes» bygd på 1800 talet for dei rike og velrenommerte i Europa på den tid. Stilen og arkitekturen er unik og har sin eigen sjarm.

Dag 4, laurdag 9.juni

Vi forlet Frankrike og  set kursen mot San Sebastian i Baskerland. Det er ein tretimars busstur gjennnom variert og vakkert landskap. Vi installerer oss på hotellet og er klare for ein spasertur mot sentrum av byen. Strandpromenaden la Concha er eit «must». Så legg vi vegen til Monte Urgull, ei kolle på 123 m midt i byen. Herfrå ser vi dei forskjellege bydelane i San Sebastian. Det er lett å orientere seg. Vi finn oss eigna lunsjplass. Etter ein runde i gamlebyen løyser vi opp gruppa, og ettermiddagen er til fri disposisjon. Samling i resepsjonen på hotellet før middag om kvelden.Turleiar vil kome med tips. Dei som ynskjer det kan slå følgje med reiseleiar.

Dag 5, søndag 10. juni

Roleg formiddag på eiga hand: tur på stranda, shopping eller berre drive rundt i feriebyen? Vi møtest til avtalt tid på avtalt stad for å delta på «pintxos tur». Vi blandar oss med dei innfødde i trange bortgøymde gater og får oppleve denne typisk spanske tradisjonen med å gå frå bar til bar, ete fingermat og drikke lokal vin og snaldre i veg …..

Dag 6, måndag 11.juni

I dag går turen til Bilbao. Vi skal på Guggenheim-museet, eit museum moderne kunst/samtidskunst. Dette fantastiske bygget er ein attraksjon i seg sjølv. Museet vart opna  i oktober 1997, og var resultat av mange års planlegging og samarbeid mellom baskiske myndigheiter og stiftelsen Solomon R. Guggenheim. Store delar av museet vert brukt til midlertidige utstillingar.

Tilbake i San Sebastian vert det felles avslutningsmiddag

Dag 7, tysdag 12.juni

Det er heimreisedag. Vi reiser til Bergen frå Bilbao. KLM har avreise kl. 11.55, turen går via Amsterdam og vi landar i Bergen 16.50