Juletur til Krakow 25.-28.november 2017

  • Dato

    25.11.2017

  • Lokasjon

    Krakow

  • Avreise frå

    Bergen Flesland

  • Lengd

    4 dagar

  • Pris

    På forespørsel

Krakow er ein av dei vakraste byane i Polen og blant Øst-Europa sine mest populære turistdestinasjonar. Gamlebyen i Krakow, med middelalder- og renessansearkitektur og sine gotiske kyrkjer, står på UNESCO si verdsarvliste.

Byen blir ofte brukt som kulisser ved innspeling av filmar der handlinga er lagt til middelalderen.

Dei fleste attraksjonane ligg i gåavstand til kvarandre, så det er ikkje noko problem å komme seg rundt på eiga hand. Det er en attraksjon i seg sjølv berre å rusle rundt på måfå på brusteins-gatene og stikke innom ein av Krakow sine mange kafear eller barer som er lokalisert i fleire hundre år gamle mursteinskjellerar.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris på forespørsel

Depositum kr 1500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisPris på forespørsel

Inkludert i prisen:

  • Fly t/ret Bergen- Krakow med Norwegian
  • 2 kolli innsjekka bagasje per pers, à max 20 kg
  • skatt og avgift
  • transfer frå Krakow flyplass til hotel og retur
  • 3 netter i delt dobbeltrom
  • 3 frukost og 3 middag
  • utflukter etter program
  • norsk turleiar

Dag 1,laurdag 25.november

Avreise frå Bergen kl. 07.25. Ank. Krakow kl. 09.45

Transfer frå flyplass til hotellet i sentrum av Krakow.

Felles lunsj og ein rundtur i byen.

Felles middag kl. 19.00

Dag 2, søndag 26.november

Avreise frå hotellet etter frukost kl. 09.00 til

saltgruvene Wieliczka. Omvising med lokal guide.

Tilbake på hotellet ca. kl. 13.00.

Julemarkedet i Krakow opnar.

Felles middag i Krakow kl. 19.00

Dag 3, måndag 27.november

Etter frukost utflukt til Auschwitz – Birkenau kl. 09.00.
Omvisning med lokal guide. Felles lunsj.

Retur hotellet ca. kl. 15.00

Ettermiddag til fri disposisjon.

Felles middag kl. 19.00

Dag 4, tysdag 28.november

Frukost på hotellet

Avreise frå Krakow kl. 13.20, ankomst Bergen kl. 15.40.