Irland, med Dag Lindebjerg, 13.-20.august 2018

-Smaragdøya-

  • Dato

    13.08.2018

  • Lokasjon

    Irland

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    6 dagar

  • Pris

    Kr. 19.700,-

  • Tillegg for enkeltrom

    kr. 4080,-

Dag Lindebjerg har vore i Irland  fleire gongar og gledar seg  til å ha deg med på ein rundtur i nord, i vest og i Dublin. Irland er gjennom år blitt invadert av både nordmenn, engelskmenn og skottar. Vi skal saman med Dag få vitje dette herja, flotte landet med si dramatiske historie, sin eineståande kultur og ein heilt spesiell natur. Vi skal overnatte i Belfast, Galwaydistriktet og Dublin.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 19700,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 19.700,-
Tillegg for enkeltromKr. 4080,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Dublin – Bergen
  • Flyskattar og avgifter, pr. 1. november 2017
  • 1 kolli innsjekka bagasje à max 20kg
  • 7 netter i delt dobbeltrom med frukost
  • Transferbuss og annan busstransport
  • Inngangsbillettar i samsvar med program
  • Lokale guidar som i program
  • Måltid i samsvar med program
  • Kjentmann Dag Lindebjerg

Dag 1, måndag 13. august

Flesland – Dublin – Belfast.
Oppmøte på Flesland og avreise kl. 07.00, flyet går via Oslo og landar i Dublin kl. 10.50.  Vi pakkar oss i bussen og fyrste stogg på turen er berre 15 minutt unna flyplassen i landsbyen Malahide der vi skal ete lunsj. Etter lunsj går turen til Malahide Castle, der Lindebjerg tek oss litt rundt. Etter stoggen her går turen nordover mot Belfast. (Køyretid til Belfast er ca. 2 timar.) På vegen nordover passerer vi historiske stadar og det vil bli ein del historieforteljing, samt stogg ved behov. I Belfast sjekkar vi inn på hotellet.
Felles lunsj på turen og felles middag i Belfast.

Dag 2, tysdag 14. august

Antrimkysten (nordkysten)

Etter frukost reiser vi nordover til Portrush. I dag vil vi mellom anna vitje ruinane ved Dunluse Castle og verdas eldste whisky destillery Bushmills, naturfenomenet Giants Causeway og Carrick a Rede Ropebridge.
Lunsj på Bushmills. Felles middag tilbake i Belfast.

Dag 3, onsdag 15. august

Belfast by

I dag er det Belfast på programmet, vi vitjar mellom anna City Hall, Titanic Museet, Falls Road m.m. Det vert lunsj i løpet av dagen. Ettermiddagen fri.

Felles middag på kvelden.

Dag 4, torsdag 16. august

Belfast – Enniskillen – Sligo – Leenane (Galway distriktet)

Etter frukost denne dagen tek vi fatt på turen vestover. Vi vil køyre via Eniskillen, Sligo til Leenane. Det vil blir mykje historier, sjåverde og fleire stogg i løpet av dagen.

Lunsj undervegs og felles middag på hotellet.

Dag 5, fredag 17. august

Galway og Aran Island

Etter frukost tek Lindebjerg oss med på byvandring i Galaway. Etter rundturen går vi til ferjekaia i Ros a» Mhíl (Roosaveal) for ferja  over til Kilronan og Aran Island. I Kilronan vert det lunsj, før vi skal utforske øya med sine labyrintar av steinmurar og små vegar. Vi blir transportert til steinalderborga Dun Aengus og dei som ønskjer det vil både kunne få seg ein fottur eller til og med leige seg sykkel. Ferja går tilbake til Ros a» Mhíl (Roosaveal) tidleg kveld.

Felles middag på hotellet.

Dag 6, laurdag 18. august

Leenane (Galway distriktet) – Cliffs of Moher – Dublin

Etter ein god frukost skal vi i dag krysse Irland på tvers, men fyrst skal vi vitje Cliffs of Moher – som er eit landemerke i Irland. På turen til Dublin vert stogg under vegs med lunsj og historieforteljing.

Felles middag på hotellet.

Dag 7, søndag 19. august

                Dublin

I dag skal vi bruke dagen på å bli kjent med Dublin til fots. Vi skal høyre om Trinity Collegue, sjå Molly Malone- statue, vandre gjennom Tempel Bar- kvartala, vitje Christ Church og Dublin Castle. Dag Lindebjerg har som vanleg mykje historie han vil formidle. Deler av ettermiddagen vil bli til fri disposisjon.

Felles lunsj og felles middag på kvelden.

Dag 8,måndag 20. august

Heimreise
Flyet heimover går kl. 11.30 via Oslo (landar i Oslo kl. 14.40) til Bergen. Ankomst Bergen kl. 17.50.