Irland med kjentmann Dag Lindebjerg 31. juli- 7. august 2017

  • Dato

    31.07.17

  • Lokasjon

    Irland

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 18.900,-

  • Tillegg for enkeltrom

    kr. 4080,-

  • Tilgjengelege billettar:

    Vi fører venteliste, ta kontakt

Den nyaste turen i rekkja av turar i «Vesterled» er Irland.

Dag Lindebjerg har vore i Irland ei rekkje gongar og gledar til å ha deg med på ein rundtur i nord, vest og i Dublin. Irland er gjennom år blitt invadert av både nordmenn, engelskmenn og skottar. Vi skal saman med Lindebjerg få vitje dette herja, flotte landet med si dramatiske historie, sin eineståande kultur og ein heilt spesiell natur. Vi skal overnatte i Belfast, Galwaydistriktet og Dublin.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 18.900,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Tomt

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 18.900,-
Tillegg for enkeltromKr. 4080,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen- Dublin- Bergen
  • Flyskattar og avgifter pr. 01. nov.16
  • 7 netter i delt dobbeltrom med frukost
  • Transferbuss og annan transport
  • Inngangsbillettar i samsvar med program
  • Lokale guidar som i program
  • Måltid i samsvar med program
  • Kjentmann Dag Lindebjerg
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, måndag 31. juli, Flesland- Dublin – Belfast

Oppmøte på Flesland og avreise kl. 08.00, flyet går via Oslo og landar i Dublin kl. 12.15. Der blir vi møtt av Dag Lindebjerg på flyplassen. Vi pakkar oss i bussen og fyrste stogg på turen er kun 10-15 minutt unna flyplassen på Malahide Castle, der vi skal ete lunsj og sjå oss litt rundt. Etter stoggen her går turen nordover mot Belfast. (Køyretid til Belfast er ca. 2 timar.) På vegen nordover passerer vi fleire historiske stadar og det vil bli ein del historieforteljing, samt eit par stogg. I Belfast sjekkar vi inn på hotellet.
Felles lunsj undervegs,  og felles middag i Belfast.

Dag 2, tysdag 1. august, Antrimkysten (nordkysten)

Etter frukost reiser vi nordover til Portrush. I dag vil vi mellom anna vitje ruinane ved Dunluse Castle og verdas eldste whiskey destillery Bushmills, naturfenomenet Giants Causeway og Carrick a Rede Ropebridge.
Lunsj undervegs. Felles middag tilbake i Belfast.

Dag 3, onsdag 2. august, Belfast by

I dag er det Belfast på programmet, vi vitjar mellom anna City Hall, Titanic Museet, Falls Road m.m. Det vert lunsj undervegs. Ettermiddagen fri.
Felles middag på kvelden.

Dag 4, torsdag 3. august Belfast- Enniskillen-Sligo-Leenane (Galway distriktet)

Etter frukost denne dagen tek vi fatt på turen vestover. Vi vil køyre via Eniskillen, Sligo til Leenane. Det vil blir mykje historier, sjåverde og fleire stogg i løpet av dagen.
Lunsj undervegs og felles middag på hotellet.

Dag 5, fredag 4. august, Arand Island

Etter frukost køyrer vi i dag til Ros a  Mhíl for ferje over til Kilronan og Aran Island. Det vil bli fottur (ev. sykkeltur om nokon vil leige seg dette) til steinalderborga Dun Aengus. Aran Island med sine labyrintar av steinmurar og små vegar. Vi skal også vitje Cliffs of Moher. På tidleg ettermiddagen reiser vi tilbake via Doolin og Galway.
Felles middag på hotellet.

Dag 6, laurdag 5. august, Leenane (Galway distriktet) – Athlone – Dublin

Etter ein god frukost skal vi i dag krysse Irland på tvers. Det vert stogg under vegs med både rusletur, borg og historie. Vi et lunsj,  og vel framme i Dublin blir det felles middag. Vi legg også opp til ein rusletur i Dublin sentrum saman med Dag for dei som vil denne kvelden.

Dag 7, søndag 6. august Dublin

I dag skal vi bruke dagen godt. Meir detaljar kjem seinare 

Dag 8, måndag 7. august, heimreise

Flyet heimover går kl. 12.55 via Oslo (landar i Oslo kl. 16.05) til Bergen. Ankomst Bergen kl. 20.25.