I vikingane sine fotefar, Færøyane med kjentmann Dag Lindebjerg 19.-24.juli 2017

– til fots i fjellet og rundtur med buss- ein annleis tur til Færøyane!

  • Dato

    19.07.2017

  • Lokasjon

    Færøyane

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    6 dagar

  • Pris

    Kr. 16.200,-

    Vi fører venteliste, ta kontakt.

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr. 2990,-

60 mil vest for Bergen dukkar Færøyane opp av havet. Eit eventyrleg øyrike som ligg berre ein god times flytur frå Norge. I ei omfattande undersøkjing som tidsskriftet National Geographic gjorde i 2007, gjekk Færøyane til topps som det mest innbydande øy-reisemål i verda! Med topplassering framfor eksotiske øyar som Bermuda og Hawaii, fekk Færøyane desse kommentarane frå eit panel som besto av over 500 «reisespesialistar» : «Deilige upolerte øyer – en fryd for den reisende.» Eit prektig isskapt landskap med utrolig bratte skrentar. Et samstemt lokalsamfunn og en egen bygningskultur som er fornuftig bevart og vernet ..».
I år vert denne turen litt annleis enn dei tidlegare turane våre til Færøyane. Dag Lindebjerg vil i tillegg til å fortelje historia om øyane og la oss bli kjent med folket her, ta oss med på feire fjellturar. Færøyane er i teorien toppen av ei fjellkjede, ei «undersjøisk» fjellkjede som dannar dei 18 øyane vi kjenner som Færøyane. Slettatindur med sine 880 m.o.h. er det høgste av fjella. Desse dagane står både øya Koltur, kongsgarden Kyrkjebøur og Slettatindur står på menyen.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 16200

Depositum kr 2000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Tomt

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 16.200,-
Tillegg for enkeltromKr. 2990,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Torshavn t/ret
  • Flyskatter og avgifter pr desember 2016
  • Transferbuss og annan buss transport
  • 5 netter i delt dobbeltrom, med frukost
  • Utflukter i samsvar med program
  • Lokal guide som i program
  • Middag og lunsj som skissert i program
  • Kjentmann Dag Lindebjerg
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, onsdag 19. juli

Ankomst Torshavn
Vi reiser med Atlantic Airways frå Flesland/Bergen kl. 12.00 til Færøyane. Ankomst Vágar kl. 12.20 lokal tid. Her ventar buss for transport til overnattingsstaden Hotel Havn midt i sentrum av byen. Undervegs vil Dag Lindebjerg informere om programmet for dagane på Færøyane. Ved ankomst hotellet sjekker vi inn, før vi møtast i resepsjonen for å gå til lunsj. Etter lunsj fortset vi med ei lita byvandring i Torshavn –ein av verdas minste hovudstader-
Felles middag på kvelden.

Dag 2, torsdag 20. juli

Rundtur i nordaust Gjøgv og Slettatindur.
Etter frukost pakker vi tursekken og nistepakke før vi blir henta med buss. Turen går nordover på øya Streymoy, over til til øya Eysturoy. Vi skal på Slettatindur. Etter fjelltur vert det sein lunsj i Gjogv. Gjogv som har denne praktfulle naturhamna og landskapet rundt med sine fasinerande klipper og fjell. På ettermiddagen vender vi heimover til Torshavn.
Felles middag på kvelden.

Dag 3, fredag 21. juli

Gåsadalur –halvdagsutflukt-, ettermiddagen fri i Torshavn.
Etter frukost reiser vi på tur til «flyplassøya» Vagar, vi skal mellom anna vitje den vesle bygda Gásadalur og om veret tillèt det vil vi sjå Tindholmen herifrå. Vi får også høyre litt om sjømaten desse øyane er so kjende for denne dagen.
Medbrakt lunsj.
Felles middag i Torshavn.

Dag 4, laurdag 22.juli

Vidareidi og Klaksvik, Gøta
Turen går nordover igjen denne gangen forbi Gøta og over til ei ny øy, Bordøy. Vi fortset vidare gjennom Klaksvik og utover til Vidareidi. Her møter vi Elizabeth som har smurt matpakkar til oss, før vi startar dagens fjelltur. Etter turen vert det lunsj hos Elizabeth på Matstovan. På veg tilbake til Torshavn vert det mellom anna rin stogg i Klaksvik, der dei som vil har høve til å vitje Christianskirka.
Felles middag i Torshavn.

Dag 5, søndag 23.juli

Koltur, Hestur og Kirkjubøur
Etter frukost pakkar vi igjen tursekken vert vi henta i Torshavn kl. 09.00. Turen til den vesle flotte øya «Koltur» (som betyr folen). Dag Lindebjerg forelska seg i denne øya, med sitt fantastisk og urøyvde kulturlandskap. Vi vert frakta dit i rib (båt). Turen tilbake går via Hestur (som er den litt større naboøya) og storgarden Kirkjubøur. På Kirkjubøur –garden der vår eigen Kong Sverre har vokse opp-. Mat undervegs..
Felles middag i Torshavn.

Dag 6,laurdag 24. juli

Heimreise
Bussen denne dagen kjem kl. 05.40 for å hente gruppa. Vi tek farvel med Torshavn og får med oss litt mat på vegen. Avreise Færøyane kl. 07:40, og ankomst Flesland kl. 09.55.
Velkomen til minnerike dagar på Færøyane!