Hebridene med ein smak av Skottland 6.-13. juli 2017

Nytt år og ny tur saman med Dag Lindebjerg

  • Dato

    06.07.2017

  • Lokasjon

    Hebridene

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 20.990,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 3400.-

  • Tilgjengelege billettar

    Turen er fullteikna, men vi  fører venteliste

    Ta kontakt!

Det er National Geographic sin påstand at Hebridene ligg «på kanten av verda». Det er totalt over 500 større og mindre øyar i øygruppa som vert omtala som indre- og ytre Hebridene, men berre i underkant av 100 av desse har busetnad. På vår tur skal vi gjere oss kjende med Ytre Hebridene. Det er dramatiske geologiske omveltingar som har forma øyriket tidlegare tilhøyrde Norge, men no ligg til Skottland. Ilag med Dag Lindebjerg si brennande interesse for øyane, historia,  kulturen og folket vil han med sin fengjande forteljarkunst dele sin kunnskap om både 6000 år historie og kvardagsliv i notid.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 20.990,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Tomt

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 20.900,-
Tillegg for enkeltromKr. 3400,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Aberdeen- Bergen
  • Flyreise Aberdeen- Stornoway
  • Flyskatt og avgift pr 1. november 2016
  • Transferbuss og annan busstransport Hebridene og Skottland
  • 7 netter i delt dobbeltrom, med frukost
  • Ferjebillettar som skissert i program
  • Inngangsbillettar i samsvar med program
  • Lokal guide i samsvar med program
  • Middag og lunsj som skissert i program
  • Kjentmann Dag Lindebjerg
  • Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, torsdag 6. juli

Bergen – Aberdeen – Stornoway
Flyturen går frå Flesland kl. 08:50, med ankomst Aberdeen kl. 09.10 og avreise vidare på ettermiddagen til Stornoway.
Felles middag etter innsjekk på hotellet i Stornoway. Hyggelig prat med ein introduksjon på kva vi har i vente dei neste dagane.

Dag 2, fredag 7.juli

Bli kjent i Stornoway og rundtur nord på Lewis.
Etter ein god frukost skal vi ha ei runde i Stornoway der vi mellom anna skal sjå Rådhuseter, vitje Harris Tweed- utsalet og Stornoway Fishsmokers. På ettermiddagen vert det rundtur nordover på Lewis.
Felles lunsj og middag denne dagen.

Bilde; Butt of Lewis, Foto: Dag Lindebjerg

Dag 3, laurdag 8.juli

Rundtur vestover på Lewis
Denne dagen vert det rundtur vestover på Lewis. Vi skal vitje restane av gamle bustadar, Vikinglandsby, Calanais Standing Stones og mykje meir. Dag Lindebjerg tek oss med rundt i og delar raust av sin kjennskap til øyane og historia. Det vert felles lunsj på turen.
Felles middag på kvelden.

Bilde: Norse Mills, foto: dag Lindebjerg

Dag 4, søndag 9. juli

Køyre Hebridene på langs
Etter frukost set vi kursen sørøver, i dag skal vi køyre store delar av Hebridene på langs. Vi passerer mellom anna dei fantastiske strendene på Harris, vi skal krysse ”Sound of Harris” med ferje, køyre over øyane North Uist, Benbecula og South Uist. Heilt sør på øyan South Uist skal vi overnatte desse to nettene på gjestehuset Polochar Inn.
Felles lunsj og middag.

Dag 5, måndag 10. juli

Barra
Ny dag, ny øy. I dag reiser vi over til Barra, ei av dei to sørlegaste øyane der det endå bur folk på Hebridene. Her skal vi vitje Castlebay «hovudstanden» på Barra, vi skal vitje flyplassen, fiskehamna Barratlantic og Kisimul Castle.
Felles lunsj og middag.

Foto: Dag Lindebjerg

Dag 6, tysdag 11. juli

Ferje over til «fastlands» Scotland og norsover landg Caledonian kanalen.
Tidleg avreise og ferje over til fastlands- Scotland. Dagen i dag skal vi bruke på ein tur Skottland på tvers. Vi køyrer gjennom flott landskap, vitje mellom anna Fort Williams, Urquhart Castle, Loch Ness og sjøormsenteret, samt mykje meir. Vi skal bruke heile dagen i vårt eige tempo.
Felles lunsj under vegs og overnatting i Inverness. Felles middag.

Dag 7, onsdag 12. juli

Inverness – Aberdeen
Etter ein god frukost fortsetter vi med «ein smak av» Skottland. Det vert historie, sjåverde og natur. Det blir mellom anna høve til ein liten stogg på eit whiskey destilleri.
Lunsj under vegs og overnatting i Aberdeen. Felles middag.

Dag 8, torsdag 13.juli

Heimreise
Etter frukost pakkar vi oss ut av romma og nyttar siste dagen til meir Skottland. Flytider heim er; avgang frå Aberdeen kl. 18.35 med ankomst Flesland kl. 20.50.