Hebridene , med ein smak av Skottland, 28. juni- 4. juli 2018

– Med Dag Lindebjerg –

  • Dato

    28.06.2018

  • Lokasjon

    Hebridane

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 20.980,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 3400,-

Det er National Geographic sin påstand at Hebridene ligg «på kanten av verda». Det er totalt over 500 større og mindre øyar i øygruppa som vert omtala som indre- og ytre Hebridene, men berre i underkant av 100 av desse har busetnad. På vår tur skal vi gjere oss kjende med Ytre Hebridene. Det er dramatiske geologiske omveltingar som har forma øyriket tidlegare tilhøyrde Norge, men no ligg til Skottland.
Ilag med Dag Lindebjerg si brennande interesse for øyane, historia,  kulturen og folket vil han med sin fengjande forteljarkunst dele sin kunnskap om både 6000 år historie og kvardagslivet i dag.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 20.980,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 20.980,-
Tillegg for enkeltromKr. 3400,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Aberdeen – Bergen
  • Fly Aberdeen – Stornoway
  • Flyskattar og avgifter, pr. 01. november 2017
  • Transferbuss og annan busstransport Scotland/ Hebridene
  • 6 netter i delt dobbeltrom med frukost
  • Ferjebillettar som skissert i programmet
  • Inngangsbillettar i samsvar med program
  • Middag som skissert i programmet
  • Lunsj som skissert i programmet
  • Kjentmann Dag Lindebjerg

Dag 1, torsdag 28. juni

Bergen – Aberdeen – Stornoway
Flyturen går frå Flesland kl. 07:50 via Stavanger med ankomst Aberdeen kl. 09.05 og avreise vidare på ettermiddagen til Stornoway.
Dag Lindebjerg presenterer programmet for veka.
Felles middag etter innsjekk på Royal Hotel i Stornoway.

Dag 2, fredag 29.juni

Bli kjent i Stornoway og rundtur nord på Lewis.
Etter ein god frukost skal vi ha ei runde i Stornoway der vi mellom anna skal sjå Rådhuseter, vitje Harris Tweed- utsalet og Stornoway Fishsmokers.  På ettermiddagen vert det rundtur nordover på Lewis.
Felles lunsj og middag denne dagen.

Dag 3, laurdag 30. juni

Rundtur vestover på Lewis
Denne dagen vert det rundtur vestover på Lewis. Vi skal vitje restane av gamle bustadar, Vikinglandsby, Calanais Standing Stones og mykje meir. Dag Lindebjerg tek oss med rundt i og delar raust av sin kjennskap til øyane og historia. Det vert felles lunsj på turen.
Felles middag på kvelden.

Dag 4, søndag 1. juli

Køyre Hebridene på langs
Etter frukost set vi kursen sørøver, i dag skal vi køyre store delar av Hebridene på langs. Vi passerer mellom anna dei fantastiske strendene på Harris, vi skal krysse ”Sound of Harris” med ferje, køyre over øyane North Uist, Benbecula og South Uist.
Heilt sør på øyan South Uist skal vi overnatte desse to nettene på gjestehuset Polochar Inn.
Felles lunsj og middag.

Dag 5,måndag 2. juli

Barra
Ny dag, ny øy. I dag reiser vi over til Barra, ei av dei to sørlegaste øyane der det endå bur folk på Hebridene. Her skal vi vitje Castlebay «hovudstanden» på Barra, vi skal vitje flyplassen, fiskehamna Barratlantic og Kisimul Castle.
Felles lunsj undervegs og middag på Polochar Inn.

Dag 6, tysdag 3. juli

Ferje over til «fastlands» Scotland og nordover langs Caledonian kanalen.
Tidleg avreise og ferje over til fastlands-Scotland. Dagen i dag skal vi bruke på ein tur Skottland på tvers. Vi køyrer gjennom flott landskap, vitje mellom anna  Fort Williams, Urquhart Castle, Loch Ness og sjøormsenteret, samt mykje meir. Vi skal bruke heile dagen i vårt eige tempo.
Felles lunsj under vegs og overnatting på Inverness Palace Hotel og Spa. Felles middag tysdag kveld.

Dag 7, onsdag 4. juli

   Inverness – Aberdeen – heimreise
Tid for å pakke kofferten, tid for heimreise.
Etter ein god frukost i  Inverness går turen til Aberdeen. På turen blir det ein liten stogg på eit whiskey destilleri. Lunsj under vegs.
Flytider heim er avreise frå frå Aberdeen kl. 18.35 via Stavanger
med ankomst Flesland kl. 21.50.