Haustdans på Golsfjellet 21.-23. september 2018

I godt selskap med Austrheim Musikklag

  • Dato

    21.09.2018

  • Location

    Gol

  • Avreise frå

    Sandane

  • Lengd

    3 dagar

  • Pris

    Kr. 4675,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr. 400,-

Å kome i fjellheimen om hausten er som å kome til eit fargekart med raudt, gult, grønt , blanda med røsslyng og den lyse reinlaven i fjellet sin grålege farge.  Oset Høyfjellshotel ligg vakkert til ved Tisleiafjorden med utsikt over Golsfjellet, Stølsvidda, Jontunheimen og Hemsedalsfjella, og er omkransa av eit herleg turterreng.

Med dans til musikk av  Austrheim Musikklag, og «fårefestival» på Gol
blir dette ein triveleg haustweekend.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 4675,-

Depositum kr 750,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr.4675,-
Tillegg for enkeltromKr. 400,-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Firda Billag
  • Ferjebillettar
  • Buss Oset- Gol t/ret laurdag
  • 2 netter i delt dobbeltrom
  • 2 frokost
  • 2 middagsbuffet
  • 1 lunsj på Oset Høyfjellshotel, laurdag

Dag 1, fredag 21. september

Turbussen har avreise frå Sandane ca kl. 13.00

Vi kjem til Gol utpå ettermiddagen. Etter innsjekk på hotellet, og litt avslapping, kan vi nyte ein  bugnande  weekendbuffet.

Dans til Austrheim musikklag.

 

Dag 2, laurdag 22. september

Det er  «fårefestival» på Gol, og som arrangørane skriv, her er det:

Sau, gjeting, klipping, bruktmarked, boder, smalahove (?),
fårikål, fårepølse, helgrillet lam, lammestek, lokale råvarer,
….og mange ullete påfunn!!

Kanskje vil du heller nyte haustfjellet, og ta ein tur i naturen?

Bussen vil køyre til Gol og tilbake til hotellet til oppsett tid for dei som ynskjer å få dette med seg, lunsj og felles middagsbuffè på hotellet.  Dans til Austrheim Musikklag

Dag 3, søndag 23. september

Vi et ein god frokost før vi pakkar oss inn i bussen og tek fatt på heimturen.