Gotland, den solrike øya i Østersjøen, 13.- 20. august 2018

Med turleiar Anne Henden

  • Dato

    13.08.2018

  • Lokasjon

    Gotland

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 15.550.-

Allereide ved innseglinga til Visby kjem den store bymuren til syne. Dei mange kyrkjeruinane og den imponerande muren med sine tårn, gjev Visby både ein sjarmerande og dyster stemning, ein heilt spesiell by i skandinavisk målestokk. Middelalderbyen  kom på  UNESCO si verdsarvliste i 1995, og vi får god tid til å utforske denne særeigne byen.
Gotland er det store ferieparadiset for mange. Her er  flotte strender, roleg atmosfære og urørt natur. Under opphaldet skal vi utforske både den nordlege og den sørlege delen av øya.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15500.-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

15 er på lager

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 15.500,-
Tillegg for enkeltromKr. 3650,-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Firda Billag
  • 7 netter i delt dobbeltrom
  • 7 frukost
  • 4 lunsj, dag 1,4,5,8
  • 6 middag
  • Ferje og båt billettar
  • Utflukter som i program
  • Lokal guide på Gotland
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, måndag 13. august

Avreise frå Førde kl. 09.15. Turen går først i kjende trakter til Skei, vidare til Sogndal over fjellet til Gol. Her skal vi ha ein god lunsj stogg på Pers Hotel
Etter pausa, går turen vidare til Oslo der vi stoggar for kvelden. Vi sjekkar inn på Scandic hotel Solli, som ligg på vestsida i Oslo, nær Aker Brygge med sitt yrande folkeliv.
Vi sjekkar inn på hotellet, og så er det å utforske litt av Oslo, kanskje kjøpe seg eit måltid før ein går til ro for kvelden.

Dag 2, tysdag 14. august

Etter frukost er det ny etappe med buss, i dag til Södertälje. Undervegs vert det lunsjstogg.  Reiseleiar og sjåfør finn ein høveleg stad til dette. I Södertälje skal vi bu på Scandic hotel, og etter innsjekk er det felles middag på hotellet

Dag 3, onsdag 15. august

Turen i dag går til Nynäshamn, der  ferja tek oss  over til Visby. Turen tek om lag 3,5 timar. Tida om bord kan ein kanskje nytte til ein liten handel i butikken der ein mellom anna finn delikatesser frå Gotland, souvenir, og  «godis» . Om bord er det høve til å kjøpe seg lunsj i kafeen
Det er også kino om bord , eller kanskje passer soldekket best?
Vel framme i Visby sjekkar vi inn på vårt 4* hotel, Scandic Visby. Hotellet ligg ved ferjeterminalen, med god utsikt over havet og hamna, og med gåavstand til sentrum.
Ettermiddagen brukar vi til å bli meir kjende i Visby, lokal guide tek oss med på rundtur i byen, den går både til fots og med buss. Felles middag på hotellet.

Dag 4, torsdag16. august

Vi skal utforske den nordre delen av Gotland i dag. Lokal guide møter oss på hotellet og blir med på denne dagsutflukta. Vi kjem til Fårösund, der vi tek ein kort ferjetur til Fårö. Kulturlandskapet her er spesielt, mellom anna skal vi Langhammars raukområde på Fårø. Rauk er store steinformasjoner som er rester av klipper som errosjonen ikkje har fått has på. Det store raukområdet på Langhammar er eit av dei mest kjende turistattraksjonane på Gotland.
Dagens lunsj skal vi innta på Fårögården, som er kjend for sin gotlandske middelhavsmat.
Ingemar Bergmann hadde sitt liv og virke på Fårö i 40 år, dette skal vi få høyre meir om på denne turen. Tilbake på hotellet er det felles middag.

Dag 5, fredag 17. august

Turen i dag går sørover. Frå Djupvik i nord til Hammarudden i sør strekkjer Ekstakysten naturreservat seg. Denne kysten vert rekna som ein av dei vakraste på Gotland, og i havet utanfor stig dei sagnomsuste Karlsöerna, eit eldorado for dei som likar fugleliv og sjeldne blomster. I dag skal vi ha lunsjstogg på Majstregården, med ei fantastisk utsikt over havet og naturen kring.
I Vamlingbo skal vi mellom anna innom prestegarden, ein stor turist attraksjonan på Gotland.  Prestegarden, med tilhøyrande hage, har frå 2015 vore i kunstnaren Lars Jonsson sitt eige , den mest kjende fuglemålaren i Sverige. Museum Lars Jonsson finn vi her.
Heimvegen går via Hemse, den største av byane på sørenden av Gotland. Felles middag på hotellet.

Dag 6, laurdag 18. august

Vi skal tilbake til fastlandet, ferja tek oss tilbake til Nynäshamn.
Turen går vidare nordover i Sverige mot Ørebro. Undervegs tek vi stogg for lunsj og  kaffipause.
Her sjekkar vi inn på Clarion Hotel Örebro, som ligg sentralt i byen, berre ein liten rusletur frå Örebro slott og Oscarsparken. Felles middag.

Dag 7, søndag 19. august

Vi kryssar igjen grensa, og før vi kjem tillbake til «gamlelandet», er det tid for ein liten handel  i Sverige. Vi passerer Kristinehamn, Arvika, Charlottenberg, her tek vi ein handlestogg.
Over grensa kjem vi til Magnor, og vi tek oss tid til eit besøk på Magnor glassverk.
Siste stogg på reisa i dag er Lillehammer. Her skal vi på bu Scandic Hotel Lillehammer, i nærleiken av Lysgårdsbakkane, berre ein liten spasertur til hopparena.
Turen er snart over, og siste middagen på ferien vert på hotellet.

 

Dag 8, måndag 20. august

Vi reiser mot vest. Først til Lom, der det vert ein liten stogg slik at dei som ynskjer får ta ein tur innom det kjende bakeriet på Lom. Her er dei populære kanelsnurrane store nok til meir enn ein person.
Vidare gjennom Bøverdalen, forbi Røisheim hotel over Sognefjellet til Turtagrø, her skal vi ha lunsjstogg. Tilbake på Skei er det bussforbindelse til Nordfjord , og vi er i Førde utpå kvelden.