Færøyane, 11.-16. juli 2018

I vikingane sine fotefar til Vesterhavsøyane,
med Dag Lindebjerg som kjentmann

  • Dato

    11.07.2018

  • Lokasjon

    Færøyane

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    6 dagar

  • Pris

    Kr. 17990,-

  • Tillegg for enkeltrom

    kr 2990,-

60 mil vest for Bergen dukkar Færøyane opp av havet. Eit eventyrleg øyrike  som ligg berre ein god times flytur frå Norge. I ei omfattande undersøking som tidsskriftet National Geographic gjorde i 2007, gjekk Færøyane til topps som det mest innbydande øy-reisemål i verda!  Med topp plassering framfor eksotiske øyar som Bermuda og Hawaii, fekk Færøyane desse kommentarane frå eit panel som bestod av over 500 reisespesialistar  «Deilige upolerte øyer – en fryd  for den reisende. Et prektig isskapt landskap med utrolig bratte skrentar. Et samstemt lokalsamfunn og ein egen bygningskultur som er fornuftig bevart og vernet ..».

Dag Lindebjerg vil i tillegg til å fortelje historia om øyane,  la oss bli kjent med folket her og ta oss med på  fjellturar om været tillét det. Øygruppa er toppen av ei fjellkjede, ei «undersjøisk» fjellkjede som dannar dei 18 øyane vi kjenner som Færøyane. Slettatindur med sine 880 m.o.h. er det høgste av fjella. Desse dagane står både øya Koltur, kongsgarden Kyrkjebøur og Slettatindur på menyen.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 17990,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 17990,-
Tillegg for enkeltromKr. 2990,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Torshavn t/r
  • Flyskattar og avgifter
  • Transferbuss og annan busstransport
  • 5 netter i delt dobbeltrom med frukost
  • Utflukter i samsvar med program
  • Lokal guide som i program
  • Middag som skissert i program
  • Lunsj som skissert i program
  • Kjentmann Dag Lindebjerg
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, onsdag 11. juli

Ankomst Torshavn
Vi reiser med Atlantic Airways frå Flesland/Bergen kl. 10.50 til Færøyane. Ankomst Vágar kl. 11.10 lokal tid. Her ventar buss for transport til overnattingsstaden Hotel Torshavn midt i sentrum av byen. Undervegs vil Dag Lindebjerg informere om programmet for dagane på Færøyane. Ved ankomst hotellet sjekkar vi inn, før vi møtast i resepsjonen og går til lunsj. Etter lunsj tar Dag gruppa med på byvandring i Torshavn –ein av verdas minste hovudstader- Felles middag på kvelden.

Dag 2, torsdag 12. juli

Koltur, Hestur og Kirkjubøur 

Etter frukost pakkar vi tursekken. RIB-båtar skal frakte oss over til Koltur. «Koltur» betyr folen. Dag Lindebjerg er spesielt begeistra for denne øya, med sin fantastisk natur og urøynde kulturlandskap. Ute på øya blir vi møtt av Bjørn og kona Lukka -dei to som no driv garden på Koltur. Vi får sjå oss rundt i husa, og håpar på ein fjelltur. Det blir servert lunsj før vi igjen skal ut på havet for RIB tur rundt øya Hestur, den litt større naboøya.
Båtturen endar på storgarden Kirkjubøur -garden der vår eigen Kong Sverre har vokse opp.
Felles middag i Torshavn torsdag kveld.

Dag 3, fredag 13.juli

Sørvagur og Gåsadalur –halvdagsutflukt-

I dag går turen til «flyplassøya» Vagar. Vi skal mellom anna vitje den vesle bygda Sørvagur og lakseprodusenten Hiddenfjord. Vidare går turen utom bygda Gásadalur og om veret tillèt det vil vi sjå Tindholmen. I dag nyt vi medbrakt lunsj.

Felles middag i Torshavn på kvelden.

Dag 4, laurdag 14. juli

Rundtur i nordaust Gjogv og Slettatindur.

Etter frukost pakker vi på ny tur-sekken før vi blir henta med buss. Turen går nordover på øya Streymoy, over til øya Eysturoy. Vi skal på Slettatindur – Færøyane sitt høgste fjell. Etter fjellturen vert det sein lunsj i Gjogv. Gjogv som har ei praktfulle naturhamna og landskap med  fasinerande klipper og fjell.
På ettermiddagen tar vi buss heimover til Torshavn.
Felles middag på kvelden.

Dag 5, søndag 15. juli

Vidareidi og Klaksvik, Gøta

Ny dag, nytt fjell. I dag går turen nordover igjen. Denne gangen forbi bygda Gøta, over til øya Bordøy, gjennom hovudstaden i nord Klaksvik og over til øya Vidøy. I bygda Vidareidi møter vi den lokale dama Elizabeth som har smurt matpakkar til oss, desse kan komme godt med på dagens fjelltur på Villingadalsfjellet. Etter turen vert det lunsj hos Elizabeth på Matstovan i Vidareidi. På veg tilbake til Torshavn vert det eit par stogg, mellom anna i Klaksvik og Gøta.

Felles middag i Torshavn søndag kveld.

Dag 6, måndag 16.juli

Heimreise

Bussen denne dagen kjem kl. 05.40 for å hente gruppa. Vi tek farvel med Torshavn – for denne gang.
Avreise frå Færøyane kl. 07.40, og ankomst Flesland kl. 09.55.

 

Velkomen til minnerike dagar på Færøyane!