Dagstur til Sogn - Lustrafjorden rundt 24. juli 2018

  • Dato

    24.07.2018

  • Lokasjon

    Luster

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    Dagstur

  • Pris

    Kr. 1990.-

På denne turen til Sogn skal vi innom Lustrabui, Urnes, Solvorn og Gaularfjellet.

Vi startar frå Førde Rutebilstasjon kl. 08.00, køyrer via Skei til Fjærland. Vidare går turen til Luster der det vert eit kort stopp på Lustrabui for ein kaffikopp og noko lite å ete. Her kan du og kjøpe deilig heimebakst om du vil. Om du er oppmerksam vil du på andre sida av fjorden sjå fantastiske Feigefossen. Berre Vettisfossen i Øvre Årdal har eit større fritt fossefall enn Feigefossen.

Deretter køyrer bussen via Skjolden til Ornes, der det først vert ei omvisning i Urnes Stavkyrkje.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 1990,-

Depositum kr 500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 1990,-

Eventuelle tilleggsbestillingar legg du til når du har lagt til turen i handlekorga.

Inkludert i prisen:

  • Bussreise frå Førde
  • Fergebillettar
  • Guiding Urnes Stavkyrkje
  • Middag og kvelds
  • Kaffi og skillingsbolle på Lustrabui
  • Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Tysdag 24. juli

Den gamle stavkyrkja frå ca 1140 er eit praktbygg og ligg fint til oppe i lia på Urnes. Den står på UNESCO si verdsarvliste. Eit lite museum er og tilknytta kyrkja og er verdt ei besøk.
Etter omvisninga et vi middag på Urnes Gard og Hjortefarm som ligg rett ved kyrkja. Her kan du sjå korleis dei driv garden med frukt og grønt i tillegg til at du kan sjå hjort på nært hald.
Ferja tek oss frå Ornes til Solvorn der det vert eit kort stopp i den vakre bygda. Her finn du Solvorn Kyrkje frå 1883 og det 300 år gamle erverdige Walaker hotell. Solvorn har vore handelsstad, kyrkjestad, tingstad og sete for Sorenskrivaren i Indre Sogn.
Vi køyrer derifrå langs Sognefjorden og tek ferja Hella – Dragsvik. Der startar oppstiginga til Gaularfjellet og vi tek ein fotostopp oppe på det nye utkikspunktet.
Derifrå køyrer vi over Gaularfjellet og ned til Flatheim Gard. Her driv dei med overnatting og servering, i tillegg til at det er ein friluftsgard med mange innslag av forskjellige dyr. Garden ligg nære den populære Fossestien. Her vert det ein lettare kveldsmat.
Turen går så attende til Førde der vi bereknar ankomst utpå kvelden.