Vandretur i Cinque Terre 6.-12. september 2017

  • Dato

    06.09.2017

  • Lokasjon

    Cinque Terre

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 16.780.-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr. 1900.-

  • Tilgjengelege billettar:

    Få plassar att.

    Ta kontakt for påmelding

Frå by til by, dei fem små byane i Cinque Terre, som i dag er på Unesco si verdsarvliste
Det er magisk å vandre i desse bratte åsane med middelhavet som blinkar så langt ein kan sjå.
– maleriske klippebyar, vinranker,olivenlundar og asurblått middelhav

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 16.780.-

Depositum kr 2000,- per person vert fakturert kort tid etter bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel tal reisande før du trykkjer kjøp. Kjøpet vert er ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 16.780.-
Tillegg for enkeltromKr. 1900.-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Amsterdam – Genova t/ret med KLM
  • 1  innsjekka bagasje
  • Bustransfer flyplass til hotel t/ret
  • 6 netter i delt dobbeltrom Hotel Nazionale , Levanto
  • Båtbillettar iflg program
  • Togbillettar iflg program
  • 6 frukost, 3 lunsj, 5 middag
  • Turleiar Tore Storkås

Dag 1, onsdag 6. september

Frammøte på Flesland flyplass i god tid før flyavgang kl. 06.30 Vi reiser med KLM via Amsterdam,kjem dit kl. 08.10, og reiser vidare 11.40 og er framme i Genova kl. 13.25 Opplevingsrike dagar ventar oss ved den italienske rivieraen. Transferbussen tek oss til Hotel Nazionale ,eit godt 3-stjerners hotell i den gamle badebyen Levanto. Bussturen tek ca 1,5 timar, og vi er framme ca kl.15.30. Hotellet ligg 100 meter fra havet og på terrassen kan du nyte utsynet over havet og den vakre naturen. Felles middag på hotellet om kvelden.

Dag 2, torsdag 7. september

Vandretur Levanto – Monterosso
Vandreturen frå Levanto til Monterosso er 7km. og høgdeskilnaden på dagens etappe er omlag 500m. Vi reknar med å bruke 4 timar på turen.
Vi gjev oss tid til ein god frukost denne første morgonen i Italia før vi skal på tur. Denne første vandredagen går turen på dei gamle vandrestiane til Monterosso, ei strekning som byd på fantastisk natur og flott utsikt. Kystperla Monterosso er ein kunstnarby, som også er kjent for sine gode sitrusfrukter. Vi nyt dagens lunsj og ser oss litt omkring i byen før det vert retur med tog til hotellet i Levanto der vi samlast om kvelden til felles middag.

Dag 3, fredag 8. september

Levanto-Manarola-Vernazza–Corniglia–Levanto
Dagens vandring er ca. 7km med ein høgdeskilnad på 400m. Vi brukar omlag 3 timar å gå denne turen.
Etter frokost tek vi toget til hamnebyen Manarola som er den nest største av Cinque Terre byane, og blei grunnlagt på 1100 talet. Tradisjonelle næringsvegar er fiske og vindyrking. Alt i romartida var området kjent for sine gode vinar. Byen ligg på ei klippe over ei lita bukt med molo, som gir ly til ei lita havn for lokale fiskebåtar. Manarola ligg i bratt terreng og bygnaden startar ca 100 m høgde over havet . Fra Manarola går ein langs panoramastien til Corniglia, ein tur som tek ca. 3 timar. Her opplever vi kanskje den mest fantastiske utsikta av alle dei fem landsbyene vi skal vitje. Vi vert servert ein god lunsj på Ristorante La Posada før vi går ned til jernbanestasjonen og tek toget til Vernazza. Byen er den einaste av Cinque –Terre byane som har skikkeleg havn med molo.
Etter å ha sett oss rundt, tek vi toget tilbake til Levanto og samlast til felles middag og deler opplevingar vi har hatt på dagens etappe.

Dag 4,laurdag 9. september

Portefino – San Fruttuoso di Capodimonte
Etter frukost tek vi toget til S.Margherita. Deretter båt til Portofino, den vesle fiskarbyen på rivieraen som er mest kjend som ein internasjonal jetsetby saman med Marbella og St.Tropez. Vi kan rusle i dei gamle Hollywood-stjernene sine fotspor og kjenne på atmosfæren som trekte til seg ”fiffen” frå kjendisverda på 60-talet…
Men vi skal på vandretur og denne dagen vert det ein lett to-timars tur til San Fruttuoso di Camogli, ein liten koseleg busetnad med utsikt over havet. Her finn vi mellom anna eit 1000 år gamalt benediktinerkloster som vart bygd opp att og restaurert på 1600-talet.
Attende i Levanto er resten av dagen til fri disposisjon. Middag på eiga hand denne dagen.

Dag 5, søndag 10. september

Palmeria og Portovenere
Ein god frukost før vi tek toget til La Spezia og båt vidare til Portovenere
”den vakre havna” som og er på Unesco si verdsarvliste. Vi leiger privatbåt som tek oss med på sightseeing rundt øyane før vi reiser tilbake til Portovenere. Ein fargerik, liten hamneby og eit viktig kultursenter. Frå dei spektakulære utsiktspunkta på øya kan vi beundre dei vakre omgjevnadane. Vi skal på ein kort byrundtur der vi mellom anna skal innom dei vakre kyrkjene San Lorenzo og San Pietro. Vi vitjar også grotta som er oppkalla etter den engelske poeten Lord Byron som hadde sin residens i byen på 1800-talet. Felles lunsj på Trattoria alla Marina før vi tek båten tilbake til La Spezia og toget vidare tilbake til Levanto. Felles middag på kvelden.

Dag 6, måndag 11. september

Frukost på hotellet. Dagen til eigen disposisjon.Nokon vil gjerne slappe av på stranda,medan andre gjerne vil utforske området nærmare.
Vi samlast til avskjedsmiddag denne siste kvelden på rivieraen ved Liguriabukta.

Dag 7, tysdag 12. september

Tidlig transfer til flyplassen  i Genova for heimreise. Flyavgang med KLM kl. 13.55 via Amsterdam, ank Amsterdam kl. 15.50. Vidare derifrå kl. 21.10 til Bergen,  ankomst kl. 22.50

Ein opplevingsrik tur til fem vakre perler – Cinque Terre – er over for denne gang, med nye reiseminner som vi kan ta fram på mørke haustkveldar.