Blomstertur til Flor og Fjære 26.-29. juli 2018

– med turleiar Anne Henden-

  • Dato

    26.07.2018

  • Stavanger

    Danmark

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    4 dagar

  • Pris

    Kr. 8600,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 1300,-

Er du glad i blomster? Treng du inspirasjon til hagen? I sommar går turen til Flor og Fjære.
Dette fantastiske hageanlegget som ligg på øya Hidle nord for Stavanger blir stadig utvikla og utvida. Her kan du finne nye idear til din eigen hage eller du berre nyte synet av alle blomane og fargane.
Vi vitjar og eit nytt hageanlegg i Bekkjarvik og reiser innom Arboretet på Milde. På Milde har dei Noregs største rosesamling og Nordens største Rododendron samling. Innimellom all blomsterprakta tek vi oss tid til ein tur på Lysefjorden.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 8600,-

Depositum kr 1500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 8600,-
Tillegg for enkeltromKr. 1300,-

Inkludert i prisen:

  • Buss frå Førde t/r
  • Tre overnattingar i delt dobbeltrom
  • Tur til Lysefjorden og Flor & Fjære
  • 3 middag
  • 3 lunsj
  • Ferge og bompengar
  • Omvisning i følge program
  • Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1,torsdag 26. juli

Dag 1   Førde – Byparken i Bekkjarvik – Haugesund

Vi starter frå Førde Rutebilstasjon kl. 08.00, bussen køyrer til Lavik der vi tek ferja over til Oppedal. Der blir det tid til ein kopp kaffi. Lunsj et vi på Roalds Kro i Åsane. Vidare køyrer vi til Krokeide der ferja går over til Hufthamar.
I Bekkjarvik skal vi på omvisning i den nyanlagde parken til Inge Halstensen. Den vart opna i 2016.
Etterpå blir det litt tid på eigahand før vi reiser vidare til Husavåg for å ta ferja over til Sandvikvåg. Derifrå tek det halvannan time å køyre til Haugesund,  vi skal overnatte på Clarion Collection Hotel Amanda og avsluttar dagen med felles middag.

Dag 2, dato, fredag 27.juli

Dag 2   Haugesund – Flor og Fjære – Stavanger

Etter frukost og utsjekk køyrer vi til Arsvågen og tek ferja over til Mortavika. Når vi kjem inn til Stavanger et vi ein god lunsj før vi går om bord i ein av Rødne sine hurtigbåtar for tur inn i Lysefjorden som er kjent for Preikestolen og Kjærag.
Når vi har sett oss ferdig i Lysefjorden går båten direkte til Flor & Fjære der vi skal på omvisning og ete middag. Det flotte hageanlegget til familien Bryn er blitt svært så populært og tusenvis strøymer til øya i løpet av sesongen.
Det blir god tid til å gå rundt på eigahand før båten går tilbake til Stavanger.

Dag 3, laurdag 28.juli

Dag 3   Stavanger – Bergen

Laurdag køyrer vi tilbake til Mortavika og tek ferga over til Arsvågen. Deretter køyrer vi innover i Hardanger og stoppar ved Åkrafjordtunet. Her får vi servert rømmegraut med deira prisbelønte spekemat.
Vidare går turen i retning Odda og Kinsarvik før vi køyrer over Hardangerbrua. Vi stoppar i Norheimsund der vi overnattar på Sandven Hotel. Vi avsluttar dagen med felles middag på hotellet.

Dag 4, søndag 29. juli

Dag 4 Aboretet/Botanisk hage Milde – Førde

Vi besøker, og får omvisning på Arboretet og Botanisk Hage på Milde. På Arboretet er det 5000 planteslag frå heile verda og dei har Norge si største rosesamling. I tillegg har dei Nordens største Rhododendronsamling. Vi får servert lunsj i Blondehuset som ligg inne på Arboretet. Blondehuset vart flytta frå Haukelandsveien då Haukeland Sjukehus skulle utvide i 1973. Pakterboligen frå Nedre Treet kan førast tilbake til 1840-åra.