Blomstertur til Amsterdam og Keukenhof 12.-16. april 2018

  • Dato

    12.04.2018

  • Lokasjon

    Amsterdam

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    5 dagar

  • Pris

    Kr. 14.990,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 4120,-

I tulipansesongen valfartar tusenvis av turistar til Amsterdam. Men Amsterdam er langt meir enn blomar og tresko. Amsterdam har nesten 2500 husbåtar og nesten 1300 bruer. Det seier seg sjølv at det renn mykje vatn gjennom Amsterdam. Og der det er vatn veks det. Byen er ikkje berre tulipanane sin heimby, men heimen for nokre  av Europa sine mest kreative og tolerante menneske.
Den gamle leilegheita der Anne Frank budde inntil ho 04.august 1944 vart oppdaga og send til konsentrasjonsleir, er byen sin mest vitja turistattraksjon. Vel verd eit besøk, men du må rekne med lange køar, heile året.
Keukenhof er eit hageanlegg som ligg i byen Lisse, ikkje langt frå Amsterdam. Parken er ein stor turistattraksjon dei to månadane dei har ope. Her er det overflod av  både tulipanar og mange andre typar blomster, du finn fleire etestadar der du kan få deg ein matbit, og du kan ta deg ein båttur på kanalen som går rundt parken.
Vi skal bu på Hampshire Hotel Eden Amsterdam som ligg vakkert til midt i Amsterdam sentrum ved kanalen Amstel, som er den eldste kanalen i byen. Byen sitt livlige kafeliv kan du sjå ved torget Rembrandtplein, rett bak hotellet. Hotellet ligg midt i mot Operahuset, nært shoppingstrøk, og har ei eiga brygge som vert brukt når hotellet sine gjestar skal på kanaltur. I lobbyen på hotellet får du servert noko lite å ete.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 14990,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 14990,-
Tillegg for enkeltromKr. 4120,-

Inkludert i prisen:

  • Fly Bergen – Amsterdam t/r
  • skatt og avgift
  • 1 kolli innsjekka bagasje pr prs
  • 4 netter i delt dobbeltrom
  • 4 frukost
  • 1 lunsj
  • 4 middag
  • Utflukter som i program
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, torsdag 12. april

Avreise frå Bergen kl. 17.35 ankomst Amsterdam kl. 19.20
Buss frå flyplassen til hotellet. Lokal guide er med bussen inn til byen.

Kl. 21.00 Felles middag på Haesje Claes.

Haesje Claes serverer tradisjonelle retter i ekte hollandsk miljø. Restauranten består av seks gamle bygningar der originalinteriøret er bevart, som til dømes smale trapper og korridorer samt gamle måleri på veggane. Restauranten opna i 1974 og er døypt etter fru Haesje Claes som kom frå ein rik kjøpmannsfamilie.

Dag 2, fredag 13. april

Frukost og avreise til Keukenhof
 Frå 1401 til 1436 var det  grevinne Jacoba van Beieren  som eigde dette området. Det starta med ein liten kjøkenhage, der grevinna sådde urter og blomar. Frå 1949 har området vakse til ein 32 hektar stor hage. Om hausten blir det kvar dag planta 100 000 løkar, og når våren kjem og sesongen startar, veks det opp over 7 millionar blomstrar  i ei fantastisk fargeprakt. I Keukenhof finn vi òg ein orkidepaviljong, temahagar og små sjøar. Det er ei stor oppleving å rusle i denne flotte parken.

Dag 3, laurdag 14. april

Tur til Edam og Volendam – halvdagstur
Frukost på hotellet før avreise til Edam og Volendam
Edam
Det første ein tenkjer når ein høyrer ordet Edam er ost. I århundre har Edam produsert osten med same namn, og den er blitt eksportert over heile verda. Men Edam er mykje meir enn ost. Byen har ei rik historie frå 1200-talet, så fiskarar og bønder busette seg ute ved elva Ye. I byen var det ein dam som først var Yedam og seinare Edam.
Denne vesle byen vart utvikla til ein fremgongsrik by under den gyldne tida på 1700-talet då skipsbygging vart ein viktig del av økonomien. Vakre velbevarte bygningar, torg, bruer og monument vil ta deg tilbake i tida. Du har god tid til å rusle rundt på eigahand.
Volendam
Ein unik fiskelandsby som har bevart sin karakter i over 600 år, med små bygder, hus som har den tradisjonelle grøne fargen og unike bruer og kanaler som gjev ein romantisk atmosfære.
Vi stoppar på restaurant Spaander som ligg vakkert ved Volendam si gamle havnepromenade. Hotellet har ein genuin historie 125 år tilbake i tid. Mange kunstnarar budde på Spaander og dei betalte gjerne hotellopphaldet med kunst. Kunstverka heng i dag i restauranten.
Kanalbåttur med treretters middag
Opplev en triveleg middag på Amsterdam sine vakre kanalar, med bruer, husbåtar og gamle kanalhus. Kanalane her står på UNESCO si verdensarvliste. Turen tek to timar og det blir servert middag med drikke fra den hollandske baren.

Dag 4, søndag 15. april

Dette blir ein fridag, ta gjerne ein tur innom huset til Anne Frank, eller berre rusle rundt i gatene i byen. Lunsj på eigahand, turleiar vil vere tilgjengeleg.
Vi møtast i resepsjon til avtala tid, og rusler til Restaurant Lt. Cornelis der vi skal ha avslutningsmiddag kl. 19.00
På restaurant Lt. Cornelis får du nyte spesielt utvalde rettar i eit unikt og avkoblande miljø. Restauranten ligg i hjartet av Amsterdam, nær blomstermarkedet. Restauranten sin målsetting er å la gjestane oppleve kva glede det hollandske kjøkenet kan gje gjennom å kombinere ei blanding av historia med notida, og alltid utnytte dei beste hollandske ingrediensane for sesongen.

Dag 5, måndag 16. april

Frukost på hotellet før transferbussen hentar oss. Vi har avreise frå Schipol flyplass kl. 12.00 og er tilbake i Bergen kl. 13.40