Yogareise til Umbria i Italia 20.-27. september 2018

– ei sanseleg veke på klosteret Il Convento-

  • Dato

    20.09.2018

  • Lokasjon

    Umbria

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 13.900.-

  • Fullteikna, vi fører venteliste

    Ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå

Distriktet Umbria går over i Toscana, midt i hjartet av Italia.
Eit vakkert stykkje Italia med historiske landsbyar, god lokal mat
og med den rolige italienske stemninga.
Kvar einaste dag får vi nyte det lokale kjøkenet på klosteret. Dei nyttar kortreiste råvarer og er lidenskapeleg opptekne av kva som blir servert. Dette er ei veke for alle sansar.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 13900,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Tomt på lager

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 13.900,-

Inkludert i prisen:

  •  Flyreise Bergen  – Roma t/
  • 1 kolli innsjekka bagasje
  •  Busstransfer frå Roma til Trevi
  •  7 netter i delt dobbeltrom på Il Convento
  •  Vin til enkelte måltid
  •  7 frukost, 6 lunsj og 6 middag
  •  Anette Røsandhaug som yoga instruktør
  •  2 varierte yoga økter kvar dag
  •  Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

På reisa er det 2 yoga økter kvar dag.
Yoga er ei god form for fysisk trening, men det er og ei øving i å vere til stades og å vere konsentrert.
Som ein eldgamal disiplin og filosofi, fremmer yoga tradisjonen helse, tilfredsheit og ro.
Balanse, styrke og fleksibilitet for kropp og sinn. Pust, merksemd og avspenning er vevd inn ilag med dei fysiske øvingane.
Yoga er ei skånsam treningsform, med stor effekt på musklar, skjelett og ledd.
Yoga er ein holistisk retning, som tek med heile mennesket.
Det er ikkje fokus på enkelte muskelgrupper, men ein gjer øvingar som er bra for heile kroppen, som indre organ, fordøyelse, nervesystem, pust og sinn.
Yoga er personlig. Kva ein legg vekt på, eller har nytte av – er opp til kvar enkelt.
Menneske i alle aldrar, med ulik bakgrunn og evner vil ha glede av Yoga.

Reisemålet Ilconvento
Vi flyg direkte frå Bergen kl. 16.20 med ankomst Roma kl. 19.30. Frå Roma reiser vi med buss nordover til Umbria og Ilconvento: „Italia sitt grøne hjarte“
Umbria ligg midt i Italia og er ein oase. Eit mjukt bølgjande landskap med elvar som slyngar seg gjennom det grøne. Her lever dei „det gode liv“
i små og mellomstore byar med stolte tradisjonar. Regionen andar fred og harmoni. Kanskje ikkje tilfeldig at den heilage Frans av Assisi kom nettopp herifrå?
Vi skal bu i det gamle klosteret Abbazia di San Pietro: Ilconvento: http://www.ilconvento.org/no
Hotellet ligg ca 2,5 timar med buss frå Roma.

Mellom yoga samlingane kan du nyte eiga tid på området rundt klosteret, mellom vinrankar og oliventre.

Anette Eide Røsandhaug
er yoga lærar på reisa. Kjent og kjær for mange.
Ho har praktisert yoga i mange år og tok si første Yogalærer sertifisering i 2012, i Hata yoga.
I 2014 tok ho nok ei lærar utdanning og blei sertifisert i Ashtanga yoga.
For Anette er yoga blitt mykje meir enn trening. Det er ein livsstil som fargar tankar, haldningar og handlingar. Ho ønsker å dele sin lidenskap med fleire – og at DU og skal få finne velvære, aksept, styrke og ro ilag med henne – på yogamatta i vakre Umbria.

 

Frukost, lunsj og middag vert  kvar dag servert  i hagen til klosterert – på langbord.
Ilconvento er valt med omhug – for at du skal få et godt opphald for kropp, sjel, sinn og sansar.
Veka i september vil forlenge sommaren samt korte ned vinteren.
Nye erfaringar, gode samtaler, påfyll, kvile og velvære.
Frø som blir sådd og som vil spire, blomstre og bære frukt lenge etter du kjem heim.

 

Denne veka vil gje deg:
2 daglige yoga økter, morgon og ettermiddag, med variert trening tilpassa ulike nivå.
Det blir varierte timar med ulike former for Yoga. Anette har stor kunnskap og lærdom.
Retur frå Roma

Siste dag reiser vi tidlig frå Ilconvente til Roma.
Vi får ein heil dag i Roma før avreise med Norwegian kl. 20.25
– direkte til Bergen, ankomst Flesland kl. 23.45.