Yoga reise til Sri Lanka 31. januar - 9. februar 2020

  • Dato

    31.01.2020

  • Lokasjon

    Sri Lanka

  • Avreise frå

    Oslo

  • Lengd

    10 dagar

  • Pris

    Kr. 28.500,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 3600,-

Når dagane blir korte, mørke og på det kaldaste her i Norge er det perfekt å reise sørover til sol og varme. Til vakre strender, asurblått hav og vennlege menneske – kombinert med ein spennande kultur.
Varm sand mellom tærne, lyden av bølgene frå havet og avkopling frå kvardagen. Eigentid i velbehag, der sansane nyt møte med ei ny verd, og smak og lukt frå eksotisk krydder og frukt.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 28500,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 28.500,-
Tillegg for enkeltromKr. 3600,-

Eventuelle tilleggsbestillingar legg du til når du har lagt til turen i handlekorga.

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Oslo  – Colombo t/r
  •  Busstransfer frå flyplass til hotell t/r
  • Innsjekka bagasje
  •  8 netter i delt dobbeltrom på Hotel Ayurvie Weligama 
  •  Alle måltid inkludert: frukost, lunsj, middag
  •  2 timars Ayurveda behandling 7 dagar
  •  Utflukter som nemnt i programmet
  • Anette og Gunhild er med som yoga instruktørar
  •  Varierte yoga økter kvar dag
  • Ikkje inkludert i prisen:
  •  turistskatt
  • tips til betjening
  •  evt. mat og drikke utanom hotellet

Dag 1 og 2, fredag 31. januar, laurdag 1. februar

Dag 1-2                       fredag 31.januar – laurdag 1.februar 2020

Avreise frå Gardermoen kl. 14.10 med Emirates – via Dubai – ank. Colombo, Sri Lanka kl. 08.25 lørdag morgon. Transfer frå flyplassen i Colombo, 2,5 times køyring heilt sør på øya til Weligama som ligg like ved Unawatuna og Galle – for dei som er kjent. Innsjekk og lunsj på Hotel Ayurvie Weligama 

Yoga økt Middag på hotellet.

Etter innsjekk er det første introduksjon til Ayurveda.
«Tusenvis av år før moderne medisin vitenskapelig bevis finner en sammenheng mellom sinn og kropp, har Rishis of India utviklet det terapeutiske systemet av Ayurveda – som er en livsvitenskap (Ayur = liv, levetid – Veda = vitenskap eller kunnskap) Det gir en visdom som er utformet for å hjelpe folk å holde seg levende og sunn mens de realiserer sitt fulle menneskelige potensiale.
Ifølge ayurveda består menneskekroppen, som natur, av fem elementer: jord, vann, brann, luft og eter. Disse fem elementene er representert i mennesker i form av tre typer fysiske og mentale grunnlover – doshas på sanskrit-språket (bryter balansen) – som kalles Vata, (elementer = luft og rom med link til bevegelsesprinsipp) Pitha, ( elementer = brann og vann med kobling til prinsippet om energi og kapha, (elementer = brann og jord med link til stabilitet, struktur.)
Gjennom naturlige prosesser (ernæring, planter, massasje, yoga, meditasjon) kan Ayurveda gjenopprette en balanse mellom disse elementene i henhold til Dosha.»

Dag 3-8 søndag 2. – lørdag 8.februar

2 økter med Yoga kvar dag med Anette og Gunhild

På hotellet er det òg timar med meditasjon og eigne yoga klasser som ein kan delta på i tillegg.

Utflukter i løpet av veka:
Fortress of Galle
Besøk i Bimbara Temple
Utflukt til ein te-plantasje og kanel fabrikk

Alle måltid er inkludert i prisen. Alle måltid på hotellet

Dag 9 søndag 9.feb

Morgon yoga før avreise Frukost på hotellet

Transfer frå hotellet til Colombo med egne guide og sjåfør.

Flyavgang kl. 02.55 på natta – via Dubai – ank. Gardermoen kl. 12.00 søndag 9.februar

Anette Eide Røsandhaug og Gunhild Giil Desilet

Lær korleis du får kroppen i balanse. Nyt strandlivet på Sri Lanka. Vi kombinerer yoga, trening,   mindfulness med den ultimate spa behandlinga – Ayurveda.
2 timars Ayurveda behandling dagleg er inkludert i reisa. Kva behandling er tilpassa kvar enkelt.
Vi skal sveitte, le og puste kvar dag i tillegg blir du massert frå topp til tå – kvar dag. Det gjere godt for ein kald og kanskje stiv vinter kropp.
I tillegg til trening og spa behandlingar blir god tid til strand og kultur-opplevingar  i Galle, Hikkaduwa og områda rundt.

På reisa er det 2 yoga økter kvar dag med Anette og Gunhild.
Yoga er ei god form for fysisk trening, men det er og ei øving i å vere til stades og vere konsentrert.
Som ein eldgamal disiplin og filosofi fremmer yoga tradisjonen helse, tilfredsheit og ro.
Balanse, styrke og fleksibilitet for kropp og sinn. Pust, merksamheit og avspenning er vevd inn ilag med fysiske øvingane. Yoga er ei skånsam treningsform, med stor effekt på musklar, skjelett og ledd.
Yoga er ein holistisk retning, som tar med heile mennesket.
Det er ikkje fokus på enkelte muskelgruppe, men ein gjer øvingar som er bra for heile kroppen.
Som indre organ, fordøyelse, nervesystem, pust og sinn.
Yoga er personleg. Kva ein legg vekt på, eller har nytte av – er opp til kvar enkelt. Menneske i alle aldrar, med ulik bakgrunn og evner vil ha glede av Yoga.

Anette Eide Røsandhaug

Anette Eide Røsandhaug tok si først Yogalærer sertifisering i 2012 i Hata yoga. I 2014 tok ho nok ei lærar utdanning og blei sertifisert i Ashtanga yoga. Og ho har 140 timar workshops og kurs i Iyengar yoga.
I tillegg til dette er Anette utdanna sjukepleiar med god kunnskap om anatomi og korrekt tilrettelegging i yogapraksis.

d.

Gunhild Giil Desilet

Gunhild Giil Desilet

«Etter bare en time med Hatha yoga i USA i 2002 blei eg ‘hekta’ på yoga. En time på matta hadde gitt meg ein så sterk lykkefølelse at eg visste på slutten av den første timen at dette var eg nødt til undervise til andre. I 2007 utdanna eg meg til yogalærer med bakgrunn Ashtanga yoga frå Red Lotus School of Yoga i Michigan, USA.

Eg har hatt gleda av å undervise yogis i alder 0-97 år i Norge, USA og Australia. I timane mine delar eg dei mentale, emosjonelle, fysiske og spirituelle godene frå yoga og meditasjon. Yoga er alt dette for meg. Yoga er hele pakken!»

Sri Lanka

Sri Lanka

Sri Lanka har eit tropisk, varmt klima med høg luftfuktigheit prega av sydvest-monsunen om sommaren og nordaust-monsunen om vinteren. Ved kysten er gjennomsnittstemperaturen på dagtid ca. 30 grader året rundt. Nattetemperaturen og vatn temperaturen er og ganske like heile året. Vintermånadane januar, februar og mars er dei tørraste.
Sri Lanka, og kalla «Perla i det Indiske hav», har eit variert landskap og ein mangfaldig kultur. Dei smilande menneska, som har for vane å vogge med hovudet, er gjestfrie og nysgjerrige på oss som er på besøk. Menneska på Sri Lanka er eit av høgdepunkta på reisa. Andre høgdepunkt er landskapet og kulturen, strendene, teen som dyrkast, maten som serverast og dei historiske, storslått monumenta. Sri Lanka er eit eineståande land.

Hotel Ayurvie Weligama

https://www.themeresorts.com/ayurvieweligama/

Vi har valt det miljøvennlege hotellet Ayurvie Weligama som ligg i bukta på ei urørt strandstrekning. Hotellet er designet for å kunne tilby kresne gjester det beste innan Ayureda-velvære.
Store opne rom som alle vender ut mot havet – i mandala design. Ein nytelse for sansane.

Hotellet serverer 100% vegetarisk kost og bio mat som er smakfullt laga til med økologiske grønsaker frå eigen hage.

I baren på hotellet «Arishta» blir det servert dei mest fantastiske fersk juice og utredrikker. Alt laga med naturlege og kortreiste råvarer. Det blir ikkje servert alkohol eller kolsyreholdig drikke. Alt er naturleg