Yoga reise til Mallorca 22.-29. september 2019

-med Annette Røsandhaug-

  • Dato

    22.09.2019

  • Lokasjon

    Mallorca

  • Avreise frå

    Oslo Gardermoen

  • Lengd

    8 dagar

  • Tilgjengelege billettar

    Kun doble rom ledig

  • Pris

    Kr. 14.800,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 2500,-

Unn deg ei veke med dagleg yoga og fullstendig avkopling på eksotiske Mallorca!
Når du vender heim til haustmørket og kvardagen vil det være med ny vitalitet, ekstra energi – fylt opp med overskot!

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 14800,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

6 på lager

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 14800,-
Tillegg for enkeltromKr. 2500,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Oslo  – Palma de Mallorca t/r
  •  Busstransfer frå flyplass til hotell t/r
  •  7 netter i delt dobbeltrom på Maritim Galatzo Hotel
  •  7 frukost og 7 middag
  •  Anette som yoga instruktør
  •  2 varierte yoga økter kvar dag
  •  Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

På reisa er det 2 yoga økter kvar dag.
Yoga er ei god form for fysisk trening, men det er og ei øving i å vere til stades og å vere konsentrert.
Som ein eldgamal disiplin og filosofi fremmer yoga tradisjonen helse, velnøye og ro.
I tillegg er balanse, styrke og fleksibilitet for kropp og sinn,  pust, merksemd og avspenning vevd inn ilag med dei  fysiske øvingane. Yoga er ei skånsom treningsform, med stor effekt på musklar, skjelett og ledd.
Yoga er ei holistisk retning, som tek med heile mennesket.
Det er ikkje fokus på enkelte muskelgrupper, men ein gjer øvingar som er bra for heile kroppen, som indre organ, fordøyelse, nervesystem, pust og sinn.
Yoga er personlig. Kva ein legg vekt på, eller har nytte av – er opp til kvar enkelt.
Menneske i alle aldrar, med ulik bakgrunn og ulike evner vil ha glede av Yoga.

Palma de Mallorca
Den spanske øya lokkar med vakre strender, deilig tapas og solrike dagar. Legg til yoga med Anette – og du har den ultimate reisa.
Du har sikkert høyrt det før, at Baleararane sin hovudstad Palma de Mallorca er Spania sin hippaste by. Den er vakker som Barcelona, og tøffare enn Madrid. Hit kjem spanjolane frå fastlandet for å handle siste mote. Det er her mange av Spania sine trendar blir skapt.
For 20 år sidan var mange av husa tome, og dei lokale ville heller bu på landsbygda enn i byane.
Hovudstaden Palma de Mallorca er no ein av Middelhavet sine mest trendy storbyar.
Mallorca sin natur er veldig variert. Her er strand promenader, turkisblått hav så langt ein ser, og vakre appelsin- og oliven lundar i stor kontrast til den meir dramatiske naturen i fjella.

Maritim Galatzo Hotel: http://www.galatzohotel.com
Vi bur på fantastiske Maritim Galatzo Hotel, ved Costa de la Calma. Romma er moderne og delikate.
Hotellet ligg ca. 30 minutt frå flyplassen og  15 km frå Palma sentrum.
Frå hotellet til stranda i Paguera er det 2 km – ca. 20 minutt gå avstand.
Området rundt hotellet er perfekt for yoga.
Mellom yogaøktene nyt du eiga tid på denne vakre øya. Strender og blått hav, fjell og sjarmerande landsbyar.

Anette Eide Røsandhaug  er yoga lærar på reisa, og kjent og kjær for mange.
Ho har praktisert yoga i mange år og har undervist sidan 2009. Ho tok si første yogalærar sertifisering i 2012 i Hata yoga. I 2014 tok ho nok ei lærar utdanning og blei sertifisert i Ashtanga yoga, i tillegg har ho 140 timar workshops og kurs i Iyengar yoga.
Anette er utdanna sjukepleiar med god kunnskap om anatomi og korrekt tilrettelegging i yogapraksis.
For Anette er yoga blitt mykje meir enn trening. Det er ein livsstil som fargar tankar, haldningar og handlingar. Ho ynskjer å dele sin lidenskap med fleire – og at du og skal finne velvære, aksept, styrkje og ro ilag med henne – på yogamatta på Mallorca.

Denne veka vil gje deg:
2 daglege yoga økter, morgon og ettermiddag, med variert trening tilpassa ulike nivå.
Det blir varierte timar med ulike former for yoga. Anette har stor kunnskap og lærdom.