Vandring på pilegrimsvegen mot Santiago de Compostela 30. september - 6. oktober 2018

  • Dato

    30.09.2018

  • Lokasjon

    Santiago de Compostela

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 14.770,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 2700,-

  • På forespørsel,

    Ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå

«Pilgrimsveien til Santiago de Compostela har fanget en drøm hos det moderne mennesket.

Menneskets livsveier er en vandring, der møtet med det gode, det vakre og det sanne styrker håpet og livsmotet. Pilgrimsvandringen tilbyr et dypere fellesskap enn det vanlig turisme gjør. Den innebærer et møte med mennesker, landskap, myter og historier som åpner sanser og sinn. Her blir identitetsskapende tanker og ideer med røtter i europeisk kulturhistorie levende» Frå boka «Vandring i åpent landskap»

Med desse orda inviterer Travelnet Fjordane Reisebyrå deg med på Vandring langs Pilgrimsvegen til Santiago de Compostela.
Det er mange ruter og dagsetappar å velge mellom og vi har bede reiseleiaren vår, som kjenner området godt om å plukke ut nokre av dei ho synes er finast.
Vi skal vandre i eit storslått, vakkert og levande landskap, med store gardar, åkrar og frukthagar så langt auge kan sjå. Vegen går gjennom koselege landsbyar der vi kan ta siesta undervegs og vi overnatter på moderne hotell.
Vi møter mange andre på same veg, nokre ekte pilegrimar og andre slike som vi.  Ekte pilegrimar ber bagasjen sin sjølv, vi er luksuspilegrimar som får bagasjen vår frakta og bur på gode hotell med alle fasilitetar. Frukost og middag servert kvar dag.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 14770,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Tomt på lager

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 14.770,-
Tillegg for enkeltromKr. 2700,-

Inkludert i prisen:

  • Fly t/r Bergen- Madrid eller Bilbao
  • Transfer frå flyplass til hotel/retur
  • 1 kolli Innsjekka bagasje
  • 6 netter i delt dobbeltrom
  • 6 frukost
  • 7 middag
  • Buss og bagasje transport
  • Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, søndag 30. september

Gruppa møter turleiaren i god tid før avreise på Flesland.
Bussturen tek ca. 5 timar frå flyplassen til Leon. Slapp av og nyt det vakre landskapet. Undervegs stoggar vi for lunsj. Det vert og informasjon om vandringa vidare mot Santiago de Compostela.

Framme i Leon sjekkar vi inn på Hotel Silken Luis de Leon.
Hotellet ligg like utanfor Leon  gamleby og ca. 15. min. gange frå Katedralen.

Felles middag på hotellet.

Dag 2, måndag 1.oktober

I dag går turen frå Puente de Orbigo til Astorga, ca. 16 km
Bussen køyrer oss frå Leon til Obrigo der vandringa startar. Vi går i fint, ganske flatt terreng med småbakkar, gjennom skogar og i ope landskap på gode stiar. Innimellom er det litt asfalt før vi kjem fram til Astorga som ligg på ei høgde i landskapet. Her ventar bagasjen på oss og vi sjekkar vi inn på Hotel Spa Ciudad de Astorga
Hotellet ligg i sentrum like ved Gaudins episkopale palass og Santa Maria katedralen. Hotellet er eit flott herskapshus jugendstil.
Det vert tid å sjå seg om i byen, kanskje besøke katedralen, biskops palass eller besøke dei romerske ruinane før felles middag på hotellet.

Dag 3, tysdag 2. oktober

Vandringa i dag går frå Riego de Ambros til Poteferrada, ca 15 km vandring.
Bussen køyrer oss frå Astorga til El Acebo de San Miguel.
Fin nedstigning til Molinaseca som er ein koseleg liten by med gode små kafear for lunsjstogg
Vidare vert det vandring forbi vinranker og gjennom kastanjeskog. Landskapet er flatt, lett kupert i ope landskap.
I Ponteferrada skal vi bu på Hotel AC Ponteferrada
Hotellet ligg fint til i nærleiken av Santiago`s pilegrimsrute.
Felles middag på hotellet.

Dag 4, onsdag 3. oktober

Etter frukost har vi i dag ei lang vandring framfor oss Triacastela- Samos- Sarria, ca. 25 km.

Bussen køyrer oss til Triacastela der vi dei første 1 ½ km. går på asfalt, før vi skal inn på ein fin sti som snor seg gjennom landsbyar og skogar fulle av kastanje, eike og valnøtter. I Samos kan ein ete lunsj på benkar langs elva og nyte synet av det vakre klosteret som byen er bygd opp rundt. Turen frå Samos til Sarria går for det meste gjennom skog men siste delen i ope landskap med ein del asfalt. Flott lang dag.

Vi sjekkar inn  på Hotel Mendez Nunez

Hotellet ligg fint i sentrum med utsikt over den historiske byen. Felles middag på hotellet

Dag 5, torsdag 4. oktober

I dag er siste vandredag på Pilegrimsvegen.
Turen går frå Leboreisros til Melide- Arzua, ca. 20 km.
Bussen køyrer oss frå Sarria til Leboreiros.
Vi vandrar i fint lett terreng med blomstrande gyvel og røsslyng den årstida vi skal gå.
Vidare fram mot Arzua går stien i litt småkuppert terreng gjennom skogar og landsbyar.
Framme i Arzua ventar bussen som køyrer oss til hotellet vårt i Santiago de Compostela, Hotel Herradura, som ligg
10 min. gange frå den flotte Santiago de Compostela katedralen.
Felles middag på hotellet.

Dag 6, fredag 5. oktober

Etter frukost er det byvandring i gamlebyen som vert avslutta ved katedralen.
Dei som ønskjer det kan få oppleve pilegrimsmessa i katedralen klokka 12.
Resten av dagen til fri disposisjon, kanskje ete lunsj på ein koseleg kafé, rusle rundt i byen og ta inn inntrykk og stemningar frå gatelivet, arkitekturen og alle pilegrims vandrarane som samlast her.
På kvelden vert det felles middag på hotellet.

Dag 7, laurdag 6. oktober

Tidleg avgang frå Hotellet i Santiago for transport til flyplassen.