Vandring på Mallorca 7.-13. september 2019

-Opplev den vakre middelhavsøya til fots-

  • Dato

    07/09/2019

  • Lokasjon

    Mallorca

  • Avreise frå

    Oslo

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 13.990,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 2900,-

  • Fullteikna

    Turen er fullteikna, vi tek imot venteliste

    Ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå

Mallorca er eit av dei mest populære reisemåla for vandring i varmt og godt klima. Vi tek deg med til fjellkjeda Sierra de Tramuntana, som strekkjer seg langs heile vestsida av øya. Mange er bergtatt av Tramuntanafjella og kjem tilbake år etter år for å vandre i denne varierte og storslåtte naturen. Her dominerer pinjer, sypressar og oliven lundar, og sjarmerande landsbyar som byr på det beste av lokal kultur. Vi bur på eitt hotell under heile reisa – i vakre Puerto de Sóller.  Anbefaler ein tur til Palma, ein stolt by med spansk eleganse. Byen har ei sjarmerande blanding av gamalt og nytt. I den gamle bydelen finn  vi tronge gater og smug med små tapas-barar og flott arkitektur, og det er ei glede berre å være her og kjenne på den gode stemninga. Ved å kombinere vandringar med sol- og strandliv, vil du garantert kome heim med fullada batteri.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 13990.-

Depositum kr 2000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 13.990,-
Tillegg for enkeltromKr. 2900,-

Inkludert i prisen:

  • 6 overnattingar på Maritim Hotel i Puerto de Soller.
  • transfer t/r flyplass 
  • transport til og frå vandringar                                    
  • 6 frukost, 6 middag
  • 4 vandringar som i programmet
  • Lokal vandreguide
  • Turleiar Aud Lundeland

Dag 1, laurdag 7. september

Flyreise Oslo-Palma, Mallorca

Flyavgang frå Oslo kl. 09.35 med ank. Mallorca kl. 13.10
Her ventar buss som køyrer oss til Puerto de Soller og hotellet vårt Hotel Marina: http://www.hotelmarinasoller.com

Innsjekk på hotellet og rusletur i Puerto de Soller før første fellesmiddag på hotellet.

Dag 2, søndag 8. september

Deià – Kunstnarens by

Vandretid ca. 5 timar. Høgdeforskjel  opp 320m, nedover  220m. Lengde: 12 km.

Vi vandrar direkte frå hotellet – opp gjennom olivenlundane til byen Can Bleda. Turen går vidare til den idylliske kunstnarbyen Deià, på ein gamal pilegrimsveg med fantastisk utsikt – gjennom vakre olivenlundar. Vandringa byr på nydeleg utsikt over Middelhavet sitt turkise vatn og vidare ned til bukta Cala Deià. Her kan ein bade om det er tid før vi fortset vidare til sjølve Deià. Deià ligg vakkert til høgt oppe i fjellet på vestkysten av Mallorca. Her er det panoramautsikt over havet og dalsider med olivenlundar. Vi får tid til å gå rundt i dei smale gatene med ekte mallorcansk busetnad, små restaurantar, tapas-barar og små butikkar. Ein fryd for sansane.

Dag 3, måndag 9. september

Valldemossa – Erkehertugens Veg

Vandretid 5 timar. Høgdeforskjel, 550 høgdemeter . Lengde 10 km.

Etter ein god frukost på hotellet startar vi vår første vandring.
Vi har buss frå Puerto de Soller til Valldemossa.  Her går vi ein rundtur som vert avslutta med eit besøk i Valldemossa. På ein klar dag er dette ein av dei finaste turane på Mallorca. Ei litt utfordrande stigning  opp frå Valldemossa før vi er oppe på fjellplatået. Her er det eit ope og flott fjellterreng med flott utsyn i alle retningar, langs kysten sørover til Palma bukta. Turen følgjer for det meste ein steinsett og fin oppbygd rideveg, anlagt av den østeriske erkehertugen Ludwig Salvador på 1800- talet. Flott veg/ sti som er til stor glede for oss turgåarar.
Felles middag på hotellet.

Dag 4, tysdag 10. september

Cuber og El Barranco de Biniaraix

Vandretid 5 timar. Høgdeforskjel, opp 120m, nedover 800m. Lengde 12-16 km.

Etter frukost på hotellet i Port de Soller køyrer vi til Cuber-dammen.
Vi går den kjende kalksteinstrappa Barranc de Biniaraix , bygd på 16 hundre- talet, som er ein del av Pilgrims stien mellom Lluc og Soller. Her får vi ei av Mallorca sin flottaste utsikt over Middelhavet og den frodige Soller dalen, den eine appelsinlunden avløyser den andre. Her er terrasser med oliventre som klamrar seg til dei steile sidene i kløfta Es Barraanc.
Enkelte stader står eldgamle stalagmitt formasjonar som veks seg langsomt større under konstant drypping frå klippane.  Langs sida renn små elvar og fossefall, medan vi går trapp for trapp vekk frå sivilisasjonen
Der trappene sluttar går vi over på ein god sti som tek oss gjennom barskogen til eit meir ope landskap. Oppe ved Cuber-dammen går vi  i ope landskap på ein sti langs dammen. Etter en knapp time når vi skogen der vi går oppover til Coll de L’ofre. Vi passerer skaret L` Ofre og ser  Puig Major( 1.436m) som er høgaste toppen  på Mallorca. Den speglar seg i den smaragdgrøne innsjøen Cuber. Vandringa endar i byen Biniraix. Herifrå går vi siste stykkje inn til Soller. Middag på hotellet om kvelden

Dag 5, onsdag 11.september

Vandretid 4-5 timar. Høgdeforskjel 650 m nedover og 250 m oppover. Lengde 12 km.

Dagens vandring vil by på  både landsbygd og dramatisk kystvandring. Vi startar fotturen i fjella over Sóller og passerer olivenlundar og mindre gardar. Undervegs tek vi ei pause på den vakre garden Bàlitx d’Avall. Turen held fram oppover variert terreng og påskjønar oss med storslagen utsikt over det turkise havet, med fjella i ryggen. Vi vandrar nordover til bukta Cala Tuent. Her kan ein kjøpe lunsj – og nyte den med utsikt over havet. Etter lunsj er det fullt muleg å ta ein forfriskande dukkert i den bukta før vi tek båten heim.

Dag 6, torsdag 12. september

Dagen til fri disposisjon

Etter felles frukost er dagen til fri disposisjon.
Anbefaler ein tur til Palma.
Eller bruke dagen på stranda og samle mest mulig D-vitaminar før heimreise til hausten i Norge.

Felles middag på hotellet i Puerto de Soller siste kvelden før avreise.

Dag 7, fredag 13. september

Heimreisedag. Fly frå Palma til Oslo

God tid til frukost før vi sjekkar ut og reiser til flyplassen.
Flyavgang frå Palma kl. 15.50, ankomst Oslo kl. 19.25