Vandring i Andalucia , Sør Spania , 14.-21. september 2019

  • Dato

    14.09.2019

  • Område

    Andalucia

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 15.990,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 2500.-

Til fots langs vakre stiar på sørsida av Sierra Nevada sine fjell i Andalucía. Kvite landsbyar,  frodige terrassar og ravinar møter oss langs vegen. Her veks og trivast oliven-, sitron- og fikentre
-vakkert  mot ein bakgrunn av snødekte fjelltoppar. I tillegg til flotte naturopplevingane får vi eit innblikk i det gamle mauriske kongedømmet sin høgtståande kultur.
Det er frå Andalucia både tyrefekting og flamenco har sitt opphav. Ute ved kysten ligg feriebyane på rad og rekke, som kvite perler på ei snor – med shopping og strandliv.
Vi skal til Antequera og Ronda som ligg vest oppe i fjella. Alle turane er overkommelege om du er vant til å gå tur i Noreg. Kongestien «El Caminito Del Rey» er ikkje for dei med høgdeskrekk, men eit høgdepunkt vel verdt å ta med seg. Vi avsluttar reisa med ein dag ved kysten i Marbella, Spania sitt svar på St. Tropez.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15.990,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 15.990,-
Tillegg for enkeltromKr. 2500,-

Inkludert i prisen:

  • Fly Bergen – Malaga t/r
  • 1 kolli innsjekka bagasje
  • 7 netter i delt dobbeltrom
  • 7 frukostar, nistepakkar, 7 middagar
  • Inngang Plaza de Toros i Ronda
  • Transport i Spania
  • Lokal vandre guide i Spania
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, laurdag 14. september

Avreise frå Bergen kl. 06.05 ankomst Malaga kl. 10.05

Turen frå Malaga til Antequera tek ca. ein time. Innsjekk på Hotel Antequera før bussen køyrer oss til sentrum for omvising og lunsj på restaurant Plaza de Toro.
Etter dette har vi tid på eigahand før vi møtast til felles middag på hotellet.
Hotel Antequera ligg i utkanten av sentrum med kort veg til butikkar og restaurantar. Hotellet har gode rom, spa, svømmebasseng både ute og inne. Hotellet har sin eigen restaurant, Ghiottone, som har spesialisert seg på pizza og pasta. Dei serverar ein utsøkt buffé laga av lokale produkt. Felles middag på hotellet.

Dag 2, søndag 15. september

Vandring El Caminito Del Rey
Vandretid 3-4 timar. Lengde: 8 km.

Tidleg frukost på hotellet. Det blir utlevert nistepakke på hotellet. Avreise til Ardales, ca. ein times køyring. El Caminito Del Rey (The Kings path) er høgdepunktet på turen. Stien vart bygd tidleg på 1900-talet og etter at Spanskekongen besøkte anlegget i 1921 vart den deretter kalla Kongens veg. Frå parkeringa går vi ca. 30 minutt  fram til der El Caminito Del Rey startar. Det er ein flott sti med flott natur. Turen er ca. 9 km lang og ein startar øvst og går nedover. Sjølve El Caminito Del Rey er ca. 4 km. Alle går same veg, slik at det aldri blir trongt fordi det kjem folk i mot. I midten av turen går stien på landjorda og du går gjennom vakker natur. På slutten av turen må ein over ei hengebru som kan ta pusten frå dei fleste. Når ein kjem ned til El Chorro ventar bussen. Hugs drikke.
Tilbake på hotellet rekk du ein svømme tur i bassenget før vi møtast for middag på hotellet.

Dag 3, måndag 16. september

Vandring i El Torcal, Antequera – køyre til Ronda
Vandretid ca. 2,5 timar.

Etter frukost og utsjekk pakkar vi i bussen.  El Torcal ligg berre ein kort busstur frå hotellet. Dette er eit fasinerande fjellområde, nesten som eit månelandskap bygd av store legoklossar. Dette er ein fin fjelltur på eit par timar. Det er fleire løyper å gå, uansett er det ikkje noko lang tur. Det er litt ulendt men ikkje mange høgdemeter. Vi har med nistepakke frå hotellet og kan kjøpe kaffi undervegs.
Fjellet ligg ved Antequera.

Etter vandringa køyrer bussen til Ronda der vi sjekkar inn på Hotel El Tajo. Hotel Tajo ligger i hjartet av Ronda, berre 20 meter frå hovudgata Calle de La bola, og 300 meter frå den berømte Bull Ring og Puente Nuevo.
Hotellet vart totalrenovert i 2015.
Ronda er kjend for kløfta «El Tajo»  som deler byen i to med brua Puente Nueve som bind dei to bydelane saman. På den eine sida finn du gamlebyen og på andre sida er det shopping og restaurantar som står i fokus. Her finn du og Spania sin eldste tyrefektar arena som vart bygd i 1785. Etter innsjekk på hotellet møtes vi for byvandring i Ronda.
Felles middag på restaurant Meson el Sacristan.

Dag 4, tysdag 17. september

Setenil og Ronda

Tysdagen reiser vi til Setenil, ein by der turistane ikkje er i fleirtal. Dei fleste byane i fjella i Spania ligg gjerne på ein topp. Setenil derimot, ser ein ikkje før du er der – for den ligg nedi ei kløft. Mange av husa her brukar fjellet som tak. Anbefaler ein tur innom ein kafé for å sjå kor det ser ut inne i lokala. Byen er relativt liten så vi brukar ikkje lang tid på å utforske den, men sett deg gjerne ned på ein fortauskafé og nyt øyeblikket. Her treff du stort sett lokalbefolkning.

Frå Setenil køyrer vi til Bodega Don Felisa der vi får omvising, vin smaking og lunsj før vi køyrer tilbake til Ronda. Tid på eigahand i Ronda før vi møtes til middag på restaurant Abades.

 

Dag 5, onsdag 18. september

Vandring i Grazalema Nasjonalpark
Vandretid 4-5 timar

Etter frukost køyrer vi til Grazalema. Byen ligg på 830 moh og er ein av dei vakraste av dei kvite byane i Andalucia. Vi får omvising her før vi et felles lunsj.

Etter lunsj tek vi turen opp i Nasjonalparken der det blir ei vandring på 4-5 timar. Her er det høge fjell og tronge dalar og ei makelaus utsikt i alle retningar. Hugs å ta med nok drikke og noko å bite i. Vi er tilbake i Ronda sein ettermiddag.
Vi møtes for felles middag på returant Pedro Romero.

Dag 6, torsdag 19. september

Vandring Parauta – Igualeja
Vandretid ca. 2,5 timar

Etter frukost sjekkar vi ut frå Hotel El Tajo og blir køyrt til Parauta.
Dagens vandring går gjennom den vakre Genal-dalen. Kjent for sin gylne farger om hausten når kastanjetrea forbereder seg til vinteren. Her er ein omkransa av frodig vegetasjon, bekkar og små fossefall – den perfekte ramme for en dag i takt med naturen.
Ruta startar i dei små gatene i landsbyen Parauta kor bussen stoppar. Vi blir møtt av lokal guid, spesialistar på turar i skog og mark, tar gruppa med nedover ca. 3 kilometer til de kommer til Arroyo de los Granados. Herifrå er det ca. 2 kilometer oppoverbakke på merka stiar, gjennom kastanje-skogen. Etter ytterlegare 2 km nedover, kjem ein fram til den koselege landsbyen Igualeja. Her startar elva Genal sitt bukkeritt nedover dalen.
Etter fjellturen køyrer vi ut mot kysten til Marbella kor vi skal bu dei siste to nettene på Hotel San Cristobal. Hotellet ligg ikkje langt frå stranda så her rekk du kanskje ein dukkert før vi møtast til felles middag på hotellet.

Dag 7, fredag 20. september

Marbella

Vi avsluttar veka med ein dag på stranda, eller på shopping. Her kan ein vandre gatelangs i mange timar, eller berre sette seg på ein fortauskafé og sjå på folka som går forbi.
Lunsj på eigahand.
Felles avslutningsmiddag på hotellet.

Dag 8, laurdag 21.september

Heimreise
Tidleg frukost og avreise frå hotellet.
Flyavgang frå Malaga kl. 10.50 med ankomst Bergen kl. 14.40