Vandretur i Kroatia 21.-28. september 2019

  • Dato

    21.09.2019

  • Lokasjon

    Kroatia

  • Avreise frå

    Oslo

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 15.900.-

Kroatia er eit land med nydelig og variert natur. I Opatija finn vi glitrande krystallklart vatn – i nydelig kontrast til det grøne frodige landskapet som strekk seg opp mot dei kvite fjella.
Hotellet vi skal bu på heiter Remisens Grand Hotel Palace. Det ligg ved strandpromenaden med utsikt over havet.  Hotellet er eit godt utgangspunkt for vandringane vi skal ha i området rundt Opatja. Det blir 5 dagar med vandring i unik natur, blant anna til øya Krk. Vandretid per dag er mellom 3-5 timar, underlaget kan vere noko skiftande men for det meste går ein på gode stiar og turvegar. Området byr på ein spennande natur med eit mangfald av uvanlege plantar og bergartar, noko som har lokka biologar og geologar til området i fleire hundre år.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15.900.-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 15.900.-
Tillegg for enkeltromKr. 2000.-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Oslo- Pula t/r
  • 7 netter i delt dobbeltrom på Remisens Grand Hotel Palace
  • 2 kolli innsjekka bagase à 20 kg
  • 7 frukost, 6 middag, 5 lunsj
  • All busstransport under reisa
  • Alle utflukter nemnt i programmet
  • Lokal engelsk talande guide
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, laurdag 21. september

Avreise frå  Oslo Gardermoen  til Pula med Norwegian, avreise kl. 17.20
Busstransfer Pula- Opatija ca. 2 timar. m/ guide.
Innsjekk Remisens Grand Hotel Palace

Dag 2, søndag 22. september

Frukost på hotellet. I dag skal vi gjere oss betre kjende i området vi skal vere denne veka,- Opatija og omegn. Med oss vert lokalguide.
Opatija er eit flott  turistmål som ligg i sentrum av rivieraen. Her finn vi velhaldne offentlege hagar og ein opplyst 12 km lang kystpromenade, kjent som «Lungomare». Strendene og fontenene er eit fantastisk bakteppe for flotte villaer og hotell, som årleg tek i mot over 6000 gjester.
Lungomare går fra Volosko, den første byen vest for Rijeka, heilt til Lovran. Den femnar om  kysten langs Opatija, Icici og Ika, og er eit bindeledd som knyter saman desse byane.
Med havet på den eine sida og fjella på den andre, går stien forbi strender, marinaer, kafear, restaurantar og villaer frå 1800-tallet. Lungomare vert mykje nytta av lokalbefolkninga nesten hele året.  Turen vi skal gå tek om lag  1,5 timar (ca. 6 km) i kvar retning.Lunsj vert servert på en av dei lokale restaurantane.  Etter lunsj returnerer vi til Opatija. Det vert felles middag på hotellet om kvelden.

Dag 3, måndag 24. september

Frukost på hotellet. I dag er det vandreruta Vizinada – Motovun står for tur.
Vi køyrer  frå hotellet i ca   1,15 time før vi startar på vandringa. Turen  går langs Parenzana – som var ei smalspora jernbane. Denne batt saman Trieste og Porec, og  var i drift  frå 1902 til 1935
Turen startar i landsbyen Vižinada og sluttar i den attraktive middelalderbyen Motovun. Vi brukar omlag 3,5 timar på turen (ca 13 km). Vi går gjennom mektige skogar, frodige grøne enger og på stiar som kan by på mykje vakker natur.  Mykje tid til å nyte den unike floraen og faunaen i området vert det og. På slutten av vandringa vert det lunsj. Retur til hotellet og felles middag på kvelden.

Dag 4, tysdag 25. september

Frukost på hotellet før vi startar vandringa i dag som skal gå i Nasjonalparken Risnjak
Frå  Opatija til parken brukar vi ca ein time med buss,  fotturen tek ca. 4,5 timar
Nasjonalparken Risnjak er vakker. Her finn vi enger som badar i sola, mange
elvar, praktfulle åsar og fjell. I alt eit fantastisk landskap året rundt..
Isnjak-massivet skil seg  tydeleg  ut frå den grøne fjellskogen takka vere den kvite bergarta.
Herifrå er det vakker utsikt som strekkjer  seg frå 1528 m over havet, over Kvarner-bukta, Istria og Julian-Alpane i nabolandet Slovenia. Lunsj i dag – enkelt måltid vert servert på ei fjellhytte.
Middag på hotellet på kvelden.

Dag 5, onsdag 26. september

Frukost på hotellet før vi i dag skal til  øya KRK
Fra Opatija til Krk tar det ca. 1 time å køyre. Dette er den største øya i Kroatia
Det er ei mangfaldig øy, der det i nord er store enger og store lauvskogar til sør der det er eit særeige tørt og steinete landskap med nåletre i enkelte områder. Ruta vi skal gå frå  Punat – Obzova ligg i den sørlege delen av Krk.

Under vandringa fortel guiden litt om korleis dei levde i desse områda i tidlegare tider.
Vandretid i dag er ca. 4 timar.
På slutten av vandringa vert det lunsj før vi returnerer til Opatija og middag på hotellet.

Dag 6, torsdag 27. september

Frukost på hotellet før vi startar på den siste vandringa denne veka,  i fjellpartiet Ucka
Køyretid frå Opatija til startpunkt  tar ca. 30 minutt
Učka er det einaste fjellet i Dinaric fjellkjeda som strekkjer  seg nordaust- sørvest. Dei bratte fjellsidene viser ulike bergartar, skog og gras sletter, og kan by  på spektakulær utsikt frå toppen. Det er også mange vasskjelder og busetnad i nærleiken av sjøen. Dette gjer Učka unik og spesiell. Fjellet er like flott å sjå frå innlandet i Istria, Rijeka eller Gorski Kotar, samt fra øyane Kvarner. Sjølvsagt er det endå vakrare å utforske fjellet der vi skal vandre. Det er ikkje vanskeleg, då hele Učka er samanvevd med eit rekkje nettverk av fjellstiar.
Dette området har vore besøkt av tilreisande forskarar i mange år. Den første registrerte oppstigninga av Ukaka topp vart gjort i 1722 av Zanichelli, en botanikar frå Venezia.  Turen vil ta ca. 3-4 timar. Det vert lunsj før retur til  Opatija og hotellet vårt. Felles middag på kvelden.

Dag 7, fredag 27. september

Etter frukost er dagen til eigen disposisjon. Bade, sole seg, shoppe eller berre rusle rund å nyte dagen. Kanskje samlast til ein felles lunsj i byen om det er stemning for det..
Felles middag på kvelden.

Dag 8, laurdag 28. september

Etter frukost har vi enno nokre timar før transferbussen tek oss tilbake til flyplassen i Pula og heimreise til Norge. Det kan vere aktuelt å ta ein spontan tur med reiseleiar eller berre slappe av.
Flyet har avg. Kl. 20.40 og lander på Gardermoen kl. 23.20