Trondheim og Røros, med spelet Elden, 27.-31. juli 2019

med Olavsfestdagane i Trondheim

  • Dato

    27.07.2019

  • Lokasjon

    Trondheim

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    5 dagar

  • Pris

    Kr. 9800.-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr. 2600.-

  • Påmeldingsfrist:

    På denne turen er det påmeldingsfrist 3. mai 2019

Olavsfestdagane ber vidare ein tradisjon frå 1962, då ein starta med Olavsdagane. Heile veka gjennom, er det eit omfattande  program i Nidarosdomen, og pilegrimar frå fjern og nær vel å kome til eit  av Nord-Europa sine  få internasjonale pilegrimsmål.

Det er eit yrande folkeliv på torget. Vi reiser nordover for å få med oss litt av alle tilbod som er å finne i Trondheim desse dagane.

Elden er eit norsk, historisk musikkspel skrive av Arnfinn Strømmevold og Bertil Reithaug, som vert sett opp i spektakulære omgivnader midt i verdsarven Røros. Sjå omtale nede i programmet.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 9800,-

Depositum kr 1500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 1.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 9800,-
Tillegg for enkeltromKr. 2600,-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Firda Billag
  • 4 netter i delt dobbeltrom
  • 4 middag , 1 nattmat
  • 3 lunsj
  • Billetter til spelet Elden
  • Lokal guide som skissert i program
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, laurdag 27. juli

Førde- Stryn- Trondheim 524 km

Vi reiser frå Førde , via Byrkjelo- Stryn og over Strynefjellet til Grotli. Ein liten strekk på beina før vi køyrer neste etappe til  lunsj på Skeid Kro, Bismo. Vi gjev oss god tid, og nyt god mat
Vidare går turen over mot Sel, Dombås og over Dovre.
Det vert tid for ein stogg på Dovregubbens Hall, og kaffi for dei som ynskjer å kjøpe seg dette
Vel framme i Trondheim sjekkar vi inn på Scandic Hotel Nidelven. Felles middag

Dag 2, søndag 28. juli

Trondheim

Etter frukost vert vi møtt av lokal guide som tek oss med rundt i Trondheim. Byrunda går mellom anna til  Nidarosdomen, som er den nordlegaste middelalder katedralen i verda. Katedralen vart bygd i 1070, og har ein imponerande arkitektur. Vi tek ein tur innom Den Gamle Bybrua,  også kalla «lykkens portal»,  bygd første gong i 1681 i samband med Kristiansten Festning.  I dag er brua eit av Trondheim sine karakteristiske kjenneteikn.  Vi har ein felles lunsj før  resten av dagen er til eigen disposisjon, turleiar vil vere tilgjengeleg og kome med forslag. Det er Olavsfestdagane, og for dei som ynskjer å ha med seg konsertar eller foredrag er det eit stort og rikhaldig program å velje frå. Program og billettar er å finne på denne nettsida; www.olavsfestdagane.no
På torget er det liv og røre, og utstillingar av mange slag. Etter ein opplevingsrik dag, er det felles middag på hotellet.

Dag 3, måndag 29. juli

Trondheim- Røros 292 km

Etter ein roleg morgon går turen til verdsarvbyen Røros. Vi køyrer mot sør, og ved Støren svingar vi av og tek vegen vidare gjennom Gauldalen til Røros. Men før vi kjem til Røros, tek vi ein avstikkar til Sverige, til Funesdalen. På Vauldalen fjellhotel kan vi ta ein stogg, her kan den som ynskjer kjøpe seg kaffi og noko å bite i.
Når vi kjem over grensa til  Sverige er det store mulegheiter for å gjere ein god handel. Eller kanskje berre slappe av på ein kafè?
Framme på Røros sjekkar vi  inn på Røros Hotel. Hotellet har eit flott badeanlegg/spa avdeling, nytt høvet til ein tur i badeanlegget. Hotellet ligg ca 10 – 15 min i gåavstand frå gågata i Røros, som er vel verd å sjå. Felles middagsbuffè på hotellet

Dag 4, tysdag 30. juli

Røros

I dag skal vi oppleve litt av Røros. Lokal guide tek oss med på tur i Bergstaden som sidan 1980 har vore på UNESCO si verdsarvliste.
Det blir Bergstadvandring og eit besøk i Røros Kyrkje.
Røros er eit levande samfunn, og midt i verdskulturminnet finn vi eit spennande kunsthandverkmiljø, mange små butikkar og fleire verkstad-utsalg. Her finn vi  god dokumentasjon frå gruvedrifta med Slegghaugan, Olavsgruva og Rørosmuseet.
Vi har ein roleg dag på Røros, med tid til å sjå seg om i Bergstaden, før vi har felles middagsbuffè på hotellet  kl.18.30.
Avreise til Spelet i god tid før dørene opnar kl. 20.00. Spelet startar kl. 21.30 og varer til ca midnatt. Tilbake på hotellet får vi servert varm suppe før vi går til ro for natta.
 

KRIGENS MENINGSLØSHET

Elden er et norsk, historisk musikkspill skrevet av Arnfinn Strømmevold og Bertil Reithaug som settes opp i spektakulære omgivelser midt i verdensarven Røros.

Slegghaugene danner en majestetisk scene for dramatikken som utspiller seg i kveldstimene i månedsskiftet juli/august. Elden tar oss med tilbake til 1718–1719 da 10 000 svenske soldater med general Carl Gustaf Armfeldt gikk mot Trondheim for å ta over Norge, etter ordre fra Karl XII. Under ledelse av general De la Barre ble hundretalls av soldatene sendt til Røros – hvor store deler av handlingen utspiller seg. Da Karl XII ble skutt, startet de svenske soldatenes tilbaketog til Sverige. Dødsmarsjen – hvor 4 000 soldater frøs i hjel på vei over grensefjella mot Sverige – er en sentral del av musikkspillet Elden.

Elden er eit av dei mektigaste og mest publikumskjære utespela vi har i Norge, og har dei siste åra gått for fulle tribuner kvar kveld. Tilbake på hotellet får vi servert varm suppe før vi går til køys.

Dag 5, onsdag 31.juli

Røros- Førde , 539 km

Etter innhaldsrike dagar på Røros, går turen over Venabufjellet mot Ringebu. På Lom tek vi ei god lunsjpause. Kanskje vert det tid til ein kort tur innom «bakeriet på Lom», her er det smakfulle bakeverk å få kjøpt. Vidare reiser vi tilbake over Sognefjellet, til Turtagrø. Ein liten pause her, og  råd for å kjøpe seg kaffi. Tilbake i Førde utpå kvelden.