Treningsreise med Yngvar Andersen til Toscana 19.-26. september

Prøv livet som toppidrettsutøvar – for ei veke!
– det gjev meirsmak, og mykje energi!

  • Dato

    19.09.2019

  • Lokasjon

    Toscana

  • Avreise frå

    Oslo

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 15.990,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 1800,-

  • Få plassar att

    Få plassar att, doble rom, ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå

Vakkert bølgjande landskap, søvnige, små og pittoreske landsbyar, gamle rustikke vingardar
– det er ikkje rart at Toscana er kjent verda over for sitt vakre landskap.
Landskapet er perfekt for trening. Løpe trening mellom vinranker, intervall på ei sandstrand, styrketrening på grøne enger blir rein fornøyelse. Dette er veka du får leve som topp-idrettsutøvar. Gå til duk og dekka bord – berre med tanke på deg sjølv. I løpet av denne veka hentar du ny energi, bli sterkare og kjem i betre form – under kyndig rettleiing frå Yngvar. Det er to treningsøkter kvar dag. Treningsopplegget høver for både kvinner og menn.  Kvar enkelt vil få gode råd om smarte måtar å trene på. Vi har treningsreiser med  avgrensa tal deltakarar, noko som fører til god individuell  oppfølging.  Kombiner gleda av å bruke kroppen aktivt to økter kvar dag med sosialt fellesskap, fellesmåltid med lokal mat og drikke, utflukter, sol og bad.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15990,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

6 på lager

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 15.990,-
Tillegg for enkeltromKr. 1800,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Oslo – Pisa t/r
  •  Buss transfer flyplass – hotell t/r.
  •  7 netter i delt dobbeltrom på Riva del Sole
  •  Utflukt
  •  7 frukostar, 6 middagar
  •  Trening med Yngvar Andersen
  •  Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Yngvar Andersen

Yngvar Andersen har trening som passar like godt for mann som for kvinne.
Målet er å bli sterkare, raskare og ei  betre utgåve av seg sjølv. I den grad dette er ein konkurranse – konkurrerer ein berre mot seg sjølv.
Alle får med gode råd til vidare trening på eiga hand heime, tilpassa kvar enkelt.

Fleire og fleire ynskjer ein aktiv ferie der ein kombinerer reise, opplevingar og sosialt samvær med aktivitet.
Trening står i fokus både morgon og ettermiddag. Det er ei treningsøkt før frukost og ei ettermiddagsøkt. Alle treningane er utandørs – så snart veret tillèt det. Mellom øktene er det tid på eiga hand. Då er du fri til  soling og bading og til å utforske nærområdet på eiga hand.
Det sosiale er ein viktig del av reisa med felles frukost og middag.

Toscana

Italia sitt skattkammer. Vakkert bølgande landskap med vinmarker og frodige olivenlundar,  små søvnige pittoreske landsbyar, gamle rustikke vingardar – det er ikkje rart at Toscana er kjent verda over.
i tillegg til dette har Toscana eiga kystlinje kor det ligg små badebyar, både kjente og ukjente. Her samlast badelystne frå heile Europa for å nye sol og nydelege sandstrender.
Vi skal bu i byen Castiglione della Pescaia som ligg ca. 1.5 times køyring frå Pisa. Byen har ei eiga strand og ligg på toppen av ein ås med utsikt over Elba og Giglio. I tillegg til muligheter for sol og bad byr byen på ein interessant historie. Dette pregar byen sitt sentrum med ei  middel alder borg midt i sentrum.
Det er ikkje utan grunn at Castiglione della Pescaia er ein av dei mest besøkte byane i Toscana.
Riva del Sole https://en.rivadelsole.it er hotellet vårt denne veka.
Anlegget ligg i ein granskog – like ved havet med direkte tilgang til stranda.
Sentrum av Castiglione della Pescaia ligger berre et par kilometer frå hotellet.

Treningsmål

Treningsmål for veka

Yngvar er ein av dei som har lengst erfaring med å vere personleg trenar i Norge. Han starta sin eigen treningskjede Mykjemeir alt i 2005. I 2015 solgte han bedrifta for å få tid til det han likar best av alt: inspirer og lære folk å trene, ha ein sunn livsstil og bevege seg meir i kvardagen. Dette gjere han gjennom foredrag, work shops og treningsreiser.

Yngvar har sjølv kjent på kroppen kor viktig det er med bevegelse, trening og eit bra kosthald. Både fysisk og mentalt. Yngvar veit kor fantastisk det er å ha ein sunn kropp som spelar på lag.
I løpet av ei veke med intensiv trening skal du kjenne deg sterkare og i betre form – enn då du reiste. Men mykje ny energi.
Yngvar viser oss smarte måtar å trene på. Han finn gode treningsalternativ som ein kan bruke i nærmiljøet og for trening utandørs. Ein treng ikkje eit treningssenter for å kunne trene godt. Det vi har rundt oss av natur er ofte vel så gode treningsarenaer.