Tokt med Galeasen Loyal til Orknøyene og Fair Isle 26.mai-03.juni 2019

– med Dag Lindebjerg –

  • Dato

    26.05.2019

  • Lokasjon

    Orknøyene

  • Avreise frå

    Hjellestad ved Bergen

  • Lengd

    9 dagar

  • Pris

    Kr. 15.200,-

  • Tillegg pr person i lugar

    Kr 1600,-

På nytt vil vi invitere vi dykk med på ei tokt med Galeasen Loyal.

LOYAL vart bygd bygd i 1877 i Hardanger og var i hovudsak bygd med tanke på fiskehandel ved Island og Nordland, der veret kunne setje store krav til skutene. Det var mange av jektene som havarerte, og galeasane tok meir over då dei var større og meir sjødyktige. Ho mellom anna brukt til å frakte sild frå Island, klippfisk til Chile, og har vore i New York med kopar til Frihetsgudinna. No går Loyal i komersiell fart, og intensjonen er å ivareta og vidareformidle sjøfartstradisjonane på ein levande måte.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15200,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 15.200,-
Tillegg pr person i lugarKr. 1600,-

Eventuelle tilleggsbestillingar legg du til når du har lagt til turen i handlekorga.

Inkludert i prisen:

  • Hjellestad – Kirkwall – Fair Isle  – Hjellestad
  • 8 netter i Banja
  • kost og losji
  • Transfer (traktor) på Fair Isle
  • Transfer buss som skissert i programmet på Orknøyane
  • Inngangsbillettar i samsvar med program
  • Kjentmann Dag Lindebjerg

Dag 1, søndag 26.mai

Hjellestad/Bergen – Fair Isle
Avreise frå Hjellestad/Bergen kl. 10.00. Turen går vestover og vi vil bruke rundt 36 – 40 timar over til Kirkwall og Orknøyane. Dette kan avvike eksempelvis ved motvind.
Lunsj og middag ombord på Loyal.

Dag 2, måndag 27. mai

På sjøen, ankomst Kirkwall rundt midnatt..
Heile dagen på sjøen. Ankomst Kirkwall på kveld / natt.
Lunsj og middag ombord på Loyal.

Dag 3, tysdag 28. mai

Kirkwall (eller Kirkevågen som det ein gang heitte)
Dagen skal brukast i Kirkwall. Dag Lindebjerg tek oss med på ei runde i sentrum og vi vil få høyre om Jarlar og tida Magnuskatedralen låg under Nidaros. Det vil også bli høve til litt tid på eigahand.
Lunsj og middag ombord på Loyal.

Dag 4, onsdag 29.mai

Rundtur Orknøyane
Etter frukost vert vi henta med buss turen går fyrst til steinringen Ring of Brodgar, i tillegg skal vi i dag vitje steinruinane og utgravingane ved Scara Brae, vi får sjå naturen, køyre Churchill Barriers og vitje Italian Chapel. Ein innhaldsrik rundtur.
Lunsj undervegs og middag om bord på Loyal.

Dag 5, torsdag 30.mai

Segltur Kirkwall til Fair Isle
Avreise frå Kirkwall blir vurdert utifrå ver/vind. Vi reknar å bruke heile dagen.
Lunsj og middag ombord på Loyal.

Dag 6 og dag 7, fredag 31.mai og laurdag 1. juni

Turar på Fair Isle
Vi skal bruke to dagar på å utforske øya. Fair Isle er ca. 5,6 km2 og har ca. 60 fastbuande. Øya er 4,8 km lang og 2,4 km brei på det breiaste og ligg langt ute i havet mellom Shetland og Orknøyane. Vi skal bruke tida på Fair Isle godt til å bli godt kjent med øya og få eit innblikk i kvardagen til nokre av dei som bur her. Tradisjonelt har landbruk og fisking vore det flest lever av, men kvardagen til folk er meir samansett enn dette. I løpet av året er det mange som vitjar øya. Særskilt grunna det rike fuglelivet, men også grunna det verdskjende «Fair Isle knitting», eit av verdas mest kjende strikkemønster. Både handverk og turisme er derfor for mange ein del av kvardagen. Vi får høyre historier, møte folka vitje både museum, kyrkje og den lokale butikken. Det blir fottur og traktortransport.
Lunsj og middag ombord på Loyal begge dagar.

Dag 8, dato søndag 2. juni

Avreise heimover (tidleg morgon)
Heile dagen på sjøen.
Lunsj og middag ombord på Loyal.

Dag 9, måndag 3. juni

Ankomst Hjellestad
Det er berekna ankomst Hjellestad ca. kl. 10.00, dette kan endre seg med ver og vind.