Sri Lanka, 8.-20. juni 2018

I samarbeid med Sunnfjord Folkehøgskule, Sogn og Fjordane KFUK og Førde Sokneråd

  • Dato

    08.06.2018

  • Lokasjon

    Sri Lanka

  • Avreise frå

    Oslo Gardermoen

  • Lengd

    13 dagar

  • Pris

    Ca kr. 19.500.-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 4500.-

Sri Lanka vart kåra til verdas reisemål i 2013 av Lonely planet. Landet er ei natur- og kulturperle med heile 8 stader på Unescos verdsarvliste.    
Til dette spennande reisemålet inviterar Sunnfjord Folkehøgskule i samarbeid med Travelnet Fjordane Reisebyrå dykk med på ein mangfaldig kultur og naturoppleving.
Her står høgdepunkta i kø og i løpet av desse dagane vert det mange intrykk.
Reisa er ikkje berre for å oppleve natur og kultur, men for å møte på det omfattande kristne og sosiale arbeidet som vert drive av YMCA på Sri Lanka.
Vi skal besøke Kamam Folk High School og treffe fleire av elevane som har vore på Sunnfjord Folkehøgskule dei siste åra.
Turleiar og kjent kvinne på reisa er Jorun Knapstad, rektor ved Sunnfjord Folkehøgskule.

Turpris ca kr 19.500,-

Prisar

TurprisCa Kr. 19.500,-
Tillegg for enkeltromKr.4500,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Oslo til Sri Lanka t/ret, Emirates
  • skatt og avgift
  • Transport under opphaldet
  • Visum til Sri Lanka
  • Overnatting på Sri Lanka i 3* og 4* hotel
  • Full pensjon 9.-17. juni
  • Aktivitetar som skissert i program
  • Lokale guidar
  • Reiseleiar Jorunn Knapstad

Denne turen går med Emirates flyselskap, og har mellomlanding i Dubai begge vegar. Avgang frå Gardermoen er kl.14.30, Oppmøte seinast kl. 11.30.
Vi landar på Sri Lanka 9. juni kl. 08.40.
Returen går frå Sri Lanka 20. juni kl. 03.15, med ankomst Oslo Gardermoen 20. juni kl.12.30.
Reisa til og frå Gardermoen må kvar enkelt ordne sjølv.

Fullstendig program får du ved å henvende deg til Jorunn Knapstad, Sunnfjord Folkehøgskule.

Praktisk informasjon:

Pass: må vere gyldig 6mnd etter ankomst Norge, altså minst til 20. desember 2018. Ved endring av namn, pass på at rett namn står i pass.
Valuta: valuta på Sri Lanka er Rupees. 1 krone =17-20 rupees. Minibank fungerer greit, husk endre regionsperre på kortet før utreise.
Helseråd: Ingen spesielle vaksiner for reise til Sri Lanka. Råd finn de på www.fhi.no. Medisiner du brukar til dagelg må du ha med i godt merka orginalemballasje
Reiseforsikring: Alle må ha reiseforsikring.
Kle: På Sri Lanka er det varmt året rundt, vi skal i fjellområda som kan vere litt kaldare. Pass på å ha kle som dekkjer kne og skuldrar når du vitjar heilage stader.
Tryggleik: Sunnfjord Folkehøgskule har beredsakpsavtale med Sjømannskyrkja
Telefon/opplading av kamera: Retningsnr til Sri lanka er +94. Ta med adapter for å lade opp telefon og kamera.

Påmelding:

Du sender påmelding til emailadresse: rektor@sunnfjord.fhs.no

Oppgje følgjande:
1 Fullt namn slik det står i pass
2 Fødselsdato
3 Passnummer
4 enkelt eller dobbeltrom
5 Oppgje sum og dato for innbetaling på kto 3700.05.10034 (Sunnfjord Folkehøgskule)
– merk med Sri Lanka 2018
6 Namn på den du deler rom med. Oppgje forsikringselskap og polisenr på reiseforsikring
-når påmeldinga er mottatt vi du få kvittering på e-post

Betaling og fristar:
Påmelding kan skje så lenge det er ledig plassar og inntil betalingsfrist går ut 30. mars 2018
Påmelding er gyldig og registrert når turen er betalt eller når betalingsdokumentasjon ligg føre. Siste frist for betaling av reisa er 30. mars 2018

Avmelding:
Avmelding før 30. mars, gebyr kr 3000.-
Avmelding mellom 31. mars og 30. april , gebyr kr 5000.-
Avmelding frå 1. mai, ingen refusjon