RCCL Cruise med Jewel of the Seas 8.-15. juli 2018

  • Dato

    08.07.2018

  • Lokasjon

    Italia

  • Avreise frå

    Citaveccia , Roma

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 11.990,-

Når du reiser på cruise med Jewel of the Seas kan du sjå fram til ei avslappande reise på eit moderne og luftig skip med stor komfort. Skipet har aktivitetstilbod som til dømes treningsklassar og introduksjonsdykk i bassenget, fasilitetar som minigolfbane, joggebane, basketballbane og klatrevegg.
Du kan slappe av ved eit av fleire basseng, både under open himmel eller inne i solarium. I Spa avdelinga kan du velje mellom ei rekke behandlingar.
Om kvelden tilbyr skipet show inspirert av Broadway og fleire nattklubbar, barar og loungar. Jewel of the Seas har også eit stort utval av restaurantar – alt frå den uformelle hamburger-restauranten til grillrestaurant, bufférestaurant og ein italiensk à la carte-restaurant

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 11990,-

Depositum kr 3000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 3.000,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 11.990,-

Inkludert i prisen:

  • 7 netter i delt utvendig dobbel lugar med balkong
  • full pensjon ombord

For fullstendig  informasjon om cruisehamner undervegs, og tips om stadane , ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Dag 1, søndag 8. juli

Citaveccia, Roma
Innsjekk på Jewel of the Seas, skipet seglar kl 17.00.
Vi seglar frå Italia mot den Franske Riviera.

Dag 2, måndag 9.juli

Cannes, Frankrike
Velkomen til den franske riviera! Ein gong ein liten fiskelandsby, som no er vertskap for Cannes Filmfestival og all glamour som følgjer med det. Her kan ein og dra til Monte Carlo som er heim for luksushotell, Casino og Formel 1 Grand Prix.

Dag 3, tysdag 10.juli

Ajaccio, Corsica
Ajaccio ligg langs vestkysten av Korsika og er omringa av mange flotte strender, himmelhøge fjell og vakker natur. Ta ein spasertur langs vatnet, gjennom dei maleriske gatene og opplev nokre av dei mange stadane og torga i Ajaccio

Dag 4, onsdag 11. juli

Barcelona, Spania
Vandre langs Las Ramblas, utforsk brusteinsgatene i det gotiske kvarteret eller besøk Gaudis uferdige meisterverk, Sagrada Familia. Deretter kan du ta ein spasertur rundt Gaudis Parc Guell, ein praktfull oase av plantar, tre og bygningar.

Dag 5, torsdag 12.juli

Palma de Mallorca, Spania
Mallorca er den største øya av dei spanske Balearene i Middelhavet, og ligg like utanfor kysten av Spania. Øya si kystlinje er prega av ei rekkje små holer og vakre strender. Palma de Mallorca er hovudstaden i Balearene og nesten to tredjedelar av den totale befolkninga bur i Palma. Antalet aukar sterkt om våren, då øya er ein favoritt blant europeiske ferierande.

Dag 6, fredag 13. juli

Cagliari, Sardinia (Italia)
Sardinia har nokre av dei reinaste strendene i Italia, samt ei fascinerande samling av gotisk og barokk arkitektur. Besøk gamlebyen og gå i dei tronge gatene innanfor by veggane, den fløymer  over av sjarm og nostalgi.

Dag 7, laurdag 14. juli

segling til havs
Den siste dagen på denne reisa er til sjøs. Ein kan nyte dagen om bord med alle fasilitetane som skipet har.
Det er god tid til sol og bad mellom aktivitet og måltider.
Vi samlast til felles middag laurdag kveld i restauranten.

Dag 8, søndag 15. juli

Civitaveccia, Italia
Jewels of the Seas legg til kai i Civitavecchia kl.05.00 søndag morgon.