Portugal 22.-29.juni 2019

Stemingingsfulle Lisboa og eksklusive Estoril

  • Dato

    22.06.2019

  • Lokasjon

    Portugal

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 14700,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 3100,-

Portugal har vore turistreisemål i lang tid, det vakre landskapet, små landsbyar, hyggjeleg folkeslag og flott natur gjer dette til eit perfekt feriemål. Turen vår går til den vesle og eksklusive byen Estoril, der vi skal bu under opphaldet. Vi bur på Hotel Londres, som ligg kun nokre hundre meter frå ei flott strand, og ca 15 min frå fiskarlandsbyen Cascais Under opphaldet skal vi ha fleire utflukter, vi skal mellom anna til den stemningsfulle storbyen Lisboa,  til Sintra og eventyrpalasset Pena Palacio, til «den kvite byen» Obidos, og  vi skal vitje ein vingard der vi får smaksprøver. I tillegg vert det tid til sol og bad på dei fine strendene i Estoril/Cascais

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 14700,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 14700.-
Tillegg for enkeltromKr. 3100,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen –Amsterdam- Lisboa t/ret
  • Skatt og avgift
  • 1 kolli innsjekka bagasje
  • Transfer frå flyplass til hotel/retur
  • 6 netter i delt dobbeltrom Hotel Londres
  • 6 frokost, 3 lunsj, 2 middag
  • Vinprøving
  • Inngangsbillettar iflg program
  • Utflukter iflg program
  • Reiseleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, laurdag 22.juni

Turen startar frå Bergen Flesland,  med flyavgang kl. 06.30 via Amsterdam til Lisboa
Her ventar transferbusssen som tek oss til hotellet vårt i Estoril, Hotel Londres http://www.hotelondres.com/hotel-londres
Vi sjekkar inn på hotellet, og slapper av før felles middag.

Dag 2, søndag 23.juni

Vi skal utforske litt av Lisboa. Halvdags utflukt,  ein panorama tur til denne flotte storbyen
med lang historie, og ein by full av sjarm. Den gamle bydelen Alfama, er ein labyrint av smale brusteinsgater, trapper og smug. Her er det små kafear, kanskje høyrer vi  fadomusikken i bakgrunnen?
Oppdagelses monumentet er stort og flott der det rager 50 m over bakken.  Castelo de Sao Jorge er eit maurisk slott som ligg på ei høgde, med ei fantastisk utsikt, og ein stor turistattraksjon.
Vi skal til bydelen Belem, der vi mellom anna finn Belemstårnet og Jeronimos Kloster. Her tek vi ein kaffistogg på eit tradisjonelt bakeri, og får teste typisk bakverk frå Lisboa
Vi nyt ein god lunsj i fellesskap før vi har avreise tilbake til Estoril. Ettermiddag og kveld på eiga hand.

Dag 3, måndag 24. juni

Heildagsutflukt til Sintra og Cascais

Sintra  står på verdsarvlista, og er eit populært reisemål. Dei ulike bydelane ligg spreidd, og byen kan gje inntrykk av å vere liten, men det er 33000 innbyggjarar her. Det er den gamle bydelen som er av størst interesse.
Her skal vi til eventyrpalasset Pena Palacio, som ruvar på ein bakketopp. Slottet er ca 150 år gamalt, og skulle på den tid vere ein sommarresidens for den portugisiske kongefamilien.
Transferbuss tek oss opp til slottet i Pena parken, som er eit flott rekreasjonsområde. Her finn vi også mange små innsjøar, og i minst ein av dei har svarte svaner funne sin plass. Vi et lunsj på ein høveleg stad.
Vidare skal vi til eit nytt høgdepunkt, Quinta la Regalia. Det første vi ser er det flotte palasset der vi kan rusle rundt, men meir interssant er kanskje hagen, men sine mange gåtefulle byggverk, mellom anna ei kyrkje, tårn, fontener og underjordiske labyrintar. Å vandre rundt her er ei magisk oppleving.
Det er eit stykke å gå frå bussen, ca 800 m, men om eit tek tida til hjelp, skulle dette gå bra!
Det er ikkje lagt inn felles middag i dag, men den som ynskjer kan slå seg ilag med reiseleiar som vil kome med forslag på etestad.

Dag 4, tysdag 25.juni

Vi reiser til Lisboa, i dag med lokaltog frå Estoril
Vi utforskar meir av denne fine byen med sine spesielle trikkar, mange smug og trange gater.
Reiseleiar vil finne ein høveleg stad for lunsj for dei som ynskjer. Elles er det muleg å rusle litt rundt på eiga hand og kanskje shoppe litt? Ettermiddag til eigen disposisjon, tilbake reise med tog til Estoril (tog ikkje inkludert i pris)

Dag 5, onsdag 26. juni

Denne dagen er fridag, kanskje eit tur på ei av dei vakre strendene? Reiseleiar vil vere tilgjengeleg og kome med tips og forslag, mellom anna til stad for middag.

Dag 6, torsdag 27.juni

Obidos, den kvite byen. Vi skal på heildagutflukt til denne middelalderbyen som ligg ca 97 km frå Estoril. Byen vart grunnlagd i år 308 fKr,  av maurarane, og er i dag på Unesco si verdsarvliste. Å  gå rundt i dei pittoreske gatene her, kjennast som ei reise i tid. Santa Maria kyrkja frå 1600 talet, er fantastisk flott dekorert med blå og kvite fliser, og eit fantastisk skue.
Etter mange inntrykk , går turen vidare til vingarden Agricola  do Sanguinhal . Vi får ei omvisning med smaksprøver og lunsjbuffè, før vi tek turen tilbake til hotellet. Middag på eiga hand.

Dag 7, fredag 28. juni

Vi har ein roleg dag, og det er fri til sol og bad eller utforske staden. Turleiar vil vere tilgjengeleg og kome med forslag. På kvelden er det avslutningsmiddag med portugisisk aften. Vi skal  oppleve portugisisk folklore, med fado musikk og tradisjonell mat på Cascais em Fado ,  som ligg ca 2km frå hotellet, ein fin spasertur.

Dag 8, laurdag 29. juni

Heimreisedag

Vi vert henta på hotellet i god tid før avreise, og sjekkar inn på flyplass for heimreise til Norge.
Tilbake i Bergen kl. 22.50