Perler i Nord, lesartur med Firda Tidend, 8.-12. august 2018

-med Senja, Sommarøy og Tromsø-

  • Dato

    08.08.2018

  • Lokasjon

    Troms

  • Avreise frå

    Sandane

  • Lengd

    5 dagar

  • Pris

    Kr. 16.500,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 1495,-

Vi skal igjen til den nordlege delen av Norge. Turen går med direktefly frå Bergen til Tromsø.
Ole Holmestrand får Enjoy Travel har lagt opp ei fin rundreise, der vi får oppleve både Senja, Sommarøy og Tromsø
Vi veit at desse turane er populære, så vil du sjå meir av det vakre landet vårt, nøl ikkje med påmelding.

Vi ynskjer oversikt over interesse seinast 12. mars 2018

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 16500,-

Depositum kr 3000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 3.000,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 16.500,-
Tillegg for enkeltromKr. 1495,-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Sandane til Flesland og retur
  • Bergen – Tromsø t/ret med WF og SAS
  • Skatt og avgift
  • 1 kolli à 23 kg innsjekka bagasje, 8 kg handbagasje
  • Transferbuss flyplass-hotel t/ret
  • 1 natt i delt dobbeltrom på Thon Hotel Polar
  • 2 netter i delt dobbeltrom på Arctic Hotel Sommarøy
  • 1 natt i delt dobbeltrom på Scandic Ishavshotel  i Tromsø
  • Alle reiser som skissert i program, med buss og båt
  • Inngangsbillettar tilsvarande program
  • 4 frokost
  • 3 lunsj
  • 4 middag
  • Reiseleiar Ole Holmestrand frå Enjoy Travel
  • Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå
  • Journalist frå Firda Tidend

Teknisk arrangør: Enjoy Travel

Dag 1, onsdag 8. august

På morgonkvisten startar vi avreisa frå Sandane, og set kursen mot Bergen og Flesland.
I lunsjtid sjekkar vi inn på direkteruta som går til Tromsø. Widerøe har flyavgang kl. 14.30 med ankomst Tromsø kl. 16. 30 Etter knappe to timar i lufta, ser vi den vakre nordnorske kysten med sine skarpe fjell og vakraste skjergard. Etter ei lang reise, vert det godt å sjekke inn på Thon Hotel Polar i Tromsø. Felles middag

Dag 2, torsdag 9. august

I dag skal vi oppleve den nest største øya i Norge. Etter frukost tek vi hurtigbåt frå Tromsø til Finnsnes. Senja er kjent for sitt varierte landskap, og vert ofte kalla eit Norge i miniatyr. Yttersida er prega av dramatiske fjell som stuper rett ned i havet, men også av ein idyllisk skjergard og flotte strender.
Øya har ein serie med kjende og flotte attraksjonar, men før vi tek  fatt på godbitane skal vi ete lunsj på «Yttersia», på Hamn i Senja. Langs Nasjonale Turistvegar finn vi Senjatrollet, Tungeneset, «Gulldassen», Bergsbotn utsynsplattform og fiskeværet Husøy.  Øya Husøy ligg nær fiskefelta, og ligg så verhardt til at husa må bardunerast fast i bakken. I 2008 fekk Husøy stor merksemd via TV2 programmet «da damene dro».
Vi takkar farvel til Senja og kryssar fjorden med ferje. Nokre km seinare køyrer vi ut på Sommarøy og Hillesøy. Ein god middag ventar oss på Arctic Hotel Sommarøy, eit vidunderleg hotel i den vakraste skjergarden.

Foto: Roger Ellingsen

Dag 3, fredag 10.august

Denne dagen skal vi vie fullt og heilt til Sommarøy sine praktfulle omgivnader. Vi vandrer rundt i «værret», vitjar den lokale kjøpmannen, vi er innom Kongeparken og ikkje minst spaserer vi på dei korallkvitaste  strender. Med båt reiser vi ut blant holmar og skjer, og ser flotte Hekkingen fyr. Det vert også tid til ein liten topptur på Hillesøya for dei som ynskjer å sjå øyriket frå fjellet. Til lunsj vil hotellet varte opp med ein god buffèt, og på kvelden ventar nok ein fortreffeleg middag i godt lag.

Foto: Nasjonale turistvegar

Dag 4, laurdag 11. august

Vertskapet på Arctic Hotel Sommarøy serverer frukost før vi set kursen mot den arktiske hovudstaden Tromsø. I dag får vi lære meir om Norge si polarhistorie på det informative Polarmuseet. Det vert også besøk på eit forskningsbasert akvarium, med panoramafilm og mating av sel som ein del av opplevinga. Ein av byen sin eldste og spesielle attraksjon er ølhallen. I gamle dagar var dette ein stad kun for menn, men på denne reisa skal absolutt også damene få sjå korleis Mack produserer ølet sitt. Vi får også smaksprøver. Lunsjen i dag vert ei oppleving i seg sjølv, vi skal ete på Emmas Drømmekjøkken, der  kongefamilien vår har fått servert signatur retten mange gonger.

Innsjekk på sentralt hotel i Tromsø, og felles avslutningsmiddag på kvelden

Foto: Gøran Mikkelsen

Dag 5, søndag 12. august

Vi takkar vår nordlege landsdel for denne gong, og finn vegen til Tromsø Lufthavn der vi sjekkar inn på direkteflyet til Bergen. Her ventar turbuss frå Firda Billag, og reisa til fjordfylket kan starte. Tilbake på Sandane tidleg kveld

Foto: Bård Løken, Tromsø