Orknøyane og Shetland 28.juli- 4.august 2018

Med Dag Lindebjerg

  • Dato

    28.07.2018

  • Lokasjon

    Orknøyene

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 20.950,-

Ei reise til Orknøyene og Shetland er ei reise attende i historia. Folket her har sterke band til Skandinavia heilt frå vikingane inntok øyane for meir enn 1000 år sidan.  Her finn vi eit vakkert, grønt landskap og vi skal vitje mange historiske attraksjonar saman med Vesterhavs-entusiast Dag Lindebjerg.  På heile turen nyt vi god mat og eit gjestfritt folkeferd i vakre og rolege omgjevnader. Vi inviterer deg med på ei eventyrreise i til øyane vest i havet

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 20950,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

8 på lager

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 20.950,-
Tillegg for enkeltromKr. 2990,-

Inkludert i prisen

  • Flyreise Bergen – Kirkwall, retur Shetland – Bergen
  • Flyskattar og avgifter, pr. 01.november 2017
  • Transferbuss og annan busstransport på Orknøyane og Shetland
  • 7 netter i delt dobbeltrom/lugar med frukost
  • Ferjebillett Kirkwall til Lerwick
  • Inngangsbillettar i samsvar med program
  • Lokal guide som i program
  • Middag som skissert i programmet
  • Lunsj som skissert i programmet
  • Kjentmann Dag Lindebjerg
  • Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, laurdag 28.juli

Bergen Kirkwall, via Shetland

Flyturen går frå Flesland kl. 15.25 med ankomst Kirkwall,«hovudstaden» på Orknøyane, kl. 15.40 lokal tid.  Her skal vi bu på The Orkney Hotel. På veg frå flyplassen vil Dag Lindebjerg starte introduksjonen av desse øyane og etter innsjekk samlast vi for ein prat om turen.
Det vert felles middag Orkney Hotel.

Dag 2, søndag 29. juli

Kirkwall, Lamb Holm, Burray og South Roalsay
Etter frukost kan dei som vil, bli med Lindebjerg med på ein liten rusletur til i sentrum. Han viser oss borga som frå gamalt av var tilhaldsstad for både Orknøy jarlar og biskopar.
Dag Lindebjerg  lærer oss meir om Kirkwall – eller Kyrkjevågen- som den heitte medan Orknøyane var ein del av Noreg. Seinare vert vi henta med buss (ved hotellet) for ein tur sørover. På turen vitjar vi mellom anna  Italian Chapel. I den vesle bygda St. Margarets Hope får vi servert lunsj.
Felles middag på hotellet.

Dag 3, måndag 30. juli

Historisk rundtur på Orknøyane
Denne dagen køyrer vi vestover til dei 5-6000 år gamle minnesmerka etter dei første busetnadane på Orknøyane. Lindebjerg skal i dag ta oss tett på mykje av historia til dette området. Vi skal vitje både steinalderlandsbyen Skara Brae og dei kjende steinringane på Brodgar. Vidare køyrer vi til Strømness  som er kvalfangst- og sildebyen på Orknøyane, i tillegg er hummarfiske viktig her.
Undervegs på turen har vi felles lunsj på Orney Brewery.
Tilbake i Kirkwall, etter ein heil dag på tur, får vi servert middag på Orkney Hotel.

Dag 4, tysdag 31. juli

Meir Kirkwall/Orknøyane, ferja frå Kirkwall til Lerwick.
Etter frukost har Lindebjerg endå litt meir han vil ta oss med på  av Orknøyane.
Vi skal ta ferja ein liten tur ut til Shapinsay. Her på Smithy Cafe får vi servert lunsj. Tilbake i Kirkwall skal vi til fots vitje til Highland Park – det nordlegaste whisky destilleriet i verda og den viktigase eksportbedrifta på Orknøyane og vi skal også sjå den vakre Magnuskatedralen, bygd på 1100- talet.
Tilbake i Kirkwall et vi middag på Orkney Hotel, før vi sjekkar inn på Northlink Ferries.
Natta bruker vi til å forflytte oss nordover til Shetland og Lerwick.

Dag 5, onsdag 1.august

Lerwick og utflukt til Scalloway
Etter ankomst Lerwick går vi over vegen til hotellet vårt Shetland Hotel. Her får vi sette ifrå oss bagasjen og vi får servert ein god frukost.  I dag skal vi bli betre kjent med «hovudstaden» Lerwick. Vi skal  mellom anna innom festninga Fort Charlotte og Shetlandsmuseet. Det spesielle rådhuset har heile den norske Shetlands historia på veggane, og  Dag  Lindebjerg  vil fortelje oss meir om dette. Lunsj blir servert på Marell Cafe i Lerwick.
Felles middag på Shetland Hotel.

Dag 6, torsdag 2. august

Rundtur nord på Shetland
Etter  ein tidlig frukost starar vi  utflukt nordover til øya Unst og byen Haraldsvik. Harald Hårfagre kom seglande inn hit år 875 og Haraldsvik vart den fyrste staden i Storbritannia som vart erobra av ein norsk konge. Vi skal vitje Vikingsenteret og museet i Haraldsvik. Etter lunsj håper vi på eit besøk på Valhall Bryggeri, eit bryggeri som driv etter dei gamle viking-tradisjonane når det gjeld ølbrygging.  Besøket er noko usikkert pga. nye eigarar.  Vi skal også ein tur «til fjells» dersom veret tillèt det og få utsyn mot fyret på øya Muckle Flugga som er det nordlegaste punktet i Storbritannia. På dagens rundtur tek vi ferje til øyane Yell og Unst og får høve til å nyte den vakre naturen frå sjøsida.
Felles lunsj undervegs og på veg heim får vi servert verdas beste Fish’n Chips på Frankies Brea.
På kvelden serverer hotellet eit enklare måltid.

Dag 7, fredag 3. august

Rundtur sør på Shetland.
Etter frukost vert vi henta av buss og turen går til Sumburgh Head som ligg heilt på sydspissen av Shetland. Vi får sjå på det kjende fyret som ligg flott til på denne halvøya med klippar på begge sider. Vi skal også vitje ruinbyen Jarlshof, med restar av hus frå både steinalder og vikingtid, samt ta turen til den utruleg vakre øya St. Ninian, øya med den kvite stranda, som bind øya og «fastlandet» saman. På ettermiddagen reiser vi til den «norske» byen Scalloway, der vi mellom anna finn museet for «Shetlandstrafikken» under 2. verdskrigen.
Lunsj undervegs og felles middag  på Shetland Hotel i Lerwick.

Dag 8, laurdag 4. august

Heimreise

Heimreise frå Sumburgh (Shetland)kl 11.30 med ankomst Flesland, Bergen kl.13.40