Lesartur til Shetland med Firda Tidend, 24.-28.august 2019

-med Dag Lindebjerg som kjentmann-

  • Dato

    24.08.2019

  • Lokasjon

    Shetland

  • Avreise frå

    Sandane

  • Lengd

    6 dagar

  • Pris

    Kr. 11.990,-

  • For meir informasjon

    Ta direkte kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå

I 2019 går lesarturen til Shetland – øyane i vest som har tette band til Noreg og til nordmenn. Heilt frå vikingane inntok øyane for meir enn 1000 år sidan har nordmenn segla fram og tilbake. Særskilt under 2. verdskrig var banda ekstra tette. Det har dog budd folk på Shetland lenge før vikingane – der har budd folk sia 3000 år f. Kr.
Ein kortversjon av heile denne historia er det Dag Lindebjerg ønskjer å formidle til oss. Han vil vise oss historiske stadar, la oss helse på folka, nyte naturen og smake på maten. Vi får sjå og høyre om dei viktigaste plassane for nordmenn under krigen.  Vi inviterer deg til å bli med på ei eventyrleg reise til øyane vest i havet.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 16575,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

6 på lager

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 16.575.-
Tillegg for enkeltromKr. 1000,-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Firda Billag t/r Sandane – Flesland
  • Flyreise Bergen – Shetland t/r
  • 1 kolli innsjekka bagasje pr prs à 20kg
  • Flyskattar og avgifter, pr. 01.november 2018
  • Transferbuss til hotellet og annan busstransport på Shetland
  • 4 netter i delt dobbeltrom med frukost
  • Inngangsbillettar i samsvar med program
  • Måltid som skissert i programmet
  • Kjentmann Dag Lindebjerg
  • Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå
  • Journalist frå Firda Tidend

Dag 1, laurdag 24. august

Sandane – Bergen – Shetland
Avreise frå Sandane Rutebilstasjon kl. 07.45 , med ankomst Flesland ca. kl. 13.00. Avreise med fly frå Flesland kl. 15.35. Ankomst Sumburgh kl. 15.40 lokal tid. Vi blir henta med buss på flyplassen og køyrd dei ca. 45 minutta til Lerwick. Vi sjekkar inn på Queens Hotel i gamledelen av Lerwick. Hotellet er i gamal engelsk stil. Før middag samlast vi for ein rusletur i sentrum.

Dag 2, søndag 25. august

Rundtur nord på Shetland
Etter tidlig frukost startar vi dagen med avreise nordover til øya Unst som lenge var den viktigaste øya på Shetland. Bygda Haraldsvik på Unst har fått namnet sitt fordi Harald Hårfagre kom seglande inn hit år 875. Haraldsvik vart den fyrste staden i Storbritannia som vart erobra av ein norsk konge. Vi skal vitje Båthuset og museet i Haraldsvik. Om veret tillèt det, tek vi også ein tur «til fjells» og får eit utsyn mot fyret på øya Muckle Flugga – det nordlegaste punktet i Storbritannia. I dag får vi også høyre ein del om Shetlands-Larsen og basen dei hadde på Lunna House under krigen.
Det vert felles lunsj undervegs og på veg heim får vi servert verdas beste Fish’n Chips på Frankies Brea. Om kvelden serverer hotellet eit enklare måltid.

Dag 3, måndag 26.august

Lerwick
I dag skal vi bli betre kjent med «hovudstaden» Lerwick. Vi skal fyrst på Shetlandsmuseet, deretter vert det lunsj og meir tid til å sjå oss litt rundt. Dag Lindebjerg er med ei heil runde som lokalguide i sentrum. På ettermiddagen vil det verte høve til å rusle litt på eiga hand.  Felles middag på Shetland Hotel.

Dag 4, tysdag 27.august

Sumburg – St. Ninian – Scalloway
Etter frukost går turen sørover -til Sumburgh Head som ligg heilt på sydspissen av Shetland. Vi får sjå på det kjende fyret som ligg flott til på denne halvøya med klippar på begge sider. Vi skal også vitje ruinbyen Jarlshof, med restar av hus frå både steinalder og vikingtid, samt at vi tek turen til den utruleg vakre øya St. Ninian, øya med den kvite stranda, som bind øya og «fastlandet» saman. På ettermiddagen reiser vi over til den «norske» byen Scalloway, der vi mellom anna finn museet for «Shetlandstrafikken» som var under 2. verdskrigen.
Lunsj undervegs og felles middag  på Shetland Hotel i Lerwick.

Dag 5, onsdag 28.august

Heimreise

Flytider heimreise; avgang kl. 13.35 frå Sumburgh (Shetland) med ankomst Flesland kl. 15.50.
Frå Flesland køyrer bussen oss tilbake til Sandane. Berekna ankomst i Førde ca. kl. 20.30 og på Sandane ca. kl. 22.00